Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Jensdotter Walaker (Haugen) frå Hafslo, fødd 1791 - konfirmert 1808 - kvar vart ho av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gunnhild Jensdotter vart døypt i Luster 9.10.1791 og var eldste barnet til husmann Jens Larsson i Haugen under Valaker i Solvorn, Hafslo, og kona Barbro Ingebrigtsdotter frå Austre Slidre i Valdres.

 

Gunnhild voks opp i Solvorn og vart konfirmert der i 1808, men forscinn deretter frå bygdi.

 

Eg har leitt i Bergen og i naboregionen i indre Sogn, men ser ikkje noko til ho. Ikkje heller er ho skrivi avlidi i Hafslo!

 

No vonar eg at kanskje ein eller annan kan komma opp med ein glup idé om kvar ho kan ha gjort av seg, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følge skifte etter mora, er ho i 1815 for tiden i tienende i Bergen. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 13a , 1814-1820, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Fol. 1-420.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24147/117/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121650118.jpg

 

Då kunne ho vel kanskje være å finne i FT 1815 i Bergen.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for imponerande funn! Dette skiftet har eg nok oversett, men no er i alle fall Gunnhild Jensdotter attfunni i 1815.

 

Kvar har ho so teke vegen? Kanskje reiste ho nordover?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet som diverre framleis står uløyst!

 

Eg har ikkje funne nokon Gunnhild Jensdotter som gifte seg i Bergen, ingen som døydde og heller ingen som var mødre, som høver med "vår" Gunnhild, so kvar kan ho ha gjort av seg?

 

Eg står heilt "bom fast" og tek med glede imot alle gode tips om denne jenta som til dagleg truleg vart kalla "Flinta-Gunnhild"!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du sjekket ut denne? En Gunilde Jensdatter blir mor 12. mars 1818 og datteren Marthe Johanne blir døpt 3. april i Korskirken.

Far er høker Johannes Pedersen og adresse er 23-29: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=Doep1816&gardpostnr=466&merk=466#ovre

 

Jeg finner ikke denne adressen her, for det hopper fra 28 til 31: http://da4.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bgrodem&medbilete=&sokpostnr=31#a0

.

Dåpen i kirkeboka: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1818, side 210.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8676&idx_id=8676&uid=ny&idx_side=-214

(3. april)

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for "nattlig" innlegg!

 

Jau, eg har sett denne dåpen frå Krosskyrkja i Bergen og trudde ei stund eg hadde funne noko spennande, MEN denne Gunnhild døydde alt i 1819 og var då 38 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=38&filnamn=1301begr&gardpostnr=25426&merk=25426#ovre

 

og ho gifte seg med Johannes Pederson alt i 1802: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=28&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11773&merk=11773#ovre

 

so det kan ikkje vera ho uansett!  Men dette var som sagt ein "heit" kandidat!

 

Kan "vår" Gunnhild vera flytt utanfor Bergen??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Er det ho som døydde av "Watersot"  4. okt 1828, gravl 10.10.1828, bustad: Sandviken 1-57 du leitar etter ?

 

Kjelda er::   Arkivforum, Korskirken, Bergen  1823-35.  Begr.nr  1318, løpenr  055.

 

Jon Sværen

Bergen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nytt innlegg!

 

Diverre so heiter denne jenta frå Sandviken Gurine Jacobsdotter, og alderen avviker òg litt for mykje frå den rette, so eg trur nok diverre dette er eit blindskòt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne òg henta fram att dette emnet som framleis ligg utan resultat.

 

Eg vil tru at denne Gunnhild Jensdotter må ha hamna ein eller annan stad!  Det var bror hennar den steinarbeidaren Lars Jensson som i 1865 budde i Bergen og som sidan flytte heimatt til Solvorn (sjå tema: http://forum.arkivverket.no/topic/196609-anna-olsdotter-f%C3%B8dd-i-husevaag-prestegjeld-1806-i-bergen-1865-gift-med-lars-jensson-sj%C3%B8thun-1796-1876-kven-var-ho/)

 

Kan dei ha vore på same staden?  Kanskje finst Gunnhild gift ein eller annan "merkverdig" stad?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips ogso om Gunnhild!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke noe nytt å bidra med, men jeg ser i alle fall at Hans Ingebrigtsen Grov er formynder for Gunhild:

 

Namn arvtakar: Barbra, Ingebrigtsdtr  Gard: Valager, nr.:0 Husmannsplass: Hauge Yrke: Huusandskone Skipreide: Solvorn Protokoll/side: 13a-115 Datering: 1814-1820 Dato: 6.10.1815 Eiga: 883 Dalar, 0 ort, 9 skilling Gjeld: 435 Dalar Netto: 449 Dalar Merknad:   Personar i skiftet :
(1) Pigen Jørand Johannesdatter Kreditor
(2) Pigen Jørand Johannesdatter Kreditor
(3) Søn Niels Jensen Kreditor
(4) Ingebrigts Formynder Kreditor
(5) Søn Jacob Jensen Kreditor
(6) Sorenskrivaren Kreditor
(7) Niels Jensen 22 Aar Søn
(8) Ingen kurator tilste
(9) Jacob Jensen 16 Aar Søn
(10) Ingebrigt Jensen 12 Aar Søn
(11) Jens Jensen 9 Aar Søn
(12) Gunilde Jensdatter 24 AarBergen Datter
(13) Randie Jensdatter 8 Aar Datter
(14) Kari Jensdatter 6 Aar Datter
(15) Søren Christophersen Biørnethun Formynder for Jacob
(16) Johannes Sørensen Biørnethun Formynder for Ingebr
(17) Søren Christophersen Biørnethun Formynder for Kari
(18) Johannes Biørnethun Kreditor
(19) Lars Arnesen Grov Kurator for Nield
(20) Hans Ingebrigtsen Grov Formynder for Gunild
(21) Anna Ingebrigtsdatter Grov Kreditor
(22) Pigen giertrue Olsdatter Grov Kreditor
(23) Lars A Grov Kreditor
(24) Fraas Kreditor
(25) Prest Gaae Kreditor
(26) Henrich Nitter Kreditor
(27) Erich Nitter Kreditor
(28) Erich Andersen Nitter Kreditor
(29) Otte Nyegaard Debitor
(30) Lars / Søren Walager / Biørnethun Kreditor
(31) Korsanger Hans Johannesen Wedvigen Kreditor
(32) Synneve Hansdatter Kreditor
(33) Søn Lars Jensen Kreditor
(34) Lensmand Kreditor
(35) Hermund Olsen Øvrebøe Formynder for Randie
(36) Lars Arnesen Grov Kreditor
(37) Lars / Søren Walager / Biørnethun Kreditor
(38) Lars Jensen 19 AarFraas Søn
(39) Maritha Ingebrigtsdatter Kreditor
(40) Lars Christensen Walager Formynder for Jens

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg om Gunnhild.

 

Formyndaren hennar, Hans Ingebrigtson Grov (1769-1855), budde på garden Grov levetidi ut, so eg tvilar på om eit eventuelt skifte etter han kan hjelpa oss til fleire opplysningar om Gunnhild.

 

Eit anna spørsmål ville vera om det finst overformynderiprotokollar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.