Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Jørgenson/Thoraldson, fødd på Hylland i Aurland 1847 - til Amerika 1851 - gift 1870 med Anna Steen - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har slite med dette problemet i årevis utan å finna svar. Eg freister no i Brukarforum:

 

Sjur Jørgenson var fødd på Hylland i Aurland 11.2.1847 av foreldri Jørgen Thoraldson og kona Gunnhild Sjursdotter. Huslyden utvandra til Amerika i 1851 og busette seg i Pleasant Springs township, Dane Co., WI der Gunnhild døydde som "Gonilda Torelson" 15.8.1878, medan Jørgen er kalla "Jorgen Torelson" då han døydde same staden 23.5.1896. Dei er gravlagde ved West Koshkonong.

 

Sonen Sjur gifte seg i Dane Co., WI 19.5.1870 med Anna Marie Sjursdotter Steen, fødd i Dane Co., WI 18.5.1852 av foreldri Sjur Johannesson Steen og kona Anna Hansdotter, utvandra i 1847 frå Hafslo i Sogn.

 

Her er vigsli deira frå Dane Co., WI:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

groom's name: Sjur Jorgensen

groom's birthplace: Norway

bride's name: Anna M. Steinsdatter

marriage date: 19 May 1870

marriage place: Christiana, Dane, Wisconsin

groom's father's name: Jorgen Tovaldsen

groom's mother's name: Gunhild Sjursdatter

bride's father's name: Sjur J Stein

bride's mother's name: Anna Hansdatter

groom's race: White

bride's race: White

indexing project (batch) number: M00342-7

system origin: Wisconsin-EASy

source film number: 1275925

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er eit stort mysterium kvar det vart av dette parfolket. Eg har sett skiftet etter Jorgen Torelson i Dane Co., WI, og der er sonen Sjur IKKJE nemnd, noko som får meg til å tru at han må vera avliden før far sin, kan henda ikkje so lenge etter han gifte seg, men dette er berre spekulasjonar frå mi side. Anna Marie kan i so fall godt ha gift seg att...?

 

Eg har elles ein mistanke om at parfolket kan ha skrive seg anten Thoraldson/Torelson eller Thompson i staden for Jorgenson, men igjen er dette spekulasjonar frå mi side.

 

Eg ville verta svært so oppglødd om nokon greie finna ut av denne huslyden for meg - kvar dei vart av og eventuelt kva som skjedde med dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom Anna Marie vart enkje etter kort tid, og dersom ho nytta namnet Jorgenson, KAN dette vera ein "kandidat" for eit eventuelt attgifte:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

groom's name: Jens Jansen

bride's name: Anna M. Jorgensen

marriage date: 02 Jul 1873

marriage place: St. Paul, Ramsey, Minnesota

indexing project (batch) number: M74630-5

system origin: Minnesota-EASy

source film number: 1314547

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

men dette er svært so usikkert...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Chris for nytt innlegg!

 

Den Anna M. Jorgenson som gifte seg i Dane Co., WI i 1897 er ei anna "kjenning" av meg:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

groom's name: Lars J. Nygaard

groom's birthplace: Dane Co., Wis.

bride's name: Anna Marie Jorgensen

bride's birthplace: Stoughton, Dane, Wis.

marriage date: 18 Mar 1897

marriage place: Stoughton, Dane, Wisconsin

groom's father's name: Jorgen A. Nygaard

groom's mother's name: Martha Haakonson

bride's father's name: Torbjorn Jorgensen

bride's mother's name: Nette Johannesdatter

groom's race: White

bride's race: White

indexing project (batch) number: M00343-5

system origin: Wisconsin-EASy

source film number: 1275937

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Nygaard utvandra frå Luster, medan Torbjørn Jørgenson hadde opphavet sitt på Myklemyr i Jostedalen!

 

So denne Anna M er det heilt sikkert ikkje...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Jørgen Thoraldson og Gunnhild Sjursdotter i FT1870 for Pleasant Springs township, Dane Co., WI (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7163&iid=4268454_00240&fn=Gorgen&ln=Thompson&st=r&ssrc=&pid=8159768):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Gorgen Thompson

Birth Year: abt 1820

Age in 1870: 50

Birthplace: Norway

Home in 1870: Pleasant Springs, Dane, Wisconsin

Gender: Male

Value of real estate: View image

Post Office: Stoughton

Household Members:

Name Age

Gorgen Thompson 50

Cornelia Thompson 46

Carrie Thompson 18

Lory Thompson 17

Isabell Thompson 13

Betsey Thompson 8

Julia Thompson 4

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Teljingi er oppteki 18.7.1870, og Sjur er flytt heimefrå, men kvar er han? Kanskje han òg nytta namnet THOMPSON?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.