Gå til innhold
Arkivverket

Jens Ingebrigtson "Dyre" - levde i Sunnfjord kring 1650-1700? - kvar budde han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gardbrukar Ingebrigt Jensson Alme i Hafslo, fødd i Sunnfjord kring 1682, var i 1701 tenestedreng på Sørheim i Luster.

 

Ifølgje Jon Laberg seier Ingebrigt om seg sjølv (kjelda for denne utsegni har me aldri funne):

 

Far hans heitte Jens Ingebrigtson med tilnamnet "Dyre", og Ingebrigt hadde to søsken:

 

* Christen var sjømann og døydde på ein reise

 

* Eli var gift og budde i Bergen

 

Men i 1741 heiter det i skiftet etter Kari Olsdotter i Okleviki i Hafslo (fødd kring 1700?) at Ingebrigt Alme var bror hennar!

 

Eg finn ikkje nokon Jens Ingebrigtson i Sogn og Fjordane i 1701, so kan henda døydde han tidleg, og enkja gifte seg att med ein Ole som truleg er han som kring 1710 tok over som gardbrukar i Okleviki i Hafslo.

 

Kanskje er det nokon med ekspertise på Sunnfjord som kan kasta ljos over dette problemet? Kven var denne Jens Ingebrigtson "Dyre" og kvar i Sunnfjord budde han?

 

Er det noko å sjå til sonen Christen Jensson, sjømannen, eller dotteri Eli Jensdotter, gift i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner en Elen Jensdatter, gift med Sivert Iversen, som har en tre barn til dåpen i Bergen på 1720-tallet (FS):

 

Name: Jens Sivertsen

Baptism/Christening Date: 18 Feb 1725

Father's Name: Sivert Iversen

Mother's Name: Elen Jensdr

 

Name: Maria Sivertsdatter

Baptism/Christening Date: 05 Jan 1727

Baptism/Christening Place: Domkirken, Bergen, Bergen, Norway

Father's Name: Sivert Iversson

Mother's Name: Elen Jensdr

 

Name: Iver Sivertsen

Baptism/Christening Date: 27 Dec 1728

Baptism/Christening Place: Bergen, Bergen, Norway

Father's Name: Sivert Iversson

Mother's Name: Elen Jensdr

 

Men dette kan jo være et skudd helt i blinde....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld, her er skiftet etter Kari. Her står det også at Anders Olsen Alme er formynder for barna. Siden han har farsnavn Olsen, kan også han være en bror av Kari?

 

Namn arvtakar: Karie, Olsdtr

Gard: Hochlevigen, nr.:3

Husmannsplass:

Yrke:

Skipreide: Solvorn

Protokoll/side: 5b-278

Datering: 1741-1748

Dato: 28.7.1741

Eiga: 54 Dalar, 3 ort, 4 skilling

Gjeld: 7 Dalar, 4 ort, 0 skilling

Netto: 46 Dalar, 5 ort, 4 skilling

Merknad:

Personar i skiftet :

(1) Ole Johannessen Søn

(2) Einer Johannessen Søn

(3) Aamund Johannessen Søn

(4) Giertrue Johannesdatter Datter

(5) Unny Johannesdatter Datter

(6) Marita Johannesdatter Datter

(7) Boets gjeld Kreditor

(8) Ingebrigt bror Alme Formynder for barna

(9) Anders Olsen Alme Formynder for barna

(10) Johannes Hochlevigen Død 1. mand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Om Elen Jensdotter gift med Sivert Iversen i Bergen kan det so absolutt vera ho me leiter etter; eg veit ikkje... Elen kan godt ha vore mykje yngre enn Ingebrigt, men ho er nok ikkje fødd noko særleg etter 1690... Born i 1720-åri skulle soleis vera OK... Er ho einaste alternativet?

 

Eg ville inn og sjå på Digitalarkivet som skulle vera oppe att i går kveld, men der er ikkje noko å finna, enno...

 

Elles har eg òg vore inne på tanken om at Anders Olson Alme kunne vera ein bror av Kari, men sidan det om Ingebrigt konkret står at han var bror, medan det IKKJE står om Anders, so trur eg ikkje det. Eg har identifisert Anders til å vera av ein annan søskenflokk..., men ville inn att på originalskiftet for å lesa det ein gong til, og kjem sjølvsagt ikkje inn...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg fått sjekka ut det originale skiftet frå 1741 etter Kari Olsdotter, og det står IKKJE at Ingebrigt Alme var bror hennar. Derimot står det at Ingebrigt Alme og Anders Olson Alme er barna sine "næraste frender" (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24137/53/)!

 

Dette vert noko heilt anna, d.v.s. Ingebrigt Jensson KAN ha vore halvbror til Kari, men når me veit at Ingebrigt var gift med ei Britha Olsdotter, og at Anders Olson Alme vart nemnd i same åndedrettet, ligg det nok nærare å tru at skyldskapen ligg på den sida...

 

Men problemet kring opphavet til Ingebrigt Jensson og bustaden til faren Jens Ingebrigtson (Dyre) i Sunnfjord er det same som før. Og eg vonar framleis på ei løysing!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg har no funne kjelda for utsegni til Jon Laberg om denne huslyden, det er frå Tingboka for indre Sogn 14-15-4-1738 for Marifjøra og Solvorn at dette kjem fram:

 

Ingebrigt Jensson Alme fortalte at søsteri Elen Jensdotter Dyr var avgått ved døden i Bergen utan born og livservingar og at han var hennar einaste bror og erving. Faren Jens Ingebrigtson, med tilnamnet Dyr, var ein bondemann som ei tid budde på Solvi og ei tid på Walager, men som var avgått ved døden for meir enn 50 år sidan. Han etterlet seg borni Ingebrigt Jensson og Christen Jensson, sistnemnde døydde som ungkar for over 30 år sidan, samt Elen Jensdotter Dyr som var gift med Christian Foss i Bergen, sidan med Elling Knudson Loss og tredje gong gift i Bergen med Jens hvis tilnavn var ukjend.

 

Det syner seg at ein Jens kom til Solvi kring 1683, og kring 1685 flytte han til Valaker der han d. kring 1687. Opphavet sitt hadde han like fullt i Sunnfjord, for Ingebrigt var fødd der kring 1682, kort før foreldri flytte til Hafslo.

 

Samstundes får me ei stadfesting av at Ingebrigt ikkje hadde halvsøsken.

 

Men, med utgangspunkt i desse nye opplysningane, kan kanskje søsteri "lokaliserast" i Bergen?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har vi vel første ekteskap her http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=57&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=12685&merk=12685#ovre

 

Det kan vel bety at etternamnet til Jens kan være "Dyring", sidan Elen nyttar det ved begge høve.

 

Kanskje dette er hennar Christian Foss som død i 1728 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=79&filnamn=bedo1668&gardpostnr=42747&merk=42747#ovre

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg oppdaga i kveld at eg eg heilt har gløymt å takka Egil for dei siste flotte innleggi i dette emnet frå 2011, men "betre seint enn aldri"!

 

Eg kjem etter kvart til å studera denne huslyden noko nærare og er i første omgongen interessert i fleire opplysningar om dei tre ektemakane til Elen Jensdotter Dyring:

 

* Christian Andersson FOSS, som gifte seg med ho i 1719, men som truleg døydde i 1728

 

* Elling Knutson LOSS, som må ha gift seg med ho kring 1730, men som døydde i 1735 (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=bedo1668&gardpostnr=46399&merk=46399#ovre), og

 

* Jens JÆGER, som gifte seg med ho sist i 1737, kort før ho døydde, og som tydeleg døydde i 1763 (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=bedo1668&gardpostnr=46733&merk=46733#ovre).

 

Kanskje finst det fleire opplysningar hjå Henning Solied? Eller i ættebøker?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for denne fine datoen!

 

Då er alle tre vigslene til Elen Jensdotter Dyring "på plass". Og også reknar eg med at me har funne dødsfalli til dei tre ektemakane.

 

Men kva med opphavi deira? Jens Jæger bør vel vera ein del av Jæger-ætti i Bergen som det vel finst ei ættebok for(?), og kanskje finst det òg noko for Loss og Foss?

 

Eg er det finst eit skifte hjå Henning Solied etter Chriostian Foss frå 1729 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1283&storleik=), og der er nemnd to born, Lars (17) og Azelline (14 1/2). Men dei må ha vore frå eit tidlegare ekteskapå! Ein Hemming Foss er formyndar, sikkert ein bror av Christian!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes en slektsbok for Jæger-familien .Wangensten har digitalisert den tror jeg.

 

Stamtavle over Familierne Jæger I Norge

Av: Olaf Jæger

År: 1917

Utgitt: Wærø

Sidetall: 97 s.

"Trykt som familiemanuskript"

Kilde: BIBSYS

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.