Gå til innhold
Arkivverket

Mary E. Samuelson, fødd i Noreg feb. 1858, utvandra 1867/1868 - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet vart innlagt i det gamle Brukarforum i 2008 som #64986 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=64986&sok=Samuelson+%D8yane&nr=1&antinnlegg=3&startnr=&antall=&spraak=#anker), og to svar kom inn frå Terje og Torodd (ein sein, men like hjerteleg takk til dhykk båe!), men utan at nokon av dei "jumped out at me"...

 

Innleiingsteksten var:

 

~~~~~

 

Mary Samuelson, fødd i Noreg februar 1858 (jmf. FT1900), skal ha utvandra i 1867 eller 1868. Ho gifte seg kring 1880 i St Paul, MN, men me finn ikkje vigsli!

 

Dødsmeldingi hennar frå Rochester, MN 1908 seier at far hennar heitte SAMUEL OLSON, medan mori var ukjend.

 

Eg finn ingen høvelege Mari... Samuelsdotter i FT1865, MEN namnet Samuel KAN vera eit problem. Samuel finst i Noreg, men eg har òg sett døme på at Sjur, Syvert, Simon, Semund og Salomon vert til "Sam(uel)" i Amerika...

 

Eg står soleis ganske so "fast" med omsyn til dette problemet, men kanskje einkvan sit med eit godt forslag?

 

~~~~~

 

Eitt nytt element har dukka opp no nyss: Eg har funne vigselsattesten til Mary Samuelson frå St. Paul, MN frå 1882, og der står namnet skrive MARY E. SAMUELSEN. Kan namnet hennar ha vore til dømes Elisabeth Marie eller Ellen Marie? (Diverre har ikkje vigselsattestane frå MN namni til foreldri!)

 

Det hadde vore kjempekjekt å spora opp denne jenta i Noreg, og eg takkar på ny på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for innlegg!

 

Jau, det er denne Mary Samuelson eg leiter etter. Ho gifte seg med Endre Iverson Skjerven frå Hafslo, fødd 1.11.1845. Han skreiv seg Andrew J. Sherven, og parfolket busette seg frå 1883 på ein farm i Grand Harbor township, Ramsey Co., ND, men Mary døydde på sjukehuset i Rochester, MN 16.10.1908.

 

Det vert forresten fortalt at Andrew flytte til Minneapolis, MN for å gå i prestelære, men etter at han og Mary alt hausten 1881 fekk ein son i lag (Andrew Sherven, fødd 24.10.1881), kan ein vel tenkja seg kvifor utdanningi ikkje vart fullført...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har søkt litt i amerikanske folketeljingar etter Mary Samuelsen, men det næraste eg kjem so langt er denne 18 år gamle tenestejenta hjå E(zekiel) Baker i Winona, MN i 1875 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_18-0404&fn=Mary&ln=Samelson&st=r&ssrc=&pid=4317955).

 

I 1880 er det ei 23 år gamal Lizza Samuelson i Minneapolis, MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6742&iid=4241996-00376&fn=Lizza&ln=Samulson&st=r&ssrc=&pid=48015987), som kunne høva DERSOM ho hadde Elisabeth som førenamn nr. 2...

 

Det skal visst ikkje vera so enkelt å finna denne jenta og opphavet hennar, men ein eller annan stad vil ho nok ogso ho dukka opp...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ville sett på Mary K.Samuelsdatter f. 1858 på Eid i Nordfjord, en gang til, hun er på Eid i 1875, men her stopper alle spor etter henne, ikke er hun å finne i utflyttingslistene i KB i Eid, heller ikke i utvandringslistene fra Bergen, 3 av søskende hennes utvandret, så muligheten er at hun også utvandret er tilstede. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for interessant innlegg!

 

Eg har nok vore svært i stuss når det gjeld Maria frå Eid, MEN so var det dette med oppgjeve namn på far hennar då ho døydde i 1908, Samuel Olson, og no har me dessutan denne mellombokstaven E... Og so har me fått oppgjeve eit utvandringsår kring 1867/1868..., eg trur det var frå FT1900.

 

Elles høver fødselsdatoen svært so godt, og det faktum at ho forsvinn frå Eid etter 1875, er jo òg eit indisum.

 

Veit du, Rune (eller andre), kvar i Amerika søskeni hennar vart av? Eller kven var dei, so kan me jo leita...

 

Finst det elles skifte etter Samuel Knutson eller kona Ragnhild i Eid som kan sjekkast nærare?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den eneste jeg vet om er broren Samuel Johan 25/12-1860, skal være død i La Reviere i Canada 30/7-1921, ellers utvandret til Amerika, Barbra Janika 1/2 1842 i 1871 med mann Ole Mathias Henrikson Bjørlo 18/5-1842, broren Casper Mathias 3/1-1856 skal også være utvandret til Amerika, men var i Ålesund i 1883. Jeg har ikke sett i noen dødsmelding etter foreldrene, men du kan jo spørre Yngve, moren Ragnilde Caspersdatter Alsaker dør 16/4-1900 på Eid og faren Samuel Knudsen Alsaker dør 17/12-1905 på Eid. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune og Lars J. for nye innlegg! Innlegget frå Lars J. ser ut til å stadfesta at det IKKJE kan vera Marie Karoline Samuelsdotter frå Eid som dukka opp i Minnesota i 1882, so me lyt då attende til ny leiting...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.