Gå til innhold
Arkivverket

Andreas og Søvrine Nilsen i Oslo 1926


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ved eit skifte i Solvorn i Sogn frå 1926 var ei av ervingane ei Søvrine Andersdotter Øvretun, fødd i Hafslo 20.2.1890. I 1926 vart ho oppgjevi gift med ein køyrekar Andreas Nilsen og busett i Oslo.

 

Det er vel mest som å leita etter ein nål i ein høystakk, men eg er optimist av natur og trur det sit ein eller annan som kan hjelpa meg identifisera denne Andreas og kanskje supplera med litt fleire opplysningat om dette parfolket? Vigsel? Dødsfall? Born?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I adresseboka for Oslo 1955 finnes ei Severine Nilsen, enkefru, Sarpsborgg.12. Det er ingen andre Nilsen på samme adr.

 

Aftenposten 22-1-1969, anmeldte dødsfall 20-1-1969: Husmor Severine Nilsen, f.1890.

 

Aftenposten 21-1-1969:

 

Vår kjære mor, svigermor, mormor og farmor, oldemor og søster Severine Nilsen sovnet stille inn idag, Oslo 18.januar 1969.

 

Athur

 

Signe og Lorang

 

Thor og Liv

 

Barnebarn og oldebarn og øvrige familie.

 

Bisettes i Østre Krematorium, Lille kapell, lørdag 25.januar kl.10.45

 

Men er det riktig Severine???

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan være riktig ja, for i Aftenposten av 11-12-1952 finnes et dødsfall meldt 9.desember: Kjørekar Andreas Nilsen f.1887.

 

I samme utgave finne dødsannonsen:

 

Min kjære mann, vår snille far, svigerfar og bestefar Andreas Nilsen døde stille idag, Oslo 8.desember 1952.

 

Severine Nilsen

 

Arthur, Signe, Thor.

 

Svigerbarn og barnebarn.

 

Bisettes i Det gamle krematorium lørdag 13.desember kl.12.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for imponerande innlegg! Og eg som trudde denne kanskje var heilt vonlaus å finna...

 

Men, er det mogeleg å finna fleire detaljar om desse folki? Vigsli til Severine og Andreas, opphavet hans, og meir om borni...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Eg trur nok du har funne den riktige Severine i Bergen 1910, men Andreas Nilsen er eg langt mindre sikker på... Har du søkt etter Andreas Nilsen i heile Noreg med fødselsåret 1887? Elles stemmer det vel ikkje heilt at han var lærling på ein mekanisk verkstad om han sidan var køyrekar...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt imponerande innlegg! Eg oppfattar det som heilt utruleg at du greier å finna slike opplysningar! Ingrid Monsdotter frå Luster hadde eg som gift i Nittedal i 1915; so fekk eg retta opp det ogso!

 

Kanskje finst borni til Andreas og Severine døypte på Sagene òg, men det er vel ikkje so lett å finna...

 

Når det gjeld opphavet til Andreas Nilsen, ser det komplisert ut, og eg vil leggja det inn som eige tema!

 

Med venleg helsing,.

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt imponerande innlegg! Eg trudde ikkje Maridalsveien var ein del av Sagene, men då er det slik...

 

Men, hvis Signe var eldste barnet DEIRA, då er det eit spørsmål om eldste sonen Arthur kan vera ein som ho hadde "frå før"?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg fått greie på følgjande:

 

Signe Marie Nilsen var gift med:

 

Lorang Robert Syversen

fødd på Sagene, Christiania 16.8.1912 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=686&idx_id=686&uid=ny&idx_side=-221)

døydde i Oslo 14.7.1972 - gravlagd Nordre Gravlund

 

Signe Marie Syversen

fødd på Sagene, Christiania 12.8.1917

døydde i Oslo 2.11.2008

 

Då er me komne eit skritt nærare, men let det seg no gjera finna dødsannonsene deira?

 

Innførsler i Oslo adressebok?

 

Hjarteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 18-7-1972:

 

Min inderlig kjære mann, vår snille pappa, svigerfar, bestefar, bror, svoger og onkel Lorang Robert Syversen sovnet stille inn idag, Oslo 14.juli 1972.

 

Signe

 

Grethe og Tore

 

Kari og Ivar

 

Torill og Felix

 

Bisettes i Østre krematorium lille kapell, torsdag 20.juli kl.12.15

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. Aftenposten av 6-11-2008 døde Signe Marie Syversen, f.12-8-1917, på Akerselva sykehjem 2-11-2008

 

Grethe

 

Torill og Dave

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nyttige og spennande opplysningar!

 

Er det mogeleg å identifisera Lorang i adresseboki for Oslo 1955?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lorang R. Syversen, lagerm. (Johs.Linde) Roverudsg. 15

 

Aftenposten 21-7-1972:

 

Bisettelse.

 

Selger Lorang Robert Syversen ble bisatt i Østre krematorium lille kapell igår. Det ble lagt ned kranser fra hustru, barn, svigerbarn og barnebarn og fra Hjemmets kolonihager og beboere i Roverudg. 15

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt godt innlegg. Då har me "plassert" Lorang yrkesmessig...

 

No lyt eg freista komma i kontakt med ei av døtrene hans...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011.

 

Eg har diverre ikkje greidd å finna fram til døtrene etter Lorang og Signe Syversen. So lenge dei står utan etternamn i dødsannonsene, er det ikkje lett!

 

Eg har heller ikkje funne fleire spor etter Arthur eller Thor (Liv) Nilsen. Eg har blatt igjennom kyrkjebøkene for Sagene frå 1916 til 1922, men finn ingen av dei der. Samstundes ser eg at Arthur må ha vore eldre enn Signe, og då klan det vera eit spørsmål om han var fødd FØR Severine gifte seg? Kanskje har han ein annan far og eit anna etternamn? Kan han heita Øvrethun? Adressebøkene vil kunna seia noko om dette....?

 

Eg ser det er ein Thor Yngve Nilsen på Alfaset kyrkjegard, fødd 26.8.1920, som døydde 14.8.1992

 

Det er òg ei Liv Margrethe Nilsen på Vestre Gravlund, fødd 14.4.1919, som døydde 27.8.2005.

 

Eg ser forresten det er svært få personar i gravferdslistene med namnet Thor (eller Tor) Nilsen, og endå færre som heiter Liv Nilsen, so kanskje dei kan sporast gjennom adressebøker?

 

Eg vonar at kanskje einkvan kan ha ein glup idé om korleis me kan komma på spor etter etterkomarar etter denne huslyden og takkar igjen for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Jeg bistår Lars litt med komplettering av noen familier fra Solvorn i hans bygdebok nr. XI fra Luster. Med hans tillatelse tar jeg derfor opp igjen denne tråden fra 2011 og mai 2013. Jeg har kjørt meg helt fast og håper det er noen på forumet som kan komme med nye ideer og/eller nye opplysninger som kan føre til at manuset om denne damen fra Solvorn blir komplett. Her er hva vi har foreløpig:

 

7. Severina Andersdotter Øvrethun, f. 20.2.1890,

Severine Andersen flytte òg i ung alder som tenestejente til Bergen, men gifte seg på Sagene i Christiania 9.1.1916 med Andreas Nilsen, opphavleg frå Smedbøl i Ås. Han var son av husmann og arbeidar Nils Theodorson på Smedbølplassen under Smedbøl, opphavleg frå Labu søndre i Vestby, og kona Anna Marie Martinsdotter frå Løkken under Eltorn i Hurum og f. i Ås 3.3.1887, men dels oppvoksen som pleiebarn på Stubberud i Frogn. Andreas var køyrekar, og han og Severine vart buande i Christiania (Oslo) levetidi ut. Andreas d. i Oslo 8.12.1952, medan Severine Nilsen d. same staden 18.1.1969. Dei fekk tre born i lag:

a. Arthur (mest trolig sønnen hennes (eller hans) fra tidligere ....Hvor født???

 

##### (fleire namn?)

 

Andreasson Nilsen, f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1969)

 

##### (oppl.? – nemnd utan kone 1952)

 

b. Signe Marie Andreasdotter Nilsen, f. i Christiania 12.8.1917, d. på ein sjukeheim i Oslo 2.11.2008. Signe gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Lorang Robert Johanson Syversen frå Oslo, f. i Christiania 16.8.1912. Han d. i Oslo 14.7.1972.

 

##### (yrke og bustad? – lagerarbeidar eller seljar – Oslo!)

 

##### (talet på søner og døtrer? – fire døtrer – 1972: Grethe (Tore), Kari (Ivar) og Torill (Felix)

– 2008: Grethe og Torill (Dave))

 

c. Thor

 

##### (fleire namn?)

 

Andreasson Nilsen, f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1969!)

 

Thor gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Liv

 

##### (fleire namn? – førenamn til far hennar? – jentenamn?)

 

frå

 

##### (kvar oppvaksi?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1969!)

 

##### (yrke og bustad?)

 

##### (talet på søner og døtrer?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
  • 3 måneder senere...

Etter mykje om og men har eg no motteke nesten fullstendige opplysningar om denne huslyden, berre to vigselsdatoar manglar, og desse er tekne opp under eitt av dei andre emni i Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/191093-hjelp-til-%C3%A5-finna-to-vigsler-i-oslo-kanskje-aftenpostens-kunngjeringar/).

 

MEN, eit anna interessant temja her er dødsfalli til dei tre borni i 1922.  Eg har før leitt etter desse dødsfalli i dødsmeldingslistene for Christiania, men utan å finna dei registrerte der (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27233/44/).  No har eg motteke desse dødsdatoane frå kyrkjelyden Sagene, men dødsårsaki seier dei ikkje noko om...  So er spørsmåli:

 

* Kva var dødsorsaki?

 

* Kvifor manglar borni i dødsfallsprotokollen?

 

Her følgjer oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Severina Andersdotter Øvrethun, f. 20.2.1890,

Severine Andersen flytte òg i ung alder som tenestejente til Bergen, men gifte seg på Sagene i Christiania 9.1.1916 med Andreas Nilsen, opphavleg frå Smedbøl i Ås.  Han var son av husmann og arbeidar Nils Theodorson på Smedbølplassen under Smedbøl, opphavleg frå Labu søndre i Vestby, og kona Anna Marie Martinsdotter frå Løkken under Eltorn i Hurum og f. i Ås 3.3.1887, men dels oppvoksen som pleiebarn på Stubberud i Frogn.  Andreas var køyrekar, medan Severine dreiv kolonialforretning.  Dei vart buande i Christiania (Oslo) levetidi ut.  Andreas d. i Oslo 8.12.1952, medan Severine Nilsen d. same staden 18.1.1969.  Dei fekk seks born i lag:

a. Arthur Andreasson Nielsen, f. i Christiania 29.6.1916, d. på eit sjukehus i Oslo 3.8.1976.  Arthur gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – Lilleborg hausten 1940?)

 

     med Solveig Eleonore Thollefsdotter Hansen frå Oslo, f. i Christiania 9.3.1915.  Ho d. på eit sjukehus i Oslo 29.7.1967.  Arthur var industriarbeidar, medan Solveig ei tid var butikkdame.  Dei budde i Oslo og fekk to born i lag.

b. Signe Marie Andreasdotter Nilsen, f. i Christiania 12.8.1917, d. på ein sjukeheim i Oslo 2.11.2008.  Signe gifte seg i Sagene kyrkje i Oslo 1.8.1936 med Lorang Robert Johanson Syversen frå Oslo, f. i Christiania 16.8.1912.  Han d. i Oslo 14.7.1972.  Lorang var lagerekspeditør, og han og Signe budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk tre døtrer i lag,

c. Gerd Andreasdotter Nilsen, f. i Christiania 16.2.1919, d. i Christiania 10.2.1922.

d. Anker Øvretun Andreasson Nilsen, f. i Christiania 12.5.1920, d. i Christiania 9.2.1922.

e. Else Andreasdotter Nilsen, f. i Christiania 10.8.1921, d. i Christiania 23.2.1922.

f. Thor Andreasson Nilsen, f. Christiania 5.7.1924, d. i Sandvika i Bærum 26.3.2005.  Thor gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – før 1949?)

 

     med Liv Reidun Pettersdotter Hanssen frå Tromsø, f. i Tromsø 28.10.1921.  Ho d. på Stabæk i Bærum 27.7.2005.  Thor var typograf, medan liv var kontordame.  Dei budde mange år i Tromsø, men flytte sidan til Sandvika i Bærum.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Anker og Gerd i dødsfallsprotokollen som nr 317 og 318, men ingen dødsårsak.

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. II, Dødsfallsprotokoll C 11 , 1921-1923, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27311/128/

 

Else som nr 397, men ingen dødsårsak der, heller.

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. II, Dødsfallsprotokoll C 11 , 1921-1923, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27311/134/

 

Mvh Bente

 

Endret av Bente L. Skjager
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente for nyttige oppslag!  Då kan me berre slå fast at dødsfalli finst registrerte i sjølve protokollane, men IKKJE i registeret.  Dette tykkjer eg er oppsiktsvekkjande og eit signal om at dødsfallsprokollane for Christiania treng meir merksemd.  Eg har før vore på leiting etter andre dødsfall, som rett og slett ikkje finst i registeret!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barn ble ikke registrert i dødsfallregisteret før fra ca 1923-1924, uvisst av hvilken grunn

Var dette spesielt for Kristiania tro.....

Endret av Solveig R Håklev
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.