Gå til innhold
Arkivverket

Hakestad (Hagestad) i Ulvik

Jostein Knighta Bø
 Del

Recommended Posts

Knud Knudson Sysen og Maritha (Martha) Wambheim gifte seg i juni 1819 og busette seg på Øvre Hakestad i Ulvik og tok då namnet Hagestad. Dei fekk her 8 born. Ein av desse var Nils, f. 16.9.1828. Som 18-åring reiste Nils på lofotfiske og traff der Margrethe Elisabeth Hansdotter som han gifte seg med 1849. Seinare reiste dei til Amerika og busette seg til sist i Eau Claire County i Wisconsin. I går kom plutseleg eit oldebarn av Nils og Margrethe til Bergen og imorgon skal eg køyra dei til Ulvik då dei ynskjer å sjå kvar røtene deira er. Etter det eg veit er det i dag rundt 10 bruk på Hakestad. Eg har snakka med nokre Hakestadfolk, men ingen har opplysningar so langt. No kom dette brått på so det er lita tid å finna ut av dette, so eg vonar det er nokre her på forumet som har god kunnskap om Ulvik og kanskje veit noko om dette?

Med venleg helsing

Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

om du sender meg epostadressa di til slekt[krøllalfa]folkedal[punktum]org så skal eg sjå om eg kan sende deg noko ikveld. Eg tok ein rask kikk i databasen min, og det ser ut som eg har noko om denne slekta.

--

Jon Folkedal

Oslo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk takk Jon!! Sende deg ein mail.

mvh

Jostein

Har sendt deg ein epost med ein bokrapport som er kompilert/generert frå databasen min. Vonar det kan vere til hjelp og inspirasjon til turen til Ulvik. Har sjølv mykje av slekta mi frå indre Hardanger : )

--

Jon Folkedal

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ulvik gards- og ættesoga, bind 2, side 86, Nedre Hakestad, Maritastovo:

"Knut Knutson Syse, bnr. 1 (1785 - 1855) var den første plassmannen på Brakanes i nyare tid. Han festa vel plasset kring 1820. Dei fødde i 1845 2 kyr og 3 sauer.

Gift 1819 m Marita Nilsd Vambheim,, bnr. 1 Pl II Kroni (1794 - 1884). Ho kom til å bu på plasset i 30 år som enkje, og difor vart det heitande Maritastovo. Då dei skulle ha kyrkjegard på Brakanes, måtte dei ta noko av plasset hennar. Fpr det skulle ho ha eit vederlag på 8 spd. i året så lenge ho levde."

Blant de seks barna er nevnt Nils (1828 - ) som flyttet til Nordland i 1847.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg tusen takk til Jon og Norodd for opplysningar om både ætta og plassen. Eg køyrer no for å henta amerikanarane og vonar me greier finna Maritastovo om den framleis står.

mvh

Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er nett komen heim etter ein særs vellukka tur til Ulvik i eit nydeleg vær. Me traff folk som kjende historia, både på øvre og nedre Hakestad. Men diverre brann Maritastovo då tyskarane brende bygda, men ei lita gate der stova stod, der kongressenteret i dag ligg, er oppkalla etter ho Marita. Men amerikanarane fekk eit bilte av huset. Diverre fann me ikkje nolevande slektningar, men uansett var dette stort, so takk igjen Jon og Norodd!

mvh

Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ikke ut til å leve igjen etterkommere etter Knut og Marita i Ulvik.

Derimot i Eidfjord finnes det en del etterkommere etter Angunna Knutsd (1826 - 1916) g 1866 m enkemann Jon Magnusson Medhus i Simadalen i Eidfjord. Den eneste datteren Abelu (1869 - 1959) var gift 1888 med ordfører Anved Anvedson Tveit (1859 - 1942) i Simadalen i Eidfjord. Sju barn. Se: Agnes og Tobias Lægreid: Gards- og ættesoge for Eidfjord, 1992, s 497 - 498.

Det kan også finnes etterkommere på Voss etter Knut Knutson (1820 - ) som flyttet til Voss med familien. Han var gift med Katrina Helvig Rikolsd Torblå (1810 - ). To kjente barn: Knut 1845 og Katrina 1853. Om de ble boende på Voss vet jeg ikke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.