Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Karen Johannessen, fødd Lade 1850, konfirmert 1865 - finn ikkje?


Recommended Posts

Denne vigsli frå Malnes i Bø i Vesterålen 17.12.1893 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6660&idx_id=6660&uid=ny&idx_side=-127) fortel oss om bruri Karen Johannessen, at ho skal vera fødd i Lade i 1850 og konfirmert i Lade 28.9.1865. Far hennar var Johannes Larsson.

 

MEN, eg finn ingen konfirmantar i Lade 28.9.1865, og ingen som heitte Karen Johannessen!

 

Har eg oversett noko? Kanskje andre har betre auge enn eg?

 

Eg treng hjelp til å finna:

 

* Dato og stad for fødsli til Karen Johannessen?

 

* Fulle namn på foreldri hennar med yrkestitel og opphav?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 år senere...

Etter lang tids "spekulasjon" vil eg i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011 og då først og fremst få nytta høvet til å takka Carsten og Grethe for flotte opplysningar frå den gongen!

 

Den største grunnen til at denne saki er vorti liggjande, er det faktum at eg har vore svært i stuss på om den personen som de har funne i Strinda, kunne vera den same som i Malnes vart sagt vera frå Lade.  Eg har i dag studert problemet nærare, og eg er vel ikkje komen noko nærare målet.  Difor uttrykker eg tvil i omtalen av Karen i manuskriptet mitt (sjå tema: http://forum.arkivverket.no/topic/190832-andreas-jensson-1845-19-fr%C3%A5-hafslo-til-%C3%B8ksnes-og-b%C3%B8-i-vester%C3%A5len-lagnaden-hans-og-til-s%C3%B8nene-kristoffer-og-johan-sj%C3%B8tun/).

 

Det er berre det at eg ikkje er i stand til å finna nokon som høver betre, og i Lade er det ganske sikkert ikkje nokon i det heile!!!

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Lade og/eller Strinda, og som kan gje meg betre og avklarande opplysningar, so ville eg setja stor pris på det!

 

 

Hei Lars, ta en titt på kalenderen for 1865, så vidt jeg kan se er 28/9-1865 på en torsdag, og det var vel ikke vanlig konfirmasjonsdag! Jeg ser at det er andre konfirmanter 24/9 og 1/10 i 1865, så det er vel trolig en feilskrevet dato i KB for vielsen.

De eneste gangene 28/9 faller på en søndag, er i 1800, 1873 og 1879, og ingen av de er vel aktuelle.

 

REDIGERT:

 

Se konfirmant nr 18, øverst på siden, 25/9-1864 i Bratsberg i Strinda:

Karen Johannesdatter Digresaunet, 15 1/2 år, f 6/3-1849 på Lykstad, dp 3/6-1849, Foreldrene: (ungkarl?) Johannes Larsen Digresaunet og (Jf/pige?) Marit Sivertsdatter Lykstad

 

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Bratsberg i Strinda, Ministerialbok nr. 608A02 (1862-1876), Konfirmerte 1865, side 40.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2362&idx_id=2362&uid=ny&idx_side=-44
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050608040329.jpg

Endret av Olaf Larsen

Hjarteleg takk til Olaf for interessant innlegg!

 

Eg er samd med deg, Olaf, i at det her må liggja føre ein feil frå kyrkjeboki si side, eller kanskje me heller skal seia kyrkjebokattesten?

 

Lat oss sjå litt på dei ulike fødestadene som er oppgjevne:

 

* Ved vigsli i Malnes i Bø i 1893 (sjå innlegg #1) er det oppgjeve fødestad Lade 1850 og konfirmasjon i Lade 28.9.1865.

 

* Då Karen gifte seg første gongen i Malnes i Bø 18.11.1888 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6660&idx_id=6660&uid=ny&idx_side=-122), er fødestaden òg Lade 1850 med tilsvarande konfirmasjon (sjølv om konfirmasjonsdatoen der er vanskeleg å tyda...).

 

* Ved FT1900 (sjå innlegg #2) er fødestaden henar "Rør?? ST" 1848.

 

* Ved FT1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036940005558) er det oppgjeve Lade og fødselsdato 6.6.1846.

 

Dødsfallet hennar har eg ikkje funne i kyrkjeboki for Malnes (Boki synest vera mangelfullt ført på den tidi!)

 

MEN, so ser eg ein merknad om at Strinda opphaveg var eit sokn i Lade prestegjeld!  Kan dette vera forklaringi på heile problemet?

 

Eg får tyggja litt meir på saki..., men tek gjerne imot tankar frå andre...

Eg har forresten gjort ein interessant observasjon:

 

Foreldri til Karen Johannesdotter, fødd i Strinda 1849, gifte seg nokre månader etter Karen var fødd, 20.7.1849 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2361&idx_id=2361&uid=ny&idx_side=-58)

 

I 1865 er faren framleis husmann på Digresaunet under Digre, men då har han tydeleg ei anna kone... (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1660&kenr=011&bnr=0029&lnr=000).

 

Det ser vel meir og meir ut som om dette er den rette Karen Johannesdotter...

 

MEN, so ser eg ein merknad om at Strinda opphaveg var eit sokn i Lade prestegjeld!  Kan dette vera forklaringi på heile problemet?

 

 

 

 

Nei....  det er litt meir innvikla enn som so.

Før 1960 fanst det ikkje noko Lade prestegjeld ( -ikkje sidan før reformasjonen iallfall).

 

Prestegjeldet heitte Strinda - som er eit utgammalt namn på området.

Men hovudsoknet i Strinda prg. heitte lenge Lade, fram til 1958.

Lade kyrkje var hovudkyrkja i Strinda fram til okt. 1900, då Strinda kyrkje på Moholt vart vigsla og teken i bruk.

Deretter var området kring (garden) Lade kapelldistrikt (med Lade kyrkje som kapell) under Lade sokn, medan hovudsoknet Lade

hadde Strinda kyrkje som "sentrum". (Prestegarden låg på Berg, ikkje så langt frå Moholt).

I 1958 skifta hovudsoknet namn frå Lade til Strinda; deretter, i 1960, vart Lade kapelldistrikt gjort om til sokn og Lade prestegjeld vart oppretta (med Ranheim sokn).

 

 

Vender vi attende til midten av 1800-talet, var Lade hovudsokn i Strinda prg. - og ein kan tenkje seg at nemninga "Lade prestegjeld" vart nytta, eller ei stadfesting kunne verte oppfatta slik. Strinda prestegjeld omfatta også Bratsberg sokn og Malvik sokn, og kapelldistriktet Havstein/Byåsen (frå 1857) i Lade sokn.

Hjarteleg takk til Ivar for ei utførlig forklaring på Lade og Strinda sokn/prestegjeld!  Det er so kjekt med folk som er lokalkjende og som kan greia ut om slikt for oss vankunnige!

 

Etter denne forklaringi trur eg me kan vera ganske so sikre på at me har funne den rette Karen Johannesdotter i Bø.  Det finst jo ingen andre som kan høva, og namnet til far hennar stemmar jo òg!

 

Då vil eg sjå på dette problemet som løyst!

Hvis det er Karen som er her i ft 1865, som tjenestejente på Præsthus gård, så tilhørte den Lade sokn i Strinda Prestegjeld,

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=f61660&gardpostnr=133&personpostnr=871&merk=871

 

Hvilke opplysninger hun ga om bosted/fødested da hun kom nordover vet vi vel ikke annet om enn det som står i kildene som det refereres til.

 

Hvis Præsthus gård i Lade sokn var gården hun forlot da hun reiste nordover, kan det være rimelig at hun oppgav Lade eller hadde med seg en attest skrevet av presten i Lade sokn.

 

Presthus gård ligger på Ranheim, den gang i Strinden pr.gj. , nå Trondheim og sokner til Ranheim kirke. Den ble reist i 1897/98, innviet i 1898.

http://ranheim.kirken.trondheim.no/index.php?c=28&kat=Kirka&

 

Digre og Lykstad tilhører Bratsberg.

Hjarteleg takk til Randi for nye opplysningar som forsovidt støtter argumentasjonen me har frå før.  For å vera absolutt på den sikre sida hadde det sikkert ikkje vore til unyttes å forska meir på lokalt plan i Strinda, til dømes for å finna eit skifte eller ei dødsmelding etter Johannes Larsson, men er det naudsynt?  Truleg vil det vera ei ganske so arbeidskrevjande oppgåve...  For noki bygdebok finst vel ikkje for Strinda??

Det finnes bygdebøker for Strinda:

http://www.strindahistorielag.no/index.php?side=bygdebok

 

Digre og Digresaune er omtalt.

 

En forespørsel til Strinda historielag kanskje?

 

Bygdebok for Bratsberg annex-sogn / Kåre G. Hugås.

Forfatter: Hugås, Kåre G., Trykket: Trondheim : K.G. Hugås, 2000.,

 

 

Mvh Randi

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Johannes Larsen kjøpte Digresaune i 1882 og sønnen Lars Johannesen overtok senere. D

Det står ingenting om hvor han kom fra eller om familien, på side 563 i bind 1

Strinda bygdebok.

 

Karens mor, Marit Sivertsdatter Digresaune døde i 1859, se nr. 3:

 

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Bratsberg i Strinda, Klokkerbok nr. 608C05 (1844-1863), Døde og begravede 1858-1859, side 124-125.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16300&idx_id=16300&uid=ny&idx_side=-55

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070919630346.jpg

 

Samme kilde: nr 6 i 1858 er hennes far.

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Hjarteleg takk til Randi for nytt spennande innlegg!  Det var godt å høyra at det finst ei bygdebok for Strinda, men eg er sjølvsagt vonbròten over at denne ikkje har fleire detaljar om ætti...  Kunne me berre funne ein dødsdato for Johannes Larsson Digresaunet!?

 

Men dette vert vel som å leita etter den berømte nåli...

Av og til er man riktig så heldig:

Skrevet: 05 Okt 2004 21:38:57 Tittel: Re: Iver Henriksen Grøtte

Hvis det er riktig så ble Bereth Sivertsdt. gift II gang med Johannes Larsen Digresaune f. 17/4 1821, død på Brandhaugen 9/1 1908. De fikk et barn sammen som fikk navnet Bereth Martha f. 10/6 1866, død 26/8 1872. Bereth Sivertsdt. fikk kreft og døde på Digresaune i Bratsberg den 1/11 1884

 

Fra denne debatten:

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=60638

 

Fra kirkeboka:

 

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Bratsberg i Strinda, Klokkerbok nr. 608C07 (1890-1912), Døde og begravede 1908-1909, side 130.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6555&idx_id=6555&uid=ny&idx_side=-114

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061017040133.jpg

 

En ting til, når Karen Johannesdatter døpes i 1849 er det faddere fra Engelsaastrøen og så Martha Lykstad.

Marit Sivertsdatters foreldre er Sivert Altsen og Martha Pedersdatter. De har også en datter Martha født i 1831.

 

Mvh Randi

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Hjarteleg takk for nye flotte innlegg frå Randi og Olaf!  Dette var skikkeleg bra!  Dødsdatoen til Johannes Larsson er alt formidla til Statsarkivet i Trondheim, so får me vona på snarleg svar om arveforholdet!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.