Gå til innhold
Arkivverket

Ludvig Christopherson Lemvig (1724-177?) - frå Hafslo til Bergen - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet vart òg teke opp i mars 2010 i gamle brukarforum under #77049 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=77049&sok=Ludvig+%D8yane&nr=2&antinnlegg=4&startnr=&antall=&spraak=n#anker), men bortsett ifrå nokre kommentarar frå Inger Elise (om du leser dette, Inger Elise, hjarteleg takk!), so kom det vel ikkje noko nytt inn i denne familiebiografien, so eg lyt freista på ny. Her er altso kva eg veit (og kva eg ikkje veit) om Ludvig Lemvig og borni hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ludvig Christopherson Lemvig, døypt i Hafslo 29.12.1724, flytte i ung alder til Bergen der han 21.7.1751 gifte seg første gongen med Cecilia

 

¤¤¤¤¤ (fleire namn? - farsnamnet hennar?)

 

Amling frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (namn på foreldri hennar?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

men vart gravlagd i Bergen alt 12.7.1754. Ludvig gifte seg so att i Bergen 11.3.1755 med Anna Albertsdotter Herkam frå Bergen. Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (yrkestittel?)

 

Albert Harmen Johanson Herkam i Bergen og kona Barbro Mikkelsdotter Skram frå Bergen og vart døypt i Bergen 1.1.1724. Ludvig Lemvig var opphavleg barbersvein, men var frå kring 1753 kjøpmann i Bergen der han og Anna vart buande levetidi ut. Anna vart gravlagd i Bergen 27.11.1767, medan Ludvig Lemvig d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1779!)

 

Ludvig Lemvig fekk i alt ni born, fire frå første ekteskapet og fem frå det andre:

 

a. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 5.9.1751, vart gravlagd i Bergen 19.10.1751.

 

b. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 24.9.1752, vart gravlagd i Bergen 9.12.1752.

 

c. Christenca Ludvigsdotter Lemvig, tvilling, døypt i Bergen 16.6.1754, vart gravlagd i Bergen 7.8.1754.

 

d. Karen Ludvigsdotter Lemvig, likeins tvilling og døypt i Bergen 16.6.1754, vart gravlagd i Bergen 20.11.1755.

 

e. Barbara Cecilie, kjend som Cecilia Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 27.4.1757, flytte i ung alder til ei moster på Jelsaland i Jelsa der ho vart gravlagd 2.8.1789, ugift.

 

f. Christopher Ludvigson Lemvig, døypt i Bergen 24.6.1759,

 

¤¤¤¤¤ (d. før 1779! – eit drengebarn av Ludvig Lem vart gravlagd i Bergen 24.8.1763 – ingen alder oppgjeven! - anten Christopher eller Albert?)

 

g. Albert Herkam Ludvigson Lemvig, døypt i Bergen 15.4.1761,

 

¤¤¤¤¤ (d. før 1779!)

 

h. Michael Ludvigson Lemvig, f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdato eller dåpsdato? - 1763?)

 

¤¤¤¤¤ (nemnd ilive 1779 – ein enkjemann og glarmester Michael Lemeng, 50 år, budde 1801 i Arendal – kan det vera han?? - kanskje tvilsom, for då han 14.3.1786 gifte seg i Arendal, heiter han òg LEMMING (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9399&idx_id=9399&uid=ny&idx_side=-297)

 

i. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 16.10.1766, d. på Judaberg i Finnøy 8.11.1847. Karen gifte seg i Jelsa 4.7.1793 med Thore Mikkelsen frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar hadde han opphavet sitt ifrå?)

 

f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? - kring 1771?)

 

Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – truleg i Stavanger e. 1839!?)

 

Thore var skomakar, og han og Karen budde ei tid som strandsitjarar på Jelsaneset i Jelsa, Rogaland, men i 1805 fekk Thore skøyte på gjestgjevarstaden Hagaberget ved Judaberg i Finnøy og flytte dit med huslyden sin. I 1829 bygde Thore hus i Stavanger og flytte dit, men han heldt i namnet fram som gjestgjevar på Hagaberget i Finnøy til yngste sonen tok over i 1839. Karen og Thore fekk ni born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om det er mogeleg å føya til noko her, ville eg setja stor pris på det, og eg takkar so mykje på førehand!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at det er en Amling Hansen som har barn til dåpen i Domkirken i Bergen på 1720-tallet:

 

Marthe Maria, 1721 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=41&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=414&personpostnr=3309&merk=3309#ovre

 

Zidsele Nagel, 1723

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=42&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=727&personpostnr=5894&merk=5894#ovre

 

Amling Hansen døde i 1730 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=55&filnamn=bedo1668&gardpostnr=253&merk=253#ovre. Amling Hansen er nevnt to steder i Sollieds skifteavskrifter:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=71&storleik=

 

og

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1472&storleik=

 

Amling Hansen etterlot seg fire døtre i 1730:

 

Catharina, 14 år

Aaste Johanne, 11 år

Mette Marie 9 år

Zidselle, 7 år

 

I 1719 ser det ut som Amling Hansen begravde et barn i Domkirken http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=87&filnamn=bedo1668&gardpostnr=19897&merk=19897#ovre og det samme i 1726 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=86&filnamn=bedo1668&gardpostnr=40&merk=40#ovre. Ser ut som hans kone døde i 1759 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=88&filnamn=bedo1668&gardpostnr=2549&merk=2549#ovre

 

Ameling Hansen, tapper øl, er nevnt i manntall over Bergen bys innvånere 9. mai 1714 (ta et søk på aktuell side) http://digitalarkivet.no/da/mt12011714.htm.

 

I samme tidsrom som Cecilia Amling har barn til dåpen i Nykirken, så er det en Cathrine Amlingsdtr./Amling som også har barn til dåpen i Nykirken: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=49&filnamn=dp12011668&gardpostnr=43870&personpostnr=128821&merk=128821#ovre

 

Cathrine var først gift med Peter Huholt, deretter med Johan Henrik Wilde http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=701&storleik=. Vil anta at dette er Amling Hansens eldste datter (se lenkene ovenfor til Sollied), for i 1746 hadde Cathrine og første ektemann sønnen Amling Hansen til dåpen http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=105&filnamn=dp12011668&gardpostnr=44520&personpostnr=130762&merk=130762#ovre.

 

Kanskje den yngste datteren til Amling Hansen, Zidselle, er identisk med Ludvig Lemvigs kone?

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld, her er Tore Mikkelsen og Karen Ludvigsdatter i Jelsa i 1801:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=122&filnamn=f18011138&gardpostnr=32&personpostnr=659&merk=659#ovre

 

De hadde da barna

 

Ludvig Thorsen Deres børn 7

Anna Karine Thorsdtr Deres børn 5

Michael Thorsen Deres børn 3

Barbro Cicilia Thorsdtr Deres børn 2

 

Den yngste datteren ser ut til å ha samme navn som Barbro Cecilia Ludvigsdatter, født 1757 - jf.: e. Barbara Cecilie, kjend som Cecilia Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 27.4.1757, flytte i ung alder til ei moster på Jelsaland i Jelsa der ho vart gravlagd 2.8.1789, ugift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og inspirerande innlegg!

 

Eg er overtydd om at Cecilia Amling, første kona hans Ludvig, er identisk med dotteri av øltapparen i Bergen, Amling Hansen. Og då vert det spennande å finna ut kven Cecilia Nagel var? Eg er sikker på ein samanhang med Nagel-ætti i Sogn, som hadde fleire "representantar" i Bergen, og eg trur eg har funne svaret:

 

~~~~~~~~~~

 

Anders Berntson Nagel, fødd på Kroken i Hafslo kring 1646, gifte seg med Aasta Knutsdotter Gladm prestedotter frå Vik i Sogn, som døydde kring 1709 Dei vart gardbrukarar på Brudevoll i Sogndal, som etter Anders fekk namnet Nagløyri! Og Anders og Aasta hadde tre born:

 

a. NN Andersdotter Nagel, var gift med Jacob Grotjan i Bergen, men ho døydde før 1709, etterlet born. Denne Jacob Grotjan er sikkert nok den same som i 1734 var formyndar for dei fire døtrene etter Amling Hansen!!!

 

b. Mari Andersdotter Nagel (1685-1744), vart gift med gardbnrukar Lasse Arneson i Opheimshaugen i Hafslo (1681-1751).

 

c. CECILIE Andersdotter Nagel, framleis ugift i 1709 - MÅ vera ho som gifte seg med Amling Hansen!!!

 

~~~~~~~~~~

 

So til Ludvig og dei attlevande borni hans!

 

Då det i 1779 vart halde skifte etter mor hans Ludvig i Sogn, Karen Sørensdotter Lemvig (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24141/212/), var Ludvig avliden, men let etter seg tre born:

 

* sonen Michel Ludvigson, 16 år

 

* dotteri Cecilia Ludvigsdotter, 18 år

 

* dotteri Karen Ludvigsdotter, 10 år

 

"disse børn skal holde sig i Bergen"

 

Då det i 1782 vart halde skifte etter farbroren Johan Christopherson Lemvig på Sjøtun i Hafslo, vet det berre sagt at Ludvig var avliden, men ingen visste kor mange born han let etter seg!

 

~~~~~

 

Eg har søkt etter borni som konfirmantar, både i Nykyrkja i Bergen og i Jelsa, der me veit at i alle fall døtrene etter kvart hamna. Den einaste eg fann, var Karen Ludvigsdotter Jelsaneset, konfirmert i Jelsa i 1785 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15816&idx_id=15816&uid=ny&idx_side=-142) (heilt ned til høgre).

 

I Jelsa finn eg òg, 2.8.1789, gravferdi til Barbro Cecilie Lemvig, 32 år (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15816&idx_id=15816&uid=ny&idx_side=-91).

 

~~~~~

 

Eg tykkjer det er svært påfallande at me ikkje skal kunna finna dødsfalli, korkje til Ludvig eller til borni Christopher og Albert, som alle skal vera avlidne før 1779. Det er òg underleg at ingen av borni vart konfirmerte i Nykyrkja i Bergen. Dette får meg til å spekulera på:

 

* Kan Ludvig ha teke med seg borni og flytt ein annan stad etter at andre kona hans døydde i Bergen i 1767? Men kvar? Barbro Cecilie og Mikkel må jo òg vera konfirmerte ein eller annan stad!?

 

Det skal ikkje vera so lett dette, men det er lov å vona, og det gjer eg!

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den ene datteren til Amling Hansen i 1730 het Aasta Johanne (Sollied) og det kan jo stemme bra med oppkalling etter mormor Aasta Knudsdatter Glad. Jeg har hittil ikke klart å finne Aasta Johanne og Cathrine Amling(sdøtre) døpt i Bergen, enda faren er registrert her som øltapper i 1714.

 

Amling Hansen er også nevnt i Ligningsmanntall for Krigsstyr 1712 av Bergen by (avsluttet 28/9 1712) - se under 21 Classe

http://digitalarkivet.no/da/mt12011712KrigsstyrBergen.htm

 

Amling Hansen er også nevnt i domsprotokollen for byfogden i Bergen 1711:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=db12011711a&gardpostnr=67&personpostnr=136&merk=136#ovre og http://da2.uib.no/1711/0363.htm

 

Jeg finner også Amling Hansen som fadder i Nykirken fra og med 1713:

 

Dåpen til Andreas, sønn til Lauritz Nagel og Anne Marie Andersdatter http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=35&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=1936&personpostnr=15471&merk=15471#ovre

 

Maren, 1714, datter av Axel Endresen og Mette Nagel http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=36&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=2020&personpostnr=16142&merk=16142#ovre

 

Øllegaard, 1718, datter av Peder Amble og Chirsten Nagen - http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=37&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=2627&personpostnr=21015&merk=21015#ovre

 

Nils, 1725 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=38&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=3613&personpostnr=29109&merk=29109#ovre og Margaretha, 1728 - http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=39&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=4101&personpostnr=33252&merk=33252#ovre

 

Når jeg søker i de skannede kirkebøkene, får jeg kun de nyeste bøkene opp for øyeblikket.

 

Det ser også ut som kirkebøkene for Domkirken starter i 1719 og at det kanskje kan være årsaken til at jeg ikke finner dåpen til de to eldste døtrene til Amling og Cecilia; de to yngste var døpt i Domkirken. Kanskje det også forklarer hvorfor man ikke finner giftermålet mellom Amling og Cecilia i Domkirken. Nykirken har vel også huller i den eldste tiden.

 

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet, som diverre har lege alt for lenge "i dvale".

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt, men syner elles til dei kommentarane som er gjevne foran:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ludvig Christopherson Lemvig, døypt [i Hafslo] 29.12.1724,

Ludvig Lemvig flytte i ung alder til Bergen der han 21.7.1751 gifte seg første gongen med Cecilia Nagel Amling frå Bergen, ei dotterdotter av gardbrukar Anders Berntson Nagel på Brudevoll (Nagløyri) i Sogndal (1646-1698), opphavleg frå Kroken i Hafslo.  Cecilia vart døypt i Bergen 10.1.1723, men vart gravlagd i Bergen alt 12.7.1754.  Ludvig gifte seg so att i Bergen 11.3.1755 med Anna Albertsdotter Herkam frå Bergen.  Ho var dotter av gesell Albert Harmen Johanson Herkam i Bergen og kona Barbro Mikkelsdotter Skram frå Bergen og vart døypt i Bergen 1.1.1724.  Ludvig Lemvig var opphavleg barbersvein, men var frå kring 1753 kjøpmann i Bergen der han og Anna vart buande levetidi ut.  Anna vart gravlagd i Bergen 27.11.1767, medan Ludvig Lemvig d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1779!)

 

Ludvig Lemvig fekk i alt ni born, fire frå første ekteskapet og fem frå det andre:

a. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 5.9.1751, vart gravlagd i Bergen 19.10.1751.

b. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 24.9.1752, vart gravlagd i Bergen 9.12.1752.

c. Christenca Ludvigsdotter Lemvig, tvilling, døypt i Bergen 16.6.1754, vart gravlagd i Bergen 7.8.1754.

d. Karen Ludvigsdotter Lemvig, likeins tvilling og døypt i Bergen 16.6.1754, vart gravlagd i Bergen 20.11.1755.

e. Barbara Cecilie, kjend som Cecilia Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 27.4.1757, flytte i ung alder til ei moster på Jelsaland i Jelsa der ho vart gravlagd 2.8.1789, ugift.

f. Christopher Ludvigson Lemvig, døypt i Bergen 24.6.1759,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1779!)

 

g. Albert Herkam Ludvigson Lemvig, døypt i Bergen 15.4.1761,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? -  før 1779!)

 

h. Michael Ludvigson Lemvig, f. i Bergen kring 1763,

 

     ##### (n. 1779 – lagnaden hans?)

 

i. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 16.10.1766, d. på Judaberg i Finnøy 8.11.1847.  Karen gifte seg i Jelsa 4.7.1793 med Thore Mikkelsen, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? - kan han vera døypt på Vika i Strand 23.5.1768 som son av Mikkel Sigbjørnson og Sophie Thoresdotter??)

 

     1771.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – truleg i Stavanger e. 1839!?)

 

     Thore var skomakar, og han og Karen budde ei tid som strandsitjarar på Jelsaneset i Jelsa, Rogaland, men i 1805 fekk Thore skøyte på gjestgjevarstaden Hagaberget ved Judaberg i Finnøy og flytte dit med huslyden sin.  I 1829 bygde Thore hus i Stavanger og flytte dit, men han heldt i namnet fram som gjestgjevar på Hagaberget i Finnøy til yngste sonen tok over i 1839.  Karen og Thore fekk ni born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyden har i grunnen to hovudutfordringar:

 

** Kvar vart det av Ludvig Lemvig og borni hans etter at kona Anna døydde i Bergen i 1767?  Dei er tydeleg forsvunne frå Bergen kort tid etter, og ein eller annan stad må dei jo vera farne til...?

 

** So gjeld det lagnaden til dei to yngste borni, Mikkel og Karen med mann Thore Mikkelson?  Kanskje kan ei bygdebok for Strand stadfesta eller avkrefta teorien om Thore Mikkelson derifrå?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for utfordrande kommentar!

 

Eg trur du, Grethe, er mellom dei som følgjer skikkeleg godt med, men her var det vel ikkje so godt å vita...  Det vart i 1779 halde skifte etter Karen Sørensdotter Lemvig, mori til Ludvig!  Difor har me dei mange referansane til nettopp det året!

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24141/212/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121620548.jpg

 

Eg ventar spent på om det let seg gjera finna svar på i alle fall nokre av spørsmåli mine om denne huslyden?

 

Eg vonar og takkar igjen so mykje!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det endeleg dukka opp nye spennande opplysningar om denne ætti!

 

Yngve Nedrebø fann skiftet etter Ludvig Lemvig som Grønlandsfarar avliden på reise frå Grønland til Bergen i 1770 (http://forum.arkivverket.no/topic/197360-ludvig-lemvig-kj%C3%B8pmann-i-bergen-skifte-eller-oppbud-1767-1779/).  Av dette skiftet går det òg fram at:

 

* Ludvig Lemvig hadde ikkje nokon son Michael fødd kring 1763.

 

* Derimot må det vera sonen Albert Herkam, døypt i Bergen 15.4.1761, som det vert referert til i skiftet etter bestemori frå 1779.

 

Etter dette sit me no att med berre eitt spørsmål når det gjeld borni til Ludvig (unnateke spørsmåli kring Thor Mikkelson i Finnøy...):

 

** Kvar vart det av Albert Herkam (Ludvigson) Lemvig, fødd 1761??

 

Eg takkar på førehand for alle gode tips med omsyn til Albert!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.