Gå til innhold
Arkivverket

Gunder Alme (1570-1628) - storbonde Hafslo - med greiner til Sogndal og Aurland - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gunder Alme, truleg fødd kring 1570, var leiglending på Alme i Hafslo frå kring 1602 til han døydde kring 1628. Han var gift med ei Kari, som levde att som enkje. Gunder var ein av dei største skatteytarane i Hafslo på si tid og åtte delar av gardane Lomheim, Sviggum og Heggestad i Hafslo og Lægreid i Årdal. Me kjenner til tre born etter Gunder og Kari:

 

* NN Gundersdotter, fødd kring 1605, døydde truleg kring 1680. Ho var gift med ein Albrigt, truleg fødd kring 1595 og avliden kring 1670. Desse var gardbrukarar på garden Neset på Veitastrondi i Hafslo, men eg har ikkje funne born etter dei.

 

* Clemet Gunderson, fødd kring 1612, flytte i ung alder til Sogndal der me finn han att som gardbrukar på Vatlestad, men eg veit ikkje noko meir om han eller huslyden hans.

 

* NN Gundersdotter, fødd kring 1618, flytte til Aurland og gifte seg med ein Alf Iverson, fødd kring 1621. Alf og kona var gardbrukarar på Gudvangen i Aurland, men huslyden deira har eg ikkje kunnskap om.

 

Det skal eksistera ei tingsak frå 1649 som gjeld arv etter denne Gunder Alme, men denne saki har eg ikkje funne...

 

Arne Kvitrud har ein stad omskrive Gunder Alme som Gunder (Gunderson) Alme, men kjelda for dette er ukjend.

 

Elles ville eg ikkje verta overraska om Gunder Alme hadde ættetilknytting til Sogndal, særleg til Norum sokn; sonen Clemet budde på Vatlestad, medan svigersonen Albrigt truleg hadde opphavet sitt i same område. Kan det tenkjast at Gunder var skyld med Ole Gunderson (Oxefot) på Slinde?

 

Og so var det denne Alf Iverson i Gudvangen. Kanskje einkvan har oversyn over huslyden hans? Kanskje Atle Gunderson frå Gudvangen (fødd 1677), sidan busett på Urnes i Hafslo, var ein soneson til Alf, ein son av ein Gunder Alfson oppkalla etter bestefaren på Alme?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

* NN Gundersdotter, fødd kring 1618, flytte til Aurland og gifte seg med ein Alf Iverson, fødd kring 1621. Alf og kona var gardbrukarar på Gudvangen i Aurland, men huslyden deira har eg ikkje kunnskap om.

 

 

Og so var det denne Alf Iverson i Gudvangen. Kanskje einkvan har oversyn over huslyden hans? Kanskje Atle Gunderson frå Gudvangen (fødd 1677), sidan busett på Urnes i Hafslo, var ein soneson til Alf, ein son av ein Gunder Alfson oppkalla etter bestefaren på Alme?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lærdalsboki har denne varianten: Halvor Nedrevoll (omlag 1650-1692) gift med Marita Agrimsd. Sæltun ( - ) Sitat: Halvor er skreven utan farsnamn i kjeldene, men me veit han var svoger til Alf Gudvangen sitat slutt!? Om dette er rett så må Halvor ha vore gift fyrst med NN Ivarsd. (ei mykje yngre syster av Alf Ivarsen) Halvor Nedrevoll er skreven med 2 born Alf og Ragnhild om det kan vere med fyrste elle andre kona veit eg ikkje.

 

Alf kan vere av fyrste gifte der me allt har eit Alf namn, men på Marita si sida er det ingenting som skulle tilsei å døypa nokon med navnet Alf, då måtte Halvor Nedrevoll heite Halvor Alfsen Nerdrevoll. Når det gjelder Aurlandsboki så er det ikkje nemnt nokon familiegruppe. kunn at Alf Ivarsen er svoger til Halvor Voll og gift med NN Gundersd. Når det gjelder Ragnhild så kan det henda at ho er oppkalt etter fyrste kona has Halvor, NN Ivarsd.

 

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I tingboka for Indre Sogn 1648-1652 side 13b/14a finner vi følgende:

 

8. mars 1649 ting på Eskestrand i Sogndal. Alf Gudvang hadde stevnet Clemet Clemetsen Vatlestad for 6 melers leie som ligger i Lægreid i Årdal og 1/2 løb smør liggende i Heggestad på Veitastrond som var på skiftet etter deres salige "goedfader" (dvs. bestefar?) Gunder Alme, og formente at hans kvinne bør ha hennes part i bemelte gods og begjærte dom. Til saken å svare møtte Clemet Clemetsen som lot fremkalle Elling Øre og Bottel Nornes hans sl. far som og i lige måde var på skiftet. De foregav bemelte skifte å ha stått for 20 år siden og da ble 6 melers leie utsatt til Ågote Ellingsdatter for 50 rdl. og hun betalte til Anders Lauritsen bemelte 50 rdl. og 10 rdl. til Christen Andersen.

 

Videre står det at Clemet har betalt til de 2 søstre for deres anpart, og at Clemet arvet 1 mele og søstrene 1 mele. Men det er vanskelig å få noe ut av dette, for søstrene er ikke nevnt ved navn, heller ikke hvem sine søstre det er. Så er Alf Gudvangen på hans kvinnes vegne nevnt på nytt.

 

6. juni 1651, side 90b/91a, ting på Eskestrand i Sogndal. Johannes Finsen boende på Rinde i Ytre Sogn hadde stevnet Clemet Vatlestad fordi hans kvinne Sønneve Thommesdatters far sl. Thommes Sifuersen som fikk til ekte bemelte Clemets (fader Clemet Gundersen - overstrøket i tingboka) moder Aagotte Ellensdatter....

 

Etter dette ser det ut til at Gunder Alme hadde sønnen Clemet Gundersen som var gift med Ågote Ellingsdatter (gift 2 med en Thomas Siversen) og de var foreldre til Clemet Clemetsen Vatlestad 50 år i 1666. Det ser også ut til at Alf Ivarsen Gudvangen (80 år 1701) var gift med et barnebarn av Gunder Alme siden han nevnes på sin kvinnes vegne.

 

I Labergs bok om Lærdal står det under Bjørkum i Erdal at Alf Gudvangen var dattersønn av Gunder Bjørkum som døde i 1608. Alf Gudvangen er også nevnt i dette skiftet:

 

7. mai 1691 etter avdøde Ragnhild Larsdtr. Bjørkum i Erdal + gift med Lars (Olsen). Arvinger:

 

Alf Gudvang på egne og sin bror Gunder Brekkes vegne, ittem Halvor Vold på sin kones vegne, hvilke 3 arver halvdelen av hva arves skal og deles dem imellom som de var søsken ettersom de er avdødes søskenbarn.

 

De andre arvinger er Nils Sjøbakken, Rasmus Skaffer, Knut Kroppen(?) på sin kones vegne og Lars Sjursen på sin kones vegne, og deles denne part imellom dem således at Nils Sjøbakken tar like så meget som de andre tre som er søstre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje x 2 for interessante opplysningar som gjeld denne huslyden.

 

Eg er ikkje nokon ekspert på tolking av gamle dokument, men om me ser kor gamal Clemet Clemetson var i 1665, og me veit at kona til Alf Gudvangen ikkje kan ha vore noko eldre, snarare eit par yngre, so kan ikkje ho ha vore dotter av gamle Gunder. Kanskje var kona til Halvor Wold i Lærdal den andre søsteri som er referert i 1649. Det spørs nok om ikkje desse søstrene har vore søstrene til Clemet Clemetson og soleis sønedøtrer etter gamle Gunder Alme.

 

Eg har sett opp eit nytt utkast til manuskript om denne huslyden og ser gjerne at dette vert kommentert vidare:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gunder Alme, som me ikkje kjenner opphavet til, må vera f. kring 1555 og d. som gardbrukar på Alme kring 1628. Han gifte seg kring 1585 med ei Kari, som òg er av ukjent opphav. Ho var rimelegvis f. kring 1565 og d. kan henda på Alme kring 1640. Gunder var komen til Alme i 1603, men hadde nok då alt vore der ei tid. Han var leiglending på Alme, men var likevel ein storbonde for si tid. Han var ein av svært få bønder i Hafslo med jordeigedom då han åtte lutar i Lomheim, i Sviggo, i Heggestad og i Lægreid i Årdal. Han dreiv bruket på Alme levetidi ut, og sidan heldt enkja fram med styringi til kring 1630. Me kjenner til to born etter dette parfolket, men dei kan godt ha hatt fleire:

 

1. Clemet Gunderson, f. kring 1588, flytte i ung alder til Sogndal der han kring 1612 gifte seg med ei Agatha Ellendsdotter, som me ikkje kjenner opphavet til. Me veit ikkje nett kvar dette parfolket budde, men truleg har det vore i Norum sokn i Sogndal. Clemet d. truleg kring 1625, og Agatha gifte seg att med ein Thomas Sjurson, som me heller ikkje veit noko meir om.

 

¤¤¤¤¤ (fleire opplysningar?)

 

Agatha d. truleg kring 1646, og i 1649 vart det strid om noko arv etter gamle Gunder Alme. Det kan sjå ut som Agatha i ekteskapet med Clemet hadde minst tre born, ei dotter som me ikkje veit noko meir om,

 

¤¤¤¤¤ (eller var ho kan henda gift med Halvor Wold i Lærdal?)

 

og so desse to:

 

a. Clemet Clemetson, f. i Sogndal kring 1615, vart gardbrukar på Vatlestad i Sogndal der han framleis levde i 1665, men me veit ikkje noko meir om huslyden hans eller lagnaden deira.

 

¤¤¤¤¤ (fleire opplysningar?)

 

b. NN Clemetsdotter, f. i Sogndal kring 1620, vart gift med ein Alf Iverson, f. kring 1621. Alf og kona vart gardbrukarar på Gudvangen i Aurland og budde der levetidi ut. Alf d. truleg i Gudvangen kring 1705.

 

¤¤¤¤¤ (kan dette stadfestast?)

 

Dei hadde nok fleire born, og ein soneson deira var Atle Gunderson (1677- ), som sidan vart gardbrukar på Urnes i Hafslo.

 

2. NN Gundersdotter (1605-1680), vart gift med gardbrukar Albrigt i Neset (1595-1670).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg meiner eg har funne bustaden til Clemet Gunderson! Han var leiglending på garden Holsete på Hafslo der han er nemnd i perioden frå kring 1612 til kting 1618, og me får dessuan greie på at han var jordeigar i Voll og Grøte i Lærdal!

 

Eg har ikkje skattelistene for Sogndal, so eg veit ikkje om det var Clemet Gunderson som flytte eller om det var enkja hans, men kanskje andre har fleire opplysningar om dette?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.