Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Herman Erickson Hillstad, fødd Hafslo 1881, til Amerika 1900 - skikkeleg utfordring!?


Recommended Posts

Herman Erikson, fødd i Hafslo 21.7.1881, "uekte" son av Mari Narvesdotter Kalhagen (1842-1925) og Erik Hansson Lindestegen (1846-1911), utvandra til Amerika i 1900.

 

Einaste heilt sikre funnet frå Amerika er WW1 draftet frå 1918 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6482&iid=WI-1674884-4714&fn=Herman+Erickson&ln=Hillstad&st=r&ssrc=&pid=2202618). Her er han ugift farmarbeidar i Clayton, Polk Co., WI - næraste pårørande er Mrs. Marie Pederson i Bergen, som eg ikkje kan identifisera...

 

Kanskje er det òg han me finn som farmarbeidar Herman Hillsted i FT1920 for Bater township, Iron Co., MI (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6061&iid=4311598-00113&fn=Herman&ln=Hillsted&st=r&ssrc=&pid=84335138), sjølv om alderen ikkje er heilt rett...

 

Han kan òg vera identisk med jarnbanearbeidar Herman Erickson i FT1910 for Orono township, Hennepin Co., MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=31111_4330223-01072&fn=Herman&ln=Erickson&st=r&ssrc=&pid=12990306).

 

Men kvar vart det av denne karen? Eg ser av innførsli frå FT1920 at han vart naturalisert i 1907. Kanskje det papiret kan finnast?

 

Om nokon kan greia å finna att denne karen, ville det vera svært so gildt!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hvis han bodde i Wisconsin, så er dette en kandidat:

 

Wisconsin Death Index, 1959-1997

Name: Herman Erickson

Age: 78

Sex: M (Male)

Birth Date: abt 1881

Death Date: 11 Aug 1959

 

Kanskje noen kan hjelpe med å avkrefte/bekrefte denne ?

Hjarteleg takk til Kurt for eit spennande forslag!

 

Eg har sjekka ut denne dødsattesten, men denne Herman Erickson, som døydde i Middle River, Douglas Co., MN, var fødd i Grantsburg, WI 22.11.1880, son av Anton Erickson og Bergetta Olson.

 

So, det er diverre ikkje "vår" mann, men namn og alder passa jo fortreffande!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 1 måned senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.