Gå til innhold
Arkivverket

Sivert Mathias Sigbjørnson Haukland, fødd i Lund, Rogaland 1841 - kven var foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Sivert Mathias Sigbjørnson var fødd på Haukland i Lund 4.7.1841. Foreldri var gardbrukar Sigbjørn Sigbjørnson og kona Martha Anstensdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1627&idx_id=1627&uid=ny&idx_side=-46).

 

Denne huslyden bur i 1865 på Haukland i Lund: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1112&kenr=003&bnr=0060&lnr=000

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Lund som kan fortelja meg:

 

* Kva gard/plass hadde Sigbjørn Sigbjørnson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Martha Anstensdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter ein del leiting har eg sjølv (trur eg) løyst dette problemet: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15831&idx_id=15831&uid=ny&idx_side=-132

 

Vigsli til Sigbjørn og Martha syner at dei båe var frå garden Haukland, og i alle fall Martha var ogso fødd på denne garden. Om eg har teke feil, so vonar eg at einkvan med lokal kunnskap kan seia ifrå om dette...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter ein del leiting har eg sjølv (trur eg) løyst dette problemet: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15831&idx_id=15831&uid=ny&idx_side=-132

 

Vigsli til Sigbjørn og Martha syner at dei båe var frå garden Haukland, og i alle fall Martha var ogso fødd på denne garden. Om eg har teke feil, so vonar eg at einkvan med lokal kunnskap kan seia ifrå om dette...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Sigbjørn var frå bruk # 16-Slettå Haukland og kona Marta frå bruk # 2 Haukland i Lund. 4 barn,dei 2 yngste til USA,Sivert Matias F 4.7.1841.g.m. Torborg Matiasdatter,f 1848Til USA 1867 med 1 barn,Sivert,f,1866.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sigbjørn for utfyllande innlegg!

 

Det er nettopp sonen Sivert Mathias eg følgjer vidare. Han gifte seg i Kinn i 1866 med Torborg Tobiasdotter, fødd Hæstad i Helleland i 1851! Dei utvandra i 1867.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Lunds Historie står det tydelig at det var Torborg Matiasdatter fødd 1848 som Sivert Matias, f,1848 var gift med. Du nemner 1851,då vert ho svert ung-men det er jo ikkje umogeleg.

Ved rask gjennomsyn av Hetland Skipreie Helleland sokn av Petrus Valand fann eg henne ikkje på Hestad. Men den godeste Valand har gløymt 2 av sine søsken-så der kan vera fleire utegløymt.

 

Kva prestegjeld høyrer Kinn til ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Erling for innlegg!

 

BUSTADEN hennar var Færøvåg! Om du tek ein kikk på FT1865 for Kinn, vil du forstå samanhangen...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars, du har sikkert kontroll over barna til Sivert og Torborg, men her er de:

 

Sigbjørn (Seibert) Hookland, f. 25 SEP 1865 Kinn, Norway.

Theodor Hookland, f. 27 DEC 1867, Fillmore, Minnesota, d. 7 Feb 1891 Bisbee, Towner, North Dakota.

Martha Anete Hookland, f. 30 SEP 1869, Fillmore, Minnesota, d. 4 Jan 1905, Minnesota.

Bendis Hookland, f. 16 OCT 1871, Becker, Minnesota, 27 May 1891 Bisbee, Towner, North Dakota.

Louis Didrik Hookland, f. 25 SEP 1873, Becker, Minnesota, 3 Jul 1961.

Ingebor Tonete Hookland, f. 13 JUN 1875, Becker, Minnesota, d. 20 Jul 1892.

Bertha (Betsy) Hookland, f. 7 AUG 1877, Becker, Minnesota, d. 16 APR 1935, Bisbee, Towner, North Dakota.

Tobias Hookland Son, f. 13 NOV 1879, Bismark, North Dakota, d. 27 Oct 1940, Fargo, Cass, North Dakota.

Sarah Tonete Hookland, f. 23 NOV 1881, Eagle Butte, Chouteau, Montana, d. 9 Aug 1949.

Hannah Hookland, f. 9 NOV 1884, Hillsboro, Traill, North Dakota, d. 27 Jul 1952.

Sam Martinius Hookland, f. 29 DEC 1886, Bisbee, Towner, North Dakota, d. 27 Jan 1970, Kent, King, Washington.

Ida Teodora Bertine Hookland, f. MAR 1889, Bisbee, Towner, North Dakota, d. 11 Sep 1972.

Emma Teolina B Hookland, f. 20 AUG 1891, North Dakota.

 

Torborg fekk dermed minst 13 barn. Hun er født 13. april 1851 på Hæstad i Helleland og døde 16. oktober 1895 i Bisbee, Towner, North Dakota.

Da hennes 1. barn Sigbjørn ble født, var hun ikke 14 1/2 år.

Sivert giftet seg på nytt og døde 5. juli 1923 i Bisbee, Towner, North Dakota.

 

 

 

 

 

 

.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gaute for nytt interessant innlegg!

 

Eg visste at Sivert og Torborg fekk tretten born i lag, men eg kjem inn på andre kona hans Sivert, Anna Bergitte Christensdotter Batalden (1865-1910). Dei fekk òg tre søner i lag...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.