Gå til innhold
Arkivverket

Vigsler Bergen 1912-1930 (Hansen el. Sætenes)


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ragnhild Hansen (Sætenes/Sættenes) døydde i Grønnesmuget 1a i Bergen 20.6.1916 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27860/112/). Ho var i 1910 busett med huslyden sin i Krohnviken i Årstad (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1280&kenr=005&bnr=0032&lnr=00).

 

Eg søker vigsli til to av borni hennar:

 

* Ragna Lovise Hansen eller Sættenes, fødd i Bergen 8.3.1888 - skal ifølgje ei slektning ha vore gift og busett nær Sigurdsgaten i Bergen - truleg gift mellom 1912 og 1925

 

* Hjalmar August Hansen eller Sættenes, fødd i Bergen 5.10.1897 - ukjend lagnad - truleg gift mellom 1915 og 1930

 

Eg er ogso interessert i opplysningar om ektefeller, yrke, bustader og dødsfalli deira...

 

Eg finn ikkje nokon av dei i søk "alle databasar".

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da enkemannen Jens Hansen Settenes døde i Bergen 1. januar 1929 etterlot han seg bare en arving (ifølge dødsfallsprotokollen):

 

datter Berentine Myking, N. Sandviksvei 69h

 

Jeg finner ikke vielser. Ragna Lovise/Hjalmar August er ikke i stemmerettsmanntallet for Bergen for 1934.

 

Men man selvsagt ha sin tvil om presisjonen i opplysningene i dødsfallsprotokollen, for da Ragnhild Hansen døde i 1916 etterlot hun seg mann og 8 myndige barn!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for svar, om enn negativt...

 

Dødsmeldingi etter Jens frå 1929 stemmer IKKJE, for me veit at fleire born framleis levde på den tidi!

 

Men, eg har i dag oppdaga Ragna i FT1910 der ho står som:

 

"Ragna Lovise Hansen Hillestad, frisørerske, enke(!), fødd 8.3.1887 i Bergen", busett i Toftes gate 32 i Christiania (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=0301&kenr=104&bnr=0066&lnr=23).

 

Kan ho vera vigd i Bergen under namnet HILLESTAD?

 

Ved FT1912 for Bergen er Hjalmar August kalla for GUNNAR(!), men han budde framleis hjå foreldri sine i Lille Øvregaten 28d i Bergen, 3. etasje. Kan han følgjast gjennom Folkeregisteret?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.