Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Er det nokon som kan hjelpa meg med pengeverdiar anno 1867?

Vedlagte bilete er utdrag frå eit skifte etter min tipp-oldefar Knud Tormodsen Wiiga i Stavanger. Eigedelane etter han er grundig lista opp og taksert. Men eg er usikker på kva slags verdiar desse tre kolonnane er meint å representera.

post-1096-0-11518500-1316693181_thumb.jpg

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/173669-pengeverdiar-1867/
Del på andre sider

Konsumprisindeksen i 1867 = 2,1

I 1998: 100,0

August 2011: 129,4.

 

Så tek ein konprisindeksen på 129,4 og dividerar med 2,1 så får ein 61,62 !

Kjelda: http://www.ssb.no/emner/08/02/10/kpi/tab-01.html

 

Dette er ein måte å rekna på. Og kanskje den mest brukte. Men uansett er dette særdeles komplisert måte å rekna på.

 

Dersom du i dag får utbetalt 12.324 kroner per mnd (etter skatt), så vil du also ha fått utbetalt 200 kr i 1867 !!

Og sjølv om kroner i 1867 ikkje var brukt då, men Spesidalar, så er 50 Spd utbetalt per mnd (etter skatt) i 1867 UTRULIG MYKJE !

 

NB: Kr 12.324 var berre eit eksempel frå mi side !!

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/173669-pengeverdiar-1867/#findComment-1483075
Del på andre sider

Det var interessant. Skal prøva å rekna litt på dette.

 

Takk for kommentar - det er elles interessant å merka seg at lista over eigedelar (løsøre) går så i detalj at det dannar eit komplett bilete av hushaldet. Det er godt mogleg at det er meint slik du seier. Skal prøva å danna meg eit bilete av verdien på buet.

 

Det kan vel kanskje ha vært daler, ort og skilling?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/173669-pengeverdiar-1867/#findComment-1483117
Del på andre sider

Hvis du summerer hver kolonne for seg, så får du 25 daler + 29 ort + 136 skilling, så langt jeg kan se. Siden det gikk 120 skilling i daleren og 5 ort i en daler (og dermed også 24 skilling i en ort), så blir dette til sammen 31 daler, 4 ort og 16 skilling , eller 31,93 daler hvis vi skal tillate oss å bruke desimaler (noe man selvsagt ikke gjorde den gang, siden datidens pengesystem ikke var et titallsystem).

 

Dette gamle pengesystemet ble avløst av kroner og øre i 1875. Jeg tror at en spesiedaler var ca 4 kroner den gang, og da vil nesten 32 daler være nærmere 128 kroner. Omregnet til dagens pengeverdi er dette et sted i nærheten av 6.000 kroner. Men jeg lar meg korrigere på dette av dem som kan dette bedre, eller som ønsker mer nøyaktighet.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/173669-pengeverdiar-1867/#findComment-1483225
Del på andre sider

eg syns dette med konsumprisindeks fort kan bli misvisande. Sjølv reknar eg meir utifrå det faktum at då bestefar bygde hus i 1916, so kosta det den nette sum av 2000 kroner. Men då klem grunnmur, ovner og frakt av materialer i tillegg. Dette gir ein faktor på kroneverdien som er nærare 600 enn 60, men noka absolutt fasit på dette har eg ikkje.

 

Magne

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/173669-pengeverdiar-1867/#findComment-1483309
Del på andre sider

Slikt kan vera interessant nok, men eg synest det gjev lita meining. Å samanlikna pengeverdiar før og no blir som å samanlikna samfunnet før og no - det er to ganske ulike storleikar det er snakk om. Men like fullt kan det takast med, det er trass alt ein naturleg måte å sjå det på. Takk alle for gode kommentarar!

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/173669-pengeverdiar-1867/#findComment-1483314
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.