Gå til innhold
Arkivverket

Karen Olsen (Sjøbakken) - fødd i Lærdal 1863 - døydde på Neevengaarden i Bergen 1903 - livet hennar og borni hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kari Olsdotter, eldste barnet av matros og sidan lausarbeidar Ole Olson (Sjøbakken) (1843-1903) og Ragnhild Larsdotter (1841-1885), var fødd i Lærdal 25.2.1863. Ho flytte til Bergen med foreldri sine kring 1881, og her finn me ho i 1891 i Fritznersmuget 7 i Bergen i lag med far, ein yngre bror Ole (Andreas) og to personar Karl og Olaf som truleg var borni hennar:

 

34865 Fritznersmuget 7 35 77 1 1 Ole Ols. M SH E 42 Lærdal Sogn Løsarbeider

34866 Fritznersmuget 7 35 77 2 2 Karen Ols. K D U 62 Lærdal Sogn hus Bestyrerinde hj. Dtr. Helt af Løsarbeider

34867 Fritznersmuget 7 35 77 3 2 Ole Ols. M S 79 Lærdal Sogn Helt af Løsarbeider

34868 Fritznersmuget 7 35 77 4 2 Karl Ols. M S 84 Bergen By Helt af Løsarbeider

34869 Fritznersmuget 7 35 77 5 2 Olaf Ols. M S 88 Bergen By Helt af Løsarbeider

 

I 1900 er ho kommi i Ladegaardsgaten 28c i Bergen, og her er ein son med ho:

 

Karen Olsen hm ug Sildearbeiderske 1862 Lærdal Sogn NB

Olaf Vilhelmsen s ug S 1888 Bergen

 

So ser me at Karen Olsen Sjøbakken døydde på Neevengaarden i Bergen 7.4.1903 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doed1881)

 

Dødsmeldingi hennar finn me her: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27889/199/

 

Men ser ein på denne dødsmeldingi frå 1903, so ser ein at ei Alma Marie Sjøbakken døydde same dagen, 1 månad gamal! Kan det ha vore dotter hennar?

 

Spørsmålet mitt etter dette vert følgjande:

 

* Kor mange born fekk eigentleg Karen Olsen?

 

* Kan ein påvisa at Karl, Olaf og Alma Marie var borni hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til å vera feil i dødsmeldingslistene for Bergen. Eg fann dødsfallet til den nemnde Alma Marie Sjøbakken, og det syner seg ho heitte Søbotn (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7157&idx_id=7157&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-60), og ho har nok ikkje noko å gjera med Karen Olsen (Sjøbakken).

 

So då står det att å finna dei to gutane frå 1880-åri...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Er dette en dobbeltregisrering av Karen blant dødsfallene i Bergen, eller har vi med to damer med samme for- og farsnavn å gjøre, født på samme sted?? Det pussige er at de er død samme dagen, og begge har opphold Nevengården/Nevengården asyl:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doed1881&personpostnr=17013&merk=17013

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doed1881&personpostnr=9095&merk=9095

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fant jeg Olaf Ragnvald i kirkeboka for Fødselsstiftelsen i Bergen:

 

Bergen fylke, Fødselsstiftelsen, Ministerialbok nr. A 2 (1884-1900), Fødte og døpte 1888, side 51.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7145&idx_id=7145&uid=ny&idx_side=-50

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061122030630.jpg

 

Vet ikke om det samme gjaldt i Bergen, som ved Fødselsstiftelsen i Kristiania/Kvinneklinikken på Rikshospitalet, at det var menge ugifte mødre som fødte sine barn der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for flotte opplysningar!

 

Med dette har me identifisert Karen og sonen Olaf Ragnvald, men kven var då den Karl som er nemnd i 1891? Og kvar vart det av han? Far hennar Karen, Ole Olson Sjøbakken, var òg i mange år fattigunderstøtta; kanskje kjem Karl fram hjå han?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Far til Olaf Ragnvald var Wilhelm Klepfisck født 1866 i Kristiania. Her finner jeg en Albert Wilhelm Klepfisch i f.t. 1865 for Kristiania:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f60301&personpostnr=17666&merk=17666

 

Finner dette i FS:

 

Belgium, Antwerp Police Immigration Index, 1840-1930 for Albert Guillaume Klefisch

 

« Back to search results

 

View image

Save image

Search collection

About this collection

 

Name: Albert Guillaume Klefisch

Event: Immigration

Event Date: 1886-1900

Event Place: Antwerpen, Belgium

Birth Date: 1865

Birthplace: Christiania,

File Number: 76181

Page: 239

Film Number: 2234441

Digital Folder Number: 4331461

Image Number: 00147

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for avklaring av farskapen til Olaf Ragnvald! Dette var riktig spennande lesing!

 

Men Karl Olsen frå FT1891, fødd i Bergen 1884, står framleis som eit uløyst problem... Er han likevel ein son som Ole Olson fekk med første kona Ragnhild Larsdotter?

 

Desse hadde ei dotter Lovise Karine, fødd i Bergen 24.4.1883, som døydde 14.10.1883.

 

Ragnhild døydde i Bergen 9.12.1885, men dødsmeldingi seier berre "seks born".

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er ikkje i stand til å finna denne huslyden i FT 1885 for Bergen by, korkje Kari/ Karen eller nokon av dei hine lét seg lokalisera. Så kanskje dei ikkje heldt til innom bygrensene då, men kan hende i ein av grannekommunane; til dømes då Laksevåg, Årstad, Fana eller Åsane?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

# 5 Ved Olaf Ragnvald's dåpsinnførsel står det "begges 1 leiermål". Da tenker jeg at han er Karen/ Kari's første barn.

 

Når det gjelder Karl 1884 lurer jeg på om dette muligens kan være søsteren Oline's nr 29 Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8404&idx_id=8404&uid=ny&idx_side=-185

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305670668.jpg

 

 

sønn? Nr 26 Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7145&idx_id=7145&uid=ny&idx_side=-6Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061122030586.jpg

Bare litt tankespinn fra meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oline emigrerer i 1886 http://digitalarkive...merk=19786#ovre

 

 

Legger også inn faren til Karl Anton http://digitalarkive...merk=30896#ovre

 

 

Eg synest det gjennomtenkte tankespinnet ditt har ein god del for seg, Hilde. Legg òg merke til at 'pigen Karen Olsen' er ein av fadrane ved dåpen den 21. august 1884.

Og i så fall blir då dattersonen Karl Anton fostra opp av morfaren som om han var den aller yngste sonen i familien (mora emigerer jo _utan_ guten). Dette er jo elles noko vi kjenner frå andre familiar, som kvifor ikkje her òg?

Karl Anton Janson blir då syskenbornet til den ovanfor nemnte Olaf Ragnvald Wilhelmson, og ikkje onkelen hans -.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Terje og ikkje minst Hilde for imponerande innlegg! Det er heilt klart at dette må vera den "mystiske" Karl frå FT1891! Kanskje me då òg kan finna ut noko om lagnaden hans?

 

Oline gifte seg i Wisconsin i 1887 og fekk elleve born til med ektemannen sin. Undrer på om ho stundom tenkte på vetle Karl som var att i Noreg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Olaf Ragnvald var min morfar Olaf Ragnvald Wilhelmsen. Han ble født i 1888 som sønn av Kari Olsdatter og Albert Wilhelm Klefisch. Kari tok i Bergen bruk navnet Karen Olsen som var et "bynavn" som nok lød finere enn Kari Olsdatter. Albert Wilhelm var født i Oslo i 1865 som sønn av Martha (f 1830) og Wilhelm Klefisch (f 1828). Martha var fra Bergen og Wilhelm var fra Tyskland.

 

Etter at Kari/Karen døde reiste Olaf til sjøs på et skoleskip. Deretter var han i flere til sjøs i handelsflåten før han gikk i land i New York og slo seg ned i Brooklyn. Han ble amerikansk statsborger og ble innrullert i US Army på slutten av 1. verdenskrig. Krigen sluttet imidlertid før han ble sendt til Europa. I USA livnærte han seg som bygningsarbeider. På en snarvisitt i gamlelandet traff han Kristine Strømme (f 1894) fra Gulen som han senere giftet seg med. Han valgte da også å bli boende i Norge. Sammen fikk de sønnen Alf i 1923 og Olga i 1926. Begge er ennå blant oss. Alf bor i Reykjavik og Olga i Bergen. Olaf har etter seg fem barnebarn, fjorten oldebarn og tretten tippoldebarn. Olaf døde i 1968.

 

Finnes det opplysninger om min oldemor Kari Olsdatter sin slekt i Lærdal? Har jeg som etterkommer av henne slektninger der?

 

Mvh

Leif Vatle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.