Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Tøger Hansson på La i Hafslo (1687-1728) - kvar vart det av borni hans, Hans og Christi?


Recommended Posts

Tøger Hansson (1687-1728), oppvaksen på garden Myklemyr i Jostedalen, vart sidan gardbrukar på La i Hafslo sokn, Hafslo. Kona hans er førebels ukjend, men dei fekk minst fem born i lag:

 

* Rasmus Tøgerson (1714-1795), var ei tid gardbrukar på Myklemyr, men hamna sidan på Lihaug i Gulen!

 

* Hans Tøgerson, fødd kring 1717, budde på La i 1738, men vert sidan borte frå garden og bygdi. Lagnaden hans er ukjend, men han KAN òg vera flytte til ytre Sogn(?)

 

* Peder Tøgerson (1721-1783), var smed og budde på La i Hafslo.

 

* Anfind Tøgerson (1725-1725).

 

* Christi Tøgersdotter, døypt i Hafslo 30.3.1727, må òg vera fari frå Hafslo i ung alder, men lagnaden hennar er ukjend!

 

Med so spesielle namn som Hans Tøgerson og Christi Tøgersdotter burde det vera mogeleg å finna dei att, men det gjeld sjølvsagt å leita på rette staden...

 

Det at Rasmus flytte til Gulen, kan vera ein peikepinn; kanskje Hans og Christi òg flytte dit?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 3 uker senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hvem er denne Christi Tøgersdatter som giftet seg med Peder Nilsen Bandskjær i 1755?

http://da4.uib.no/cg...2&merk=502#ovre

 

Peder Nilsen Bandskjær døpte datteren Elisabeth i 1755.

http://www.digitalar...&merk=1677#ovre

 

Døde i Hafslo 1755-1920

Christi Banschier 1768 2312 44 aar Hafslo http://www.digitalar...2&merk=372#ovre

 

Peder Bandschier

1756 2901

Hafslo http://www.digitalar...r=7&merk=7#ovre

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit kjempeflott og imponerande innlegg! Denne Christi Tøgersdotter har heilt gått meg hus forbi, truleg fordi eg har trutt ho høyrde til ei anna ætt. Men etter å ha studert ho litt nærare, er eg overtydd om at dette må vera jenta me leiter etter! Denne huslyden busette seg i Sogndal, men merkeleg nok forsvinn heile barneflokken etter faren døydde i 1780!

 

Eg vil opna eit nytt tema om denne huslyden som direkte går på Bandscher-ætti. Kanskje einkvan sit med fleire opplysningar om dei...?

 

Då er det berre sonen Hans som står att som "uoppspora", men han er det vel ikkje so godt å finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.