Gå til innhold
Arkivverket

Dortha Ingebrigtsdotter (1724-1804) - frå Hafslo til Årdal - huslyden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein nyoppdaga huslyd frå Hafslo som eg vonar få med so nokolunde komplett før me går til prenting. Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dortha Ingebrigtsdotter, døypt i Hafslo 17.9.1724, flytte i ung alder til Årdal der ho 2.11.1752 vart gift med enkjemannen Nils Halvorson, opphavleg frå Øye i Lærdal, ein son av gardbrukardotteri Mari Nilsdotter frå Beim i Hafslo (1684-1762). Nils vart døypt i Lærdal 22.1.1719 og gifte seg første gongen i Årdal 3.12.1741 med Anna Torstensdotter frå Aspreim i Årdal. Ho var dotter av gardbrukar Torsten Olson på Aspreim, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Anna Thomasdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Årdal 1.11.1721.

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer?)

 

Men Anna d. på Aspreim alt 29.1.1752. Nils tok over som gardbrukar på Aspreim i Årdal då han gifte seg med Anna, og der vart han òg buande i ekteskapet med Dortha. Nils d. på Aspreim 20.5.1785, medan Dortha d. same staden 26.1.1804. Nils Halvorson fekk i alt åtte born, tre frå første ekteskapet og fem frå det andre:

 

a. Halvor Nilsson, døypt i Årdal 28.10.1742, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – før 1752)

 

b. Mari Nilsdotter, døypt i Årdal

 

¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar?)

 

1744, d. i Årdal 12.4.1764.

 

c. Anna Nilsdotter, døypt i Årdal 30.10.1746, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – før 1752)

 

d. Anna Nilsdotter, f. i Årdal 26.5.1753, d. på Jevnaker i Årdal 24.5.1817. Anna gifte seg i Årdal 27.10.1776 med Thomas Pederson frå Jevnaker i Årdal, f. i Årdal

 

¤¤¤¤¤ (fødsels- eller dåpsdatoen hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Thomas og Anna tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Jevnaker i Årdal og fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

e. Britha Nilsdotter, f. i Årdal 3.10.1755, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Britha gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1789 med Erik Johnson frå Offerdalen i Årdal, f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans? – finn han ikkje i Årdal!?)

 

1753. Erik og Britha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans i Offerdalen indre i Årdal der Erik d. 29.6.1803. Britha gifte seg so att i Årdal 27.11.1803 med enkjemannen Hans Jørgenson, opphavleg frå Prestegarden

 

¤¤¤¤¤ (stemmer det at han var oppvaksen der?)

 

i Årdal, f. i Årdal 15.8.1760. Han d. som kårmann på Dalaker 27.1.1839. Hans var gardbrukar på Dalaker i Årdal, og Britha flytte inn hjå han då dei gifte seg.

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

f. Barbro Nilsdotter, f. i Årdal 12.1.1758, d. som kårenkje på Hestetun 16.3.1836. Barbro gifte seg i Årdal 24.10.1779 med Endre Olson frå Hestetun i Årdal, f. i Årdal 18.11.1755. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – finn ikkje d. i Årdal 1817!)

 

1817. Endre og Barbro tok over som gardbrukarar på Hestetun etter foreldri hans

 

¤¤¤¤¤ (stemmer dette?)

 

og fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

g. Halvor Nilsson, f. i Årdal 7.10.1760, d. som gardbrukar på Aspreim 8.11.1831. Halvor gifte seg i Årdal 10.6.1787 med Anna Olsdotter frå Hæreid i Årdal, f. i Årdal 24.8.1767. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Halvor og Anna tok over som gardbrukarar på Aspreim i Årdal etter foreldri hans og fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

h. Mari Nilsdotter, f. i Årdal 13.7.1769, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Mari gifte seg i Årdal 15.11.1795 med Ole Johnson frå Offerdalen indre, f. på Hæreid i Årdal 20.9.1767. Han d. som gardbrukar i Offerdalen 28.5.1836. Ole var handelskar, og han og Mari budde først nokre år på Aspreim i Årdal, men fekk sidan ta over som gardbrukarar på heimebruket hans i Offerdalen indre i Årdal. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein del av dei manglande detaljane kan nok finnast i bygdebøkene for Årdal, som eg ikkje har tilgjengelege der eg no er, medan andre truleg treng ekspertise...

 

Eg ventar spent og takkar so mykje på førehand for alle gode innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ein nyoppdaga huslyd frå Hafslo som eg vonar få med so nokolunde komplett før me går til prenting. Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

a. Halvor Nilsson, døypt i Årdal 28.10.1742, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – før 1752)

 

b. Mari Nilsdotter, døypt i Årdal

 

¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar?)

 

1744, d. i Årdal 12.4.1764.

 

c. Anna Nilsdotter, døypt i Årdal 30.10.1746, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – før 1752)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein del av dei manglande detaljane kan nok finnast i bygdebøkene for Årdal, som eg ikkje har tilgjengelege der eg no er, medan andre truleg treng ekspertise...

 

Eg ventar spent og takkar so mykje på førehand for alle gode innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Eg har svart Lars på mesteparten av dette på mail utanom desse tre datoane ovafor, dersom Lars ikkje er fornøydde så gjer han nok beskjed om han ynskjer meir.

 

Når det gjelder KB for Lærdal/Årdal så ser det ut til at det manglar fleire sider for året 1750, 1. januar til 25 oktober.

 

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for direkte svar på spørsmåli mine. So vidt eg kan sjå, etter innføring av opplysningane, so manglar no berre datoane for desse tre eldste borni. Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dortha Ingebrigtsdotter, døypt i Hafslo 17.9.1724, flytte i ung alder til Årdal der ho 2.11.1752 vart gift med enkjemannen Nils Halvorson, opphavleg frå Øye i Lærdal, ein son av gardbrukardotteri Mari Nilsdotter frå Beim i Hafslo (1684-1762). Nils vart døypt i Lærdal 22.1.1719 og gifte seg første gongen i Årdal 3.12.1741 med Anna Torstensdotter frå Aspreim i Årdal. Ho var dotter av gardbrukar Torsten Olson på Aspreim og kona Anna Thomasdotter frå Hæreid og vart døypt i Årdal 1.11.1721. Men Anna d. på Aspreim alt 29.1.1752. Nils tok over som gardbrukar på Aspreim i Årdal då han gifte seg med Anna, og der vart han òg buande i ekteskapet med Dortha. Nils d. på Aspreim 20.5.1785, medan Dortha d. same staden 26.1.1804. Nils Halvorson fekk i alt åtte born, tre frå første ekteskapet og fem frå det andre:

 

a. Halvor Nilsson, døypt i Årdal 28.10.1742, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – før 1752)

 

b. Mari Nilsdotter, døypt i Årdal

 

¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar?)

 

1744, d. i Årdal 12.4.1764.

 

c. Anna Nilsdotter, døypt i Årdal 30.10.1746, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – før 1752)

 

d. Anna Nilsdotter, f. i Årdal 26.5.1753, d. på Jevnaker i Årdal 24.5.1817. Anna gifte seg i Årdal 27.10.1776 med Thomas Pederson frå Jevnaker i Årdal, f. i Årdal kring 1750. Han d. som kårmann på Jevnaker 10.1.1840. Thomas og Anna tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Jevnaker i Årdal og fekk ni born i lag.

 

e. Britha Nilsdotter, f. i Årdal 3.10.1755, d. som gardbrukarkone på Dalaker i Årdal 4.2.1827. Britha gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1789 med Erik Johnson frå Offerdalen i Årdal, f. i Årdal kring 1750. Erik og Britha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans i Offerdalen indre i Årdal der Erik d. 29.6.1803. Britha gifte seg so att i Årdal 27.11.1803 med enkjemannen Hans Jørgenson, opphavleg frå ein plass under Prestegarden i Årdal, f. i Årdal 15.8.1760. Han d. som kårmann på Dalaker 27.1.1839. Hans var gardbrukar på Dalaker i Årdal, og Britha flytte inn hjå han då dei gifte seg. Britha fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre mannen Hans hadde fem born frå første ekteskapet sitt.

 

f. Barbro Nilsdotter, f. i Årdal 12.1.1758, d. som kårenkje på Hestetun 16.3.1836. Barbro gifte seg i Årdal 24.10.1779 med Endre Olson frå Hestetun i Årdal, f. i Årdal 18.11.1755. Han d. på Hestetun sommaren 1815. Endre og Barbro tok over som gardbrukarar på Hestetun etter foreldri hans og fekk sju born i lag.

 

g. Halvor Nilsson, f. i Årdal 7.10.1760, d. som gardbrukar på Aspreim 8.11.1831. Halvor gifte seg i Årdal 10.6.1787 med Anna Olsdotter frå Hæreid i Årdal, f. i Årdal 24.8.1767. Ho d. på Aspreim 23.2.1814. Halvor og Anna tok over som gardbrukarar på Aspreim i Årdal etter foreldri hans og fekk tolv born i lag.

 

h. Mari Nilsdotter, f. i Årdal 13.7.1769, d. som gardbrukarkkone i Offerdalen i Årdal 24.6.1826. Mari gifte seg i Årdal 15.11.1795 med Ole Johnson frå Offerdalen indre, f. på Hæreid i Årdal 20.9.1767. Han d. som gardbrukar i Offerdalen 28.5.1836. Ole var handelskar, og han og Mari budde først nokre år på Aspreim i Årdal, men fekk sidan ta over som gardbrukarar på heimebruket hans i Offerdalen indre i Årdal. Dei var barnlause, men Ole gifte seg att og fekk ei dotter i andre ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon føler kall til å studera dei nemnde sidene i kyrkjeboki for Lærdal, so ville eg setja stor pris på det. Eg har blatt igjennom 1744, men finn ikkje dåpen til Mari...

 

Eg takkar på ny for all hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Er bok nr.9 snart klar for prenting altså ? Har dei andre bøkene, som eg har brukt og lese mykje i. Men mangler ein del linjer som vel blir å finna i dei nye bøkene. Skal bli interessant og ser fram til dei er ferdige. Ca. 1/4 av slekta mi på morsida er å finna i bøkene.

 

V.h. Svein.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har svart Lars på mesteparten av dette på mail utanom desse tre datoane ovafor, dersom Lars ikkje er fornøydde så gjer han nok beskjed om han ynskjer meir.

 

Når det gjelder KB for Lærdal/Årdal så ser det ut til at det manglar fleire sider for året 1750, 1. januar til 25 oktober.

 

Mvh. Terje Hagen.

 

Eg drista meg til å sjå på dette, trass i at eg ikkje kan noko om bygdesoga i Årdal.

Som Lars fann eg ingen Mari Nilsdotter døypt i 1744. Det næraste eg kjem er ein Nils i Hagen frå Årdal som døyper ei dotter Anne den 17 juli 1745, men då er døypenamnet hennar heilt feil:

 

http://www.arkivverk...25D2e%250A%251B

 

"jtem Døpt fra Aardahls Nils i Hagens Datter

dpt Anne. Faddr: Mathias Wilsßen (?), Johannis Tÿnjum, Marj ibid, Ane

Anders Datter og Ingebor Hans Datter". (Kolonna til venstre, andre avsnitt ovanfrå). Men så spørst det då om presten har slurva med namnet på dåpsbarnet (skulle Anne eigentleg vore Mari?), og - ikkje minst - kven denne Nils i Hagen i såfall var.

 

Etter kva eg skjønar så finst det éin stad Hestehagen i Årdal i dag, og minst to stader der som heiter Hagen. I matrikkelutkastet for Årdal i 1950 finn ein dei matrikulerte bruka Hagen under Lægreid (gnr. 6) og Hagen under Hovland med Dalen (gnr. 9) - likeins òg Hagen under Hæreid (gnr. 27). Desse bruka er ikkje nemnde i 1886-matrikkelen for Årdal, og dersom dei eksisterte så var dei i alle høve ikkje matrikulerte som eigne gardsbruk då.

 

Men 1838-matrikkelen for Årdal er kanskje meir interessant:

For der finn vi bruket Hestehagen under Hæreid (gnr. 28, løpenr 42b), garden Asperheim har då gnr. 30. I 1886 er Hæreid gnr. 27 og Aspreim gnr. 29, så då ligg vel gjerne gardane Hæreid og Aspreim nær kvarandre?

 

http://arkivverket.n...e=bigger&mode=0

 

Vonar at Terje med det mykjeseiande namnet Hagen kan seia noko vetigt om dette.

Endret av Terje Hatvik - Os i Hordaland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

På den linken som du har lagt ut så ser me øverst i kolonne 2 at Nils Asperheim døyper dotter si Anne.

 

Når det gjelder Hæreid/Asperheim så skulle ein nesten tru at dei var naboar når ein tenker Gnr.

No har det seg slik at gardsbruki Hæreid 4.stk. ialt ligger på nordsida av Hæreidselvi inne på Årdalstangen.

Skal me til Asperheim så må me ut fjorden til fyrste sidedalen nord for Årdalsfjorden, Seimsdalen. Elles kan me gå den andre ruta over fjellet ca 400-500 meter over havflata til Seimsdalen, eller den tredje ruta båt på Årdalsvatnet til Nundalen og så over til Seimsdalen. Idag er det ein 1000 meter lang tunnel frå Årdalstangen til Seimsdalen.

 

Å definere 'Hagen' eller 'Hage', tja kva skal ein seie om det...eg er ikkje den rette til det:) Men eg slår opp i Nynorskordboka og får dette:

 

hage I hage m1 (norr hagi i tyd. 2)

 

1 (inngjerda) jordstykke (ved hus, gard) der det blir dyrka frukt, bær, grønsaker el. prydplanter epleh- / frukth- / kjø(k)kenh- / kolonih- / urteh- / vinterh- / botanisk h- hage til bruk for botaniske studiar / zoologisk h- anlegg der ville dyr blir haldne i fangenskap til vitskaplege føremål el. til framsyning; dyrehage

 

2 inngjerda stykke beitemark, hamn hamneh- / hesteh- / kalveh-

 

hage II hage [kløyvd inf -a] v1 (norr haga; smh med I og II hag) ordne, skipe, lempe; refl: h- seg lempe seg; halde måten

 

 

hage III hage [kløyvd inf -a] v1 (av *I hage) gjerde inn

 

 

Når det gjelder 'Hestehagen' på Hæreid så var det landhandlar Hille så brukte denne, kanskje til hestane sine? Om han eigde dette stykkje veit eg ikkje kanskje han bygsla dette.

 

Når det gjelder det døype som du henviser til, sjå 13. linja i fyrste kolonne i linken under.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-104

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620044.jpg

 

Dette kan vere Lærdøler som døyper dotter si i Årdal. Eg veit at Årdølene reiste til Tønjum og Hauge i Lærdal og døypte ungane sine då på 1750-1770-talet. Dersom det er Årdøler som døyper dotter si med Lærdøler som faddrar så er dei nye for meg.

 

Eg er ikkje istand til å tolka om det står Nils i 'Hagen' eller Nils i 'Lægreid' her må eg ha hjelp frå andre personar i dette fora.

 

Mvh. Terhe Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

På den linken som du har lagt ut så ser me øverst i kolonne 2 at Nils Asperheim døyper dotter si Anne.

 

Når det gjelder Hæreid/Asperheim så skulle ein nesten tru at dei var naboar når ein tenker Gnr.

No har det seg slik at gardsbruki Hæreid 4.stk. ialt ligger på nordsida av Hæreidselvi inne på Årdalstangen.

Skal me til Asperheim så må me ut fjorden til fyrste sidedalen nord for Årdalsfjorden, Seimsdalen. Elles kan me gå den andre ruta over fjellet ca 400-500 meter over havflata til Seimsdalen, eller den tredje ruta båt på Årdalsvatnet til Nundalen og så over til Seimsdalen. Idag er det ein 1000 meter lang tunnel frå Årdalstangen til Seimsdalen.

 

Å definere 'Hagen' eller 'Hage', tja kva skal ein seie om det...eg er ikkje den rette til det:) Men eg slår opp i Nynorskordboka og får dette:

 

hage I hage m1 (norr hagi i tyd. 2)

 

1 (inngjerda) jordstykke (ved hus, gard) der det blir dyrka frukt, bær, grønsaker el. prydplanter epleh- / frukth- / kjø(k)kenh- / kolonih- / urteh- / vinterh- / botanisk h- hage til bruk for botaniske studiar / zoologisk h- anlegg der ville dyr blir haldne i fangenskap til vitskaplege føremål el. til framsyning; dyrehage

 

2 inngjerda stykke beitemark, hamn hamneh- / hesteh- / kalveh-

 

hage II hage [kløyvd inf -a] v1 (norr haga; smh med I og II hag) ordne, skipe, lempe; refl: h- seg lempe seg; halde måten

 

 

hage III hage [kløyvd inf -a] v1 (av *I hage) gjerde inn

 

 

Når det gjelder 'Hestehagen' på Hæreid så var det landhandlar Hille så brukte denne, kanskje til hestane sine? Om han eigde dette stykkje veit eg ikkje kanskje han bygsla dette.

 

Når det gjelder det døype som du henviser til, sjå 13. linja i fyrste kolonne i linken under.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-104

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70514620044.jpg

 

Dette kan vere Lærdøler som døyper dotter si i Årdal. Eg veit at Årdølene reiste til Tønjum og Hauge i Lærdal og døypte ungane sine då på 1750-1770-talet. Dersom det er Årdøler som døyper dotter si med Lærdøler som faddrar så er dei nye for meg.

 

Eg er ikkje istand til å tolka om det står Nils i 'Hagen' eller Nils i 'Lægreid' her må eg ha hjelp frå andre personar i dette fora.

 

Mvh. Terhe Hagen.

 

 

Takk for grundig og interessant tilbakemelding frå Terje Hagen.

No lærte eg i alle høve ein god del lokalgeografi frå Årdal, det kjem sikkert godt med seinare :)

Orsak at eg rota litt med lenkjene, men du fann i alle høve fram til den eg meinte.

 

Når det gjeld tydinga av Nils sitt tilnamn ved den nemnde dåpen den 17. juli 1745, så får eg diverre ikkje dette etternamnet til å harmonera med Lægreid: den store førebokstaven i tilnamnet er, slik eg ser det, ein tydeleg _H_ og ikkje ein L. Vidare er dei to neste bokstavane etter mi meining a og g - ikkje æ og g. Inntil vidare held eg difor fast ved tydinga "Nils i Hagen"

 

Eg anar sjølvsagt ikkje kor vidt det fanst ikkje-matrikulerte husmannsplassar i Årdal kring midten av 1700-talet, langt mindre om nokre av desse vart kalla eit eller anna med hage, men dei lokale bygdebøkene fortel kan hende noko om dette ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svein og Terje x 2 for spennande og nyttige innlegg!

 

Først av alt: Band IX er det neste bandet som kjem i bygdebokserien, og det vert ikkje so lenge til!

 

Elles kan eg nemna at eg sjølv har funne dødsfallet til Halvor Nilsson. Han vart gravlagd 25.11.1742, 13 dagar gamal. Men om ser på statistikkane som soknepresten sette opp på slutten av kvart, til dømes 1742 med 27 fædde og 4 avlidne (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-92), og denne tendensen gjentek seg nesten kvart år utover, so er det lett å forstå at her manglar det mange dødsfall, og Anna er nok ei av dei som manglar...(?). Men det manglar nok òg ein del fødde, og Mari i 1744 må vera ei av dei... Og merkeleg nok finn me heller ikkje mori mellom dei "introduserte"...

 

So då kjem me vel ikkje stort lenger med denne huslyden...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.