Gå til innhold
Arkivverket

Lars Bratt - f. kring 1647 - bergverksmann Kongsberg - var han frå Sogn?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jens Nilsson Bratt (1590-1664), gardbrukar på Hovland, Kaupanger i Sogndal, hadde mellom anna sonen Lars, som levde i 1668 og som då var myndig. Denne Lars Jensson Bratt veit me ikkje kvar det vart av!

 

På Kongsberg dukker det opp ein Lars Bratt som bergverksmann. Han var fødd kring 1647, var gift og hadde visstnok desse borni:

 

* Lars Larsson Bratt

 

* Ole Larsson Bratt (1677-1754), bergverksmann Kongsberg, deltok i opptøyene 1730, vart dømd til døden, men overlevde

 

* Sybilla Larsdotter Bratt

 

* Knut Larsson Bratt

 

* Jens Larsson Bratt

 

* Peter Larsson Bratt

 

* Christian Larsson Bratt

 

Lars Bratt på Kongsberg fødd kring 1647 er tydeleg for ung til å vera identisk med Lars Jensson Bratt, med mindre alderen er feil..., eller Lars Jensson Bratt var FAR til hin Lars Bratt!??

 

Eg vonar at kanskje einkvan sit med tankar kring denne huslyden og kan bidra med gode tips og takkar so mykje på førehand!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunn for spennande og interessante innlegg om etterslekti etter Lars Bratt.

 

Når det gjeld borni hans og huslydane deira, trur eg nok det er mogeleg å finna ganske so mykje stoff, men det som i første omgongen er viktig, før ein tek til med utgreiing om etterslekti, er å skaffa greie på kva skyldskap denne huslyden hadde til huslyden i Sogn, om dei i det heile var skylde...? Namnelikskapen tyder so absolutt på skyldskap, men sikre kan me aldri vera...

 

Lars Jensson Bratt frå Hovland på Kaupanger i Sogndal var mellom dei eldste søskeni i flokken og kan vera fødd so tidleg som kring 1620-1625. so han KAN vera far til Lars Bratt på Kongsberg...

 

Kanskje er det nokon som har synspunkt på dette?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars Øyane stiller et spørsmål som jeg har lurt på i en del år. Jeg har samlet mye stoff om Bratt-ene på Kongsberg, men har ikke funnet noen gode holdepunkter for hvor Lars Bratt (f.ca.1647) kom fra. Navnebruken kan nok kanskje tyde på at han kom fra Sogn, men navnebruken kan også peke mot et annet alternativ, nemlig Bratt-ene på Ringsaker.

 

Det som likevel er ganske sikkert, er at Lars Bratt (f.ca.1647) ikke var sønn av Lars Jensen Bratt fra Sogn. I en overhoffrettsdom fra 1692 er han iflg. mine notater nemlig omtalt som Lars Knutsen Bratt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Dersom Lars Bratt fødd 1647 var Lars Knutson Bratt, er det heilt klart, han høyrer ikkje til ætti frå Hovland på Kaupanger, MED MINDRE han er son av ei av søstrene og har teke mori sitt ættenamn? Ingeborg Jensdotter Bratt og Anna Jensdotter Bratt har ukjende lagnader... Men ei slik forklaring ligg "langt ute"...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.