Gå til innhold
Arkivverket

Dødsfall Sandefjord (Aarvold)


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Carl Andreas, kjend som Andreas Aarvold, fødd i Hafslo 25.2.1873, var klokkar og kyrkjeverge i Sandefjord der han skal vera avliden 15.12.1942.

 

Kona Ingeborg Christine Marie Aarvold, f. Andersen, fødd i Mandal 28.7.1870, skal vera avlidi same staden 31.8.1949.

 

Er det mogeleg å få ei stadfesting av at dei båe døydde i Sandefjord?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteeg takk til Wenche for kjapt svar!

 

Eg var ikkje merksam på at so gamle graver var med i gravregisteret til DIS, so dette var bra!

 

MEN, kan ein vera trygge på at dei verkeleg døydde i Sandefjord? Kva seier kyrkje- og klokkarebøkene om dette?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til: Lars E. Øyane

 

For å kontrollere dette, kan vi undersøke dødsfallsprotokollen for Sandefjord, men det krever ordinær saksbehandling fra vår side. Vi ber derfor om at du fyller ut kontaktskjemaet på våre nettsider http://www.arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/Kongsberg/Adresser-og-aapningstider/Kontaktskjema-Statsarkivet-i-Kongsberg eller sender oss en e-post, hvor du også oppgir din postadresse.

Vennlig hilsen

Statsarkivet i Kongsberg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til Statsarkivet på Kongsberg:

 

Sakshandsaming er det når ein funksjonær på det offentlege sine vegner skal fatta einskildvedtak etter forvaltningslovi. I byggjesaker skal det vurderast om den føreliggjande søknaden kan godkjennast, om det må gjerast endringar, eller om det eventuelt kan gjevast unntaksløyve. Eller når skifteretten skal avgjera om det skal gjevast uskiftebevilling, eller ein skal godta ei viljeserklæring som testament. Eit einskildvedtak skal alltid kunna påklagast, sakshandsaming kan altso per definisjon påklagast.

 

Skal funksjonæren berre slå opp og henta ut ei eller eit lite tal opplysningar, for so å gje dette ut til den som spør, er det ikkje "sakshandsaming". Då er det heller ikkje krav om journalføring. Tvert i mot, sjå Regjeringi sine føringar i eNorge 2009:

 

"Regjeringen ønsker et kunnskapssamfunn hvor alle kan delta og hvor potensialet i informasjonsteknologien utnyttes. Norges avanserte teknologibruk skal gi innbyggere og næringsliv en enklere hverdag og bidra til å fremme verdiskaping og dermed trygge velferden for nye generasjoner. Informasjonsteknologi skal understøtte utvikling av en offentlig sektor som leverer best mulig tjenester for ressursene den disponerer. Innbyggernes og næringslivets behov skal stå i sentrum for utviklingen av det digitale Norge."

 

Eller les Arkivverket si serviceerklæring: "Vi har som mål å tilby publikumstjenester på en slik måte at den enkelte bruker kan føle seg velkommen og si seg fornøyd med våre tjenester. Vi legger opp våre interne rutiner med sikte på å sikre kvaliteten på de tjenester vi leverer. Vårt utgangspunkt er at arkivmaterialet skal være tilgjengelig for alle."

 

Regjeringi krev ein offentleg sektor som "leverer best mulig tjenester for ressursene den disponerer". Noreg skal ha ein offentleg sektor som tryggjer eit "kunnskapssamfunn hvor alle kan delta og hvor potensialet i informasjonsteknologien utnyttes".

 

Offentleglovi i Noreg er ei "rettighetslov": Alle har "rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd". Lovi har ei utsegn om forbod mot ulikehandsaming: "Ved behandling av saker etter lova her eller i andre tilfelle der det blir gitt tilgang til informasjon, er det ikkje høve til noka slags forskjellsbehandling mellom samanliknbare tilfelle eller til å avtale at nokon skal ha einerett på tilgang til informasjon."

 

Eg har soleis RETT på informasjon frå offentlege dokument. De er pålagde å skaffa "best mulig tjenester for ressursene" som de rår over. Eit oppslag som tek to minutt å gjera og eit minutt på å gjera kjent, skal ikkje "forskuslast" i ørkeslaus "sakshandsaming" med journalføring, kontroll av journal, utleggjing av offentleg journal. Svaret skal etter regjeringi sine føringar gjevast på eit slikt vis at "alle kan delta og hvor potensialet i informasjonsteknologien utnyttes".

 

Kvifor har de opna kontaktfora på nett om folk ikkje skal kunna nyttiggjera seg desse på dei vis som er heimla i eNorge 2009 og offentleglovi?

 

Eg ber etter dette om at dei ovannemnde oppslagi om dødsfalli til Carl Andreas og Ingeborg Aarvold vert utførte for at eg skal få eit fullgodt svar på mitt opphavlege spørsmål.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

bygdebokskrivar Luster kommune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi viser til vår kunngjøring på Statsarkivet i Kongsbergs brukerforum. Her fremgår det at henvendelser som krever oppslag i arkivmateriale ikke blir behandlet gjennom brukerforumet. Vi legger til grunn at bestemmelsene i offentlighetsloven blir ivaretatt gjennom de tjenester vi tilbyr for bestilling av dokumentasjon pr. telefon, faks, brevpost, e-post, bestillingsskjema på internett og utlån av dokumenter på vår lesesal.

 

Vennlig hilsen

Statsarkivet i Kongsberg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Klokker Andreas Aarvold bodde i Kathrineborggata 24, 3213 Sandefjord. (Nabo til mine foreldre). Han hadde minst 2 døtre som bodde i dette huset i mange år etter klokkerens død. En av døtrene ble gift Hobæk. Der tror jeg forfatteren Bergljot Hobæk Haff (Oslo)kommer inn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Klokker Andreas Aarvold bodde i Kathrineborggata 24, 3213 Sandefjord. (Nabo til mine foreldre). Han hadde minst 2 døtre som bodde i dette huset i mange år etter klokkerens død. En av døtrene ble gift Hobæk. Der tror jeg forfatteren Bergljot Hobæk Haff (Oslo)kommer inn.

 

Martha Aarvold (1895-1987) var gift med overlærer Lars Johansen Hobæk (1883-1938). Jeg har registrert seks barn. Lars Johansen Hobæk var tremenning av min oldemor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lisbeth, Kristian og (off-line) Carsten for sympati og assistanse med dette oppslagsproblemet frå Sandefjord. Eg set stor pris på den gode hjelpi som de har gitt meg i denne saki!

 

Eg har eit par tilleggsspørsmål når det gjeld Andreas Aarvold, men vil ta dei opp i Brukarforum!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.