Gå til innhold
Arkivverket

Anna Jensdotter Aals, fødd kring 1770 - gift to gonger i Sogndal, men kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Folketeljingi for Sogndal 1801 for garden Hove syner Anna med første mannen Ole Sørenson (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18011420&gardpostnr=54&personpostnr=1210&merk=1210#ovre). Då er ho 31 år gamal.

 

Her er vigsli deira frå 2.6.1795 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-184)

 

Her er trulovingi deira frå 13.4.1795 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-182)

 

Men kven var denne Anna Jensdotter?

 

Ei Anna Jensdotter var fødd på Stavateig i 1771, men ho døydde i 1773

 

Ei anna Anna Jensdotter var fødd i Svedalen 1767, men ho gifte seg til Eggum i 1787

 

Men ikkje berre opphavet hennar Anna Jensdotter er ukjent. Dødsfallet hennar finn eg heller ikkje i Sogndal. Ho gifte seg andre gongen i Sogndal 4.5.1803 med enkjemannen Sten Erikson i Sogndalsfjøra, som eg finn avliden som legdelem på Hofslund i Sogndal 17.2.1856.

 

Anna Jensdotter fekk fire born, einaste dotteri i andre ekteskap, Mari, vart oppkalla etter første kona til Sten Erikson. Med Ole Sørenson fekk ho to søner, sopm båe heitte Søren, oppkalla etter farfaren, medan eldste dotteri, fødd i 1794 før dei vart gifte, heitte Margrethe Magdalene (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-177), og ho var tydeleg oppkalla etter Margrethe Magdalene Christie, dotter til soknepresten i Sogndal (http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=514&storleik=). Ho var òg fadder på barnet.

 

Kan det tenkjast, slik me har sett eit par døme på frå same tidi, at Anna Jensdotter følgde med prestefamilien då dei i 1778 flytte til Sogndal frå OS i Hordaland? Kanskje ei som då var foreldrelaus?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.