Gå til innhold
Arkivverket

Gjøri Arnesdotter Sagebakken, fødd i Hafslo 1787 - konfirmert 1805 og forsvinn - kvar vart ho av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjøri Arnesdotter Sagebakken, døypt i Hafslo 12.8.1787, dotter av bygdevektar Arne Erikson og kona Kari Pedersdotter, vart konfirmert i Hafslo 1805 og forsvinnn so frå Hafslo.

 

Yngste bror hennar Erik Arneson "Arntson" (1802-1870), flytte i 1834 til Meløy i Nordland og budde levetidi ut der, gifte seg og fekk to born.

 

Ei eldre søster Anna Arnesdotter (1784-1854) vart gift til Ølnes i Sogndal, men døydde barnlaus som legdelem.

 

Ei yngre søster Britha "Bertha" Arnesdotter, døypt i Hafslo 26.1.1799, flytte kring 1830 til Bergen, først til Sandviken og sidan til Laksevåg der ho døydde 11.12.1868. Ho var ikkje gift, men fekk to døtrer:

 

* Kari Sjursdotter (1825-1915), voks opp hjå moster si på Ølnes i Sogndal, men flytte sidan til Bergen og vart der gift med Christen Andersson Søvde frå Luster (1824-1904). Dei utvandra til Amerika i 1865.

 

* Maria Christiansdotter, fødd i Sogndal 22.10.1833 (barnefar smeddreng Christian Erikson Smidt frå Bergen), voks truleg opp hjå mor si i Bergen, men lagnaden hennar er ukjend. Eg ser ikkje noko til ho i FT1865! Kanskje utvandra ho òg til Amerika?

 

Eg skulle so gjerne visst kvar det vart av desse jentene, Gjøri Arnesdotter og søsterdotteri Maria Christiansdotter, men er det mogeleg å finna ut av lagnadane deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.