Gå til innhold
Arkivverket

Lucris Georgsdotter von Krogh (1694-1741) - kven var no denne første ektemaken hennar med namn Ole?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hei alle,

 

gammel tråd som stadig er aktuell. Er det noen som har kommet noe nærmere svaret på hvem denne Ole er, far til Lucris (Lucretia) von Kroghs 2 første barn, Cecilie og Kirsti? Selv nedstammer jeg fra Cecilie Olsdatter.

 

Mvh Geir

Endret av Geir By Strømsnes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein forseinka takk til Per og Kurt for dei siste innleggi frå 2011, som eg tydeleg ikkje har fått med meg (eg hadde på den tidi vanskar med å leggja inn «abonnement» på svartenesta i Brukarforum...  Ogso hjarteleg takk til Geir for å henta fram att dette emnet!

 

Nei, diverre er i alle fall ikkje eg komen nærare ei løysing på kven denne Ole var, første mannen til Lucris von Krogh.  Soleis står teksten min frå Gards- og Ættesoga for Luster, bd X, under gnr. 149 Beim frå 2013 framleis uendra slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Nilsson Beum, son av føregåande brukar og herifrå Beim, var f. kring 1675 og d. på Beim kring 1742.  Han gifte seg første gongen i Sogndal 13.11.1701 med Guri Hansdotter frå Fimreite i Sogndal.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Pederson på Fimreite og andre kona Unni Nilsdotter frå Borlaug og f. i Sogndal kring 1680.  Ho d. på Beim kring 1719.  Jens gifte seg so att i Hafslo hausten 1720 med ei Gjertrud Aamundsdotter.  Dei var skylde ”i andet og tredje led”, men opphavet hennar er færebels ukjend.  Ho var truleg f. kring 1695, men d. på Beim alt kring 1723.  Jens gifte seg so tredje gongen i Hafslo 25.6.1724 med enkja Lucris Georgsdotter von Krogh, opphavleg frå Flahammar i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1694 og d. på Beim kring 1741.  Ho hadde før vore gift med ein Ole, men må ha butt i ei anna bygd, og denne Ole er heilt ukjend.  Jens Nilsson, som stundom skreiv seg Beum og andre gonger nytta ættenamnet Hess, tok over styringi av heimebruket på Beim frå kring 1696.  Han fekk 11.2.1712 bygslebrev på 12 merker smør som høyrde til lektoratet eller Bergens lærde skule.  Han laut 20.12.1725 gje frå seg Beim med Grøt til brorborni Jens og Nils Jenssøner Hess, men 20.12.1735 selde dei attende til Jens Nilsson.  Jens åtte elles ein større part i Sterri (bnr. 1).  Sonen til seljaren, Andreas Reutz, skreiv 24.5.1718 ei fråsegn til tinget i Solvorn og Marifjøra skipreide der han påstod å vera odelsberettiga til å innløysa Sterri og lyste pengemangel.  Men kort tid etter, utan dato, men tinglese 27.9.1721, overdrog Andreas Reutz odelsretten sin i Sterri til Jens.  Jens fekk 12.4.1701 skøyte på ½ laup smør i Vetle-Kalhagen hjå den eldre broren Jens Hess, og ved gåvebrev av 11.10.1741 let Jens luten til dei tre yngste borni Jørgen, Bertha og Gjertrud.  Jens var elles ein vyrd mann i bygdi og hadde stilling som bygdelensmann i Hafslo frå 1711 og levetidi ut.  Han fekk i alt ti born, fem frå første ekteskapet, eitt frå det andre og fire frå det siste, men siste kona hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt:

 1. Kari Jensdotter (1703-1764), vart gift første gongen med gardbrukar Lasse Andersson i Kvam (1691-1725) og sidan attgift med gardbrukar Ole Torstenson, òg i Kvam (1700-1772).

 2. Hans Hess Jensson (1707-1771), fekk ta over som gardbrukar på heimebruket på Beim etter far sin.

 3. Mari Jensdotter (1710-1724).

 4. Kirsti Jensdotter (1713-1724).

 5. Unni Jensdotter (1717-1764), vart gift med gardbrukar Einer Nilsson på La i Hafslo sokn (1710-1764).

 6. Nils Jensson (1722-1730).

 7. Cecilia Olsdotter (1716-1771), vart gift med gardbrukar og enkjemann Peder Olson på La i Hafslo sokn (1699-1757).

 8. Kirsti Olsdotter (1720-1797), vart gift med gardbrukar Torsten Johannesson på Alme (1712-1793).

 9. Jørgen Fredrik Jensson (1725-1792), vart gardbrukar på Sterri.

10. Bertha Jensdotter, døypt 15.8.1728,

Bertha Jensdotter flytte til Sogndal der ho kring 1746 gifte seg med Skak Pederson frå Ormelseng i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Gunnhild Iversdotter frå Bjørk i Luster (1692-1758).  Skak var f. i Sogndal kring 1723.  Skak og Bertha tok over heimebruket hans på Ormelseng i Sogndal, og derifrå vart Bertha gravlagd 12.7.1782.  Skak Pederson vart gravlagd frå Ormelseng 7.7.1786.  Dei fekk ni born i lag: {for detaljar her syner eg til bygdeboki}

11. Gjertrud Jensdotter (1731-1806), vart gift første gongen med gardbrukar Iver Erikson på Venjo (1717-1762) og sidan attgift med gardbrukar Lars Olson på Haugo (1741-1774).  Tredje mannen hennar vart gardbrukar Ingebrigt Hermundson på Uglo (1742-1826).

12. Nils Jensson (1734-1737).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville sjølvsagt verta overlukkeleg om nokon greidde å identifisera denne Ole, men tek òg gjerne imot andre kommentarar til teksten, særleg om denne inneheld feil...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for oppfølging! Ein skulle kanskje tru at den stadige digitaliseringa vil gjøre jakta enklare når ein ikkje veit kor ein skal leite? Et eller anna sted bør det være ein merknad. Noe som må være ein fordel i jakta er at Lucretia/ Lucris har et såpass spesielt navn, som skiller seg ut fra mange av de andre kvinnenavnene ein støter på i disse kildene. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

.

27:

Du nemner ikkje her at [9.] Jørgen Friedrich Jensson Hess (1725-1792) vart g.m. Metta Urnes (1728-1799) frå Vetti i Årdal

og fekk 8 born med henne. Mellom borna var Jens (1747-1804), Lucretia og Peder (1761-1847).

.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Geir og Per for nye innlegg!

 

Når det gjeld Jørgen Fredrik Jensson (1725-1792), so vert det synt til manuskriptet for garden Sterri i Hafslo, der han er omskriven i detalj med huslyden sin!  Det er berre dersom ein person frå bygdi gifter seg til ein gard utanfor bygdi, at vedkommande får full omtale under fødegarden sin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per for nytt innlegg!

 

Eg lyt leggja til at det i kvart band av bygdebokserien vår finst eit gardsnamnsregister med nemning av i kva band denne garden er å finna.  Og skriftstorleiken tyder automatisk at det dreier seg om ein gard innanfor Luster kommune.  Alle utflyttarar og opplysningane om dei er prenta i mindre skrift, so òg opplysningane om dei ni borni etter Bertha Jensdotter og huslydane deira, som eg har utelete i innlegg #27 over.

 

Eg vonar denne forklaringi er grei å forstå og takkar på ny for alle gode tips om kven denne Ole kan ha vore, første mann hennar Lucris...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.