Gå til innhold
Arkivverket

Torsten Andersson Alme og kona Christina - frå Hafslo 1887 - til Amerika 1891 - kvar budde dei 1887-1891?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema følgjer opp tema #23017 i det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=23017&sok=Torsten+Alme&nr=1&antinnlegg=12&startnr=&antall=&spraak=n#anker), som framleis står uløyst.

 

For å gjera problemstillingi heilt kort:

 

Denne huslyden utvandra til Amerika over Christiania i 1891 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=27&filnamn=emikra1&gardpostnr=115181&merk=115181#ovre):

 

03.04.1891 Thorsten Anders. Alme g Arb. m 38 Indre Sogn New York O. Rasch Angelo Ppd.

03.04.1891 Kristine Alme g k 34 Indre Sogn New York O. Rasch Angelo Ppd.

03.04.1891 Lukris Alme B. m 10 Indre Sogn New York O. Rasch Angelo Ppd.

03.04.1891 Sønøve Alme B. k 7 Indre Sogn New York O. Rasch Angelo Ppd.

03.04.1891 Anne J. Alme B. k 2 Indre Sogn New York O. Rasch Angelo Ppd.

 

Parfolket flytte frå Hafslo kring 1887, og Torsten er kalla arbeidar då dei utvandra i 1891. Dei nemner indre Sogn som heimen deira i Noreg, men dei budde ikkje der då, og dotteri Anna Johanne, fødd 6.11.1889 (ifølgje kjelder i Amerika - kan kanskje vera 1888 eller 1890 i staden?) må vera fødd austafjells. Spørsmålet er berre KVAR?

 

Christina (Nilsdotter) hadde ei søster Johanna som i 1889 flytte til Ruud i Nittedal, og ei yngre søster Sofia må vera flytt til Nittedal på same tid. Eg kan ikkje sjå at Anna Johanna er fødd i Nittedal, men eg er ganske so overtydd om at ho må vers fødd ein eller annan stad i området Nittedal-Christiania.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet, som me aldri har lukkast i å finna ei løysing på.

 

Ein eller annan stad nær Christiania MÅ Anna Johanna vera fødd.  Me har ein fødselsdato oppgjeven frå Amerika som lyder 6.11.1889, og ser me på medlemslista for First Lutheran church i Stoughton, WI, der huslyden vart oppteken først på året i 1893, so stemmer alderen, 3 år, godt med denne fødselsdatoen!

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315077-00014?pid=4159800&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx6354%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26dbid%3D60722%26gsln%3DAnderson%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26cp%3D12%26msbdy%3D1897%26msbpn__ftp%3Ddane,%20wisconsin,%20usa%26msbpn%3D816%26msbpn__ftp_x%3D1%26msbpn_x%3D1%26new%3D1%26rank%3D1%26redir%3Dfalse%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D34%26fh%3D5%26h%3D4159800%26recoff%3D%26ml_rpos%3D6&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6354&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_315076-00321

 

I tillegg til Anna Johanna, so trur eg at Torsten og Christina òg må ha hatt ein son eller dotter fødd nær Christiania hausten 1887, men som døydde før huslyden utvandra til Amerika i 1891!

 

Eit tilleggsspørsmål som eg trur ikkje har vore drøfta før, er følgjande:

 

Torsten Alme døydde i Stoughton, WI 26.3.1900, og i 1900 eller våren 1901 skal Chrikstina vera flytt ATTENDE til Noreg, truleg til BERGEN, der ho skal ha drive hotell i lag med ei søster til ho i 1908 på ny utvandra til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000720232

 

Med attende til Noreg var to born, mellom anna denne dotteri:

 

** Ada Nikoline Alme, fødd i Stoughton, WI 20.1.1895.

 

Ada skal, etter kva familien i Amerika fortel, vera avlidi i Bergen, truleg kring 1903, men er det mogeleg å finna ein nøyaktig dato (og stad) for dette dødsfallet? 

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips for å løysa denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

No vart eg heilt mållaus!  Hjarteleg takk til Carsten for eit imponerande innlegg!  Korleis du klarte å finna denne dåpen, forstår eg ikkje, men hovudsaki er jo at Anna Johanna no er kommi til rette!

 

Eg bladde kjapt gjennom 1887-1889. men fann ingen andre søsken fødde i Lunner, so kanskje dei ikkje hadde fleire born fødde austafjells enn denne Anna Johanna?...

 

Då er første delen av denne utfordringi tydeleg løyst, men er det mogeleg å finna ut noko meir om dødsfallet til dotteri Ada Nikoline, som skulle vera avlidi i Bergen kring 1903?

 

Det er lov å vona, men først av alt takkar eg på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis damen er hotelvaertinde Christine Hillestad i Store Markevei 28 i kommunevalget i Bergen 1904, så er spörsmålet hvor datteren döde........

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke for siste innlegget!

 

Jau, det er rett dame du har finne, og eg tykkjer det er so merkeleg at dødsfallet til dotteri ikkje skal vera å finna nokon stad...

 

Kan det tenkjast, at dotteri ikkje var «registerført» som busett i Bergen og at ho difor ikkje er medteki i kyrkjebøkene?  Lyt me kanskje «tråla» dødsmeldingane?  Eller kan Ada Nikoline vera avlidi ein stad NÆR Bergen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om dette dødsfallet og vonar det omsider vil dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.