Gå til innhold
Arkivverket

Herbrand Eriksen - fødd Hemsedal 1889 - skreddar Drammen - Gol - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ved eit skifte i Solvorn i Sogn frå 1926 var ei av ervingane ei Marie Andersdotter Øvretun, fødd i Hafslo 3.2.1888. I 1926 vart ho oppgjevi gift med ein H. Eriksen og busett på Gol.

 

Etter ein del blaing i kyrkjebøkene for Gol fann eg at ho var gift med ein skreddar med namn:

 

Herbrand Eriksen. Han var fødd på Huso i Hemsedal 14.12.1889 og var 1910 skreddarlærling i Drammen (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=0602&kenr=007&bnr=0046&lnr=01)

 

Eg fann ein son fødd på Gol:

 

* Erik, fødd på Furuheim 25.4.1917, vart konfirmert same stad i 1932.

 

Eg har ikkje funne vigsli til Herbrand og Marie, korkje på Gol eller i Hemsedal.

 

Kanskje er det nokon som dreg kjensel på desse namni og som hjelpa meg finna:

 

* Dato og stad for vigsli deira?

 

* Kvar vart det av dei etter 1932? Dødsfalli deira?

 

* Fekk dei fleire born enn den eine sonen Erik?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboki for Gol har skaffa litt fleire opplysningar om denne huslyden:

 

Marie Eriksen døydde på Gol i 1931.

 

Sonen Erik Eriksen døydde på Gol i 1934.

 

Men dei hadde òg ei dotter:

 

Martha Eriksen, fødd på Gol 17.7.1920. Faren Herbrand Eriksen og dotteri Martha flytte siste på 1930-talet til Oslo der Herbrand gifte seg att med ei Inga Sandstøl, som eg freister identifisera gjennom eit anna tema i Brukarforum. Herbrand døydde i Oslo i 1959!

 

Dotteri Martha Eriksen gifte seg i Oslo med ein som heitte Johannessen, og det kan vera fristande å tru det er ho som ligg på Austre Aker, og som døydde 11.4.1999, MEN gravstøtta kan tyda på at det IKKJE er ho...? Eg veit ikkje...

 

Dødsfalli på Gol er det nok ikkje so godt å få tak i utan kyrkjebøkene, men kanskje Aftenposten har ein dødsannonse for Herbrand Eriksen frå 1959?

 

Eller kanskje finst han i adressebøker for Oslo?

 

Kanskje skal me greia å spora opp denne huslyden tross alt?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Elin for observant innlegg!

 

Eg har òg lagt merke til at Marie er kalla Halvorsen då Martha vart døypt i 1920 og stussa òg veldig på det, men eg trur det må vera ein skrivefeil. Sikkert der det jo at Martha høyrer til denne huslyden! Carsten fann jo dødsannonsen til Herbrand Eriksen i Oslo frå 1959, og der står det "Martha og Asbjørn" (Johannessen)!

 

Elles er det nok "vår" Marie du har funne i FT1910 i Bergen, ingen tvil om det, sjølv om fødselsdatoen ikkje stemmer heilt... Eg har lagt inn spørsmål om vigsli i Arkivforum både for Marie og søsteri, so får me sjå... Herbrand var jo i Drammen i 1910, men eg har i dag blatt gjennom samtlige vigselsprotokollar for Drammen og Strømsø 1910-1917, og der vart dei IKKJE gifte!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.