Gå til innhold
Arkivverket

Mons Pederson og Inger Marie Pedersdotter - omstreifarektepar - nytt barn oppdaga! - kvar var han fødd?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Omstreifarparet Mons Pederson (1804-1879) og Inger Marie Pedersdotter (1811-1892), som til dels hadde vinteropphald på Hæreid i Årdal, hadde ti born som eg kjenner til, men no har eg oppdaga eit ellevte barn, aller eldst i barneflokken:

 

* Peder Olai Monsson "af Sogndal" døydde i Lavik 16.6.1829, eitt år gamal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11560&idx_id=11560&uid=ny&idx_side=-82)

 

So er spørsmålet: Er det mogeleg å finna fødsli hans?

 

Me har heller aldri funne vigsli til foreldri Mons Pederson og Inger Marie Pedersdotter. Kanskje den let seg gjera finna?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

er dette et tema du har hatt opp før, eller har du litt mer geografisk oversikt over hvor barna til Mons og Inger Marie er født/døpt? Siden de var omstreifere, er vel barna født/døpt "både her og der"...

 

Ser i alle fall at en sønn Svend Olavus ble døpt 1.1.1835 i Haram

Møre og Romsdal fylke, Haram, Ministerialbok nr. 536A03 (1803-1836), Fødte og døpte 1835, Introduserte kvinner 1835, side 368-369.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16020&idx_id=16020&uid=ny&idx_side=-116

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070903660576.jpg

 

Tre år før er det kanskje samme paret som har sønnen Jens Andreas til dåpen i Åfjord?

Sør-Trøndelag fylke, Åfjord, Ministerialbok nr. 655A05 (1830-1847), Fødte og døpte menn 1832, side 4.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2384&idx_id=2384&uid=ny&idx_side=-10

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050607020419.jpg

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Denne huslyden, eller i alle fall delar av huslyden, har vore drøfta fleire gonger i Brukarforum, men for å ta ei rask oppdatering:

 

Mons Pederson, fødd i Gulen, men oppvaksen i Solvorn, Hafslo av omreisande foreldre, gifte seg altso med Inger Marie Pedersdotter, fødd i Stranda av omreisande foreldre, flakka om på Vestlandet, for det meste langs Sognefjorden. Åfjord er den nordlegaste bustaden eg har sett, medan Askøy er den sørlegaste, men frå 1840-åri hadde dei meir eller mindre fast bustad på Hæreid i Årdal. Born:

 

* Peder Olai - fødd 1828 - uvisst kvar - budde 1829 i Sogndal, men d. i Lavik 1829

 

* Jens Andreas - fødd 1832 i Åfjord

 

* Svend Olaus - fødd 1836 i Leikanger

 

* Gunnhild Marie - fødd 1839 i Sogndal, døydde 1839 i Borgund på Sunnmøre

 

* Ole Johan - fødd 1840 i Bud

 

* Peder - fødd 1843 i Årdal, d. 1843 i Årdal

 

* Ingebrigt - fødd 1844 i Sogndal, d. 1844 i Sogndal

 

* Ingebrigt - fødd 1847 i Edøy, Nordmøre, truleg d. kort etter - dato og stad uvisse

 

* Anna Marie Serine - fødd 1848 på Vestnes

 

* Nikoline - fødd 1853 i Årdal

 

* Petrine - fødd 1857 i Årdal

 

I tillegg til desse fekk Mons Pederson òg ei "uekte" dotter Kari i Hafslo med Ragnhild Hansdotter Grov, fødd i Hafslo 7.10.1826. Denne Kari forsvinn!

 

Det er til dels lange "mellomrom" mellom desse borni, og dei kan godt ha hatt fleire som døydde unge, men eg har ikkje funne fleire so langt! Elles var Inger Marie berre om lag 17 år gamal då ho fekk den eldste!

 

Elles ser me jo at det stemmer det som vart skrive i fantelista frå 1845 med tre gutar, men den eldste var noko meir enn 12 år...

 

Fleire opplysningar om den første Peter Olai frå 1828, den andre Ingebrigt frå 1847 samt om den "uekte" Kari frå 1826 vert mottekne med stor takksemd! Likeins opplysningar om eventuelle andre born...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke akkurat noe svar på det du etterspør, men etter å ha sett på denne familien idag har jeg denne barneflokken på Mons.

 

Mons Pedersen Hareid #20681, * ca. 1804 i Ukjent, † 1879. Han giftet seg med (1) Inger Marie Pedersdtr. #21147, * ca. 1811 i Ukjent, † 1892. Forhold til Ragnhild Hansdtr. Grov #21164, * 18?? i Hafso, Sogn og Fjordane.

 

I. Peder Olai Monsen #21148, * 1828 i Ukjent, † 16-06-1829 i Lavik, Sogn og Fjordane (merknad 1), gravlagt 01-11-1829 i Lavik, Sogn og Fjordane.

 

II. Jens Andreas Monsen #21162, * 29-02-1832 i Åfjord, Sør-Trøndelag, døpt 04-03-1832 i Åfjord, Sør-Trøndelag.

 

III. Svend Olavus Monsen #21153, * 12-1834 i Haram, Møre og Romsdal, døpt 01-01-1835 i Haram, Møre og Romsdal

 

.IV. Sven Olaus Monsen #21157, * 27-03-1836 i Balestrand, Sogn og Fjordane, døpt 29-03-1836 i Balestrand, Sogn og Fjordane.

 

V. Gunnil Marie Monsdtr. #21158, * 30-06-1839 i Selje, Sogn og Fjordane, døpt 10-07-1839 i Selje, Sogn og Fjordane.

 

VI. Ole Johan Monsen #21163, * 23-09-1840 i Bud, Møre og Romsdal, døpt 25-09-1840 i Bud, Møre og Romsdal.

 

VII. Peder Monsen #21155, * 15-10-1843 i Lærdal, Sogn og Fjordane, døpt 22-10-1843 i Lærdal, Sogn og Fjordane.

 

VIII. Ingebreth Monsen #21154, * 25-11-1844 i Finangereidet, ølenheim, Sogn og Fjordane, døpt 08-12-1844 i Leikanger, Sogn og Fjordane.

 

IX. Ingebrigt Monsen #21156, * 28-02-1846 i Askøy, Hordaland, døpt 15-03-1846 i Askøy, Hordaland

 

X. Ingebrigt Monsen #21161, * 13-05-1847 i Edøy, Møre og Romsdal, døpt 23-05-1847 i Edøy, Møre og Romsdal.

 

XI. Anna Marie Serine Monsdtr. Hareid #20680, * 22-11-1848 i Rekdal, Vestnes, Møre og Romsdal, døpt 01-01-1849 i Vestnes, Møre og Romsdal, † 09-01-1937 i Bergen kommunale pleiehjem, Hordaland (merknad 2). Hun giftet seg med Johan Fredrik Johannesen Støleggen Palm #20679, 11-03-1873 i Årdal, Sogn og Fjordane (merknad 3), * 30-10-1847 i Ångermanland, Sverige (sønn av Johannes Fredriksen Støleggen #20608 og Kristiane Johannesdtr. Palm #20587), † 17-10-1939 i Bergen, Hordaland.

 

XII. Nikoline Monsdtr. #21160, * 21-04-1853 i Lærdal, Sogn og Fjordane, døpt 01-05-1853 i Lærdal, Sogn og Fjordane.

 

XIII. Petrine Monsdtr. #21159, * 08-02-1857 i Lærdal. Sogn og Fjordane, døpt 22-02-1857 i Lærdal. Sogn og Fjordane.

 

XIV. Kari Monsdtr. #21165, * 07-10-1826 i Hafso, Sogn og Fjordane, døpt 08-10-1826 i Hafso, Sogn og Fjordane.

 

 

Mvh Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

Eg kjenner ikkje til kor Peter Olai (som eg les det) var født, men du kan også leggja endå eit par barn til syskinflokken. Den aller eldste ser ut til å ha vore ei dotter Gunnhild Maria som må ha vore født ikring 1826 (og som eg ikkje har funne døypt ennå), men som truleg døydde ein gong mellom 1835 og 1838, uvisst kor. Så var der vel to Svend Olaus, den første født 7. desember 1834 og døypt nyttårsdagen 1835 i Haram, men som truleg døydde som liten, før den neste Svend Olaus vart født 27. mars 1836 i Leikanger. Den nye Gunnhild Marie som kom til i 1839, var knapt født i Sogndal, men i Selja, sidan ho var heimedøypt på Husefest. Dessutan må du legga til ein Ingebrigt mellom dei to du har. Det kom nemleg ein Ingebrigt til verda også i 1846 i Askøy. (Desse Ingebrigt-ane var nok oppkalla etter ein bror til Mons).

I von om at dette var til noko hjelp.

Vennleg helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Arnvid for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden, som skal omskrivast i band XI i bygdebokserien vår og teke med dei tre nye borni. Men når det gjeld den eldre Gunnhild Marie, so trur eg ikkje ho kan vera fødd so tidleg som 1826? Kva er kjenda di for dette, Arnvid? Mori var fødd i 1811, og dessutan ar det eit stort "gap" mellom Peder Olai og Jena Andreas der eg vil tru det må ha vore i alle fall eitt barn, so eg har lagt Gunnhild Marie inn der med spørsmål?? Og kvifor meiner du ho døydde mellom 1835 og 1838? Finst det ei teljing frå 1835?

 

Elles er det òg eit stort gap mellom Anna Marie Serine (1848) og Nikoline (1853), og likeins mellom Nikoline (1853) og Petrine (1857), so her KAN det ha vore eitt eller to born til...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

4. Mons Pederson, døypt i Gulen 14.7.1804, gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? - kring 1827?)

 

med Inger Marie Pedersdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar var ho oppvaksi? – Vedøy i Romsdalen?)

 

ei dotter av Anna Svendsdotter frå Skildeimsslottet under Skildeim i Luster (1784- ). Inger vart døypt i Stranda 2.4.1811. Mons var hesteskjerar, og han og Inger vart òg “omflakkande” folk liksom foreldri deira hadde vore det. Men frå 1840-åri ser dei ut til å ha hatt meir eller mindre fast bustad på ein plass utan jord i Bakken under Hæreid i Årdal. Mons vart kalla strandsitjar under Hæreid då han d. i Lavik 10.7.1879. Inger Hæreid d. i Marifjøra i Hafslo 12.7.1892. Me kjenner til fjorten born etter dei:

 

a. Peder Olai Monsson, f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

1828, d. under opphald i Lavik 16.6.1829.

 

b. Gunnhild Marie Monsdotter,

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1826 eller kring 1830?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – mellom 1835 og 1838?)

 

c. Jens Andreas Monsson, f. på Lysøyplass i Åfjord 29.2.1832, flytte i 1861 til Gulen og nokre år etter vidare til Øksnes i Nordland der han d. som husmann på Dybeide 19.6.1899. Han gifte seg i Øksnes 30.12.1868 med Johanna Marie Johannesdotter frå Dybeide i Øksnes, men f. i Gildeskål 15.4.1846. Ho d. på Andsletta i Øksnes 6.8.1939. Jens Andreas og Johanna var plassfolk under Dybeide i Øksnes. Dei fekk fem born i lag.

 

d. Svend Olavus Monsson, f. i Haram 7.12.1834, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1.1.1835!)

 

e. Svend Olavus Monsson, f. i Balestrand 27.3.1836, d. som legdelem på Hæreid i Årdal 9.11.1860, ugift.

 

f. Gunnhild Marie Monsdotter, f. i Selje 30.6.1839, d. på Godøy i Borgund på Sunnmøre 25.7.1839.

 

g. Ole Johan Monsson, f. i Bud 23.9.1840, d. som innerst og legdelem på Hæreid i Årdal 19.6.1874. Han gifte seg i Årdal 19.11.1863 med Sigrid Hansdotter frå Haugen under Lægreid i Årdal. Ho var f. i Årdal 12.11.1833 og d. som kårenkje på Fodnes i Lærdal 23.10.1922. Ole og Sigrid budde som innerstfolk på Høreid, men som enkje budde Sigrid i mange år på Sandnes før ho i 1890-åri flytte inn på Fodnes i Lærdal. Ole og Sigrid fekk ikkje born i lag, men Sigrid hadde ein son frå før.

 

h. Peder Monsson, f. i Årdal 15.10.1843, d. som innerstson på Hæreid i Årdal 25.10.1843.

 

i. Ingebrigt Monsson, f. på Fimreite i Sogndal 25.11.1844, d. same stad 16.12.1844.

 

j. Ingebrigt Monsson, f. på Askøy 28.2.1846, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 15.3.1846!)

 

k. Ingebrigt Monsson, f. i Edøy, Nordmøre 13.5.1847,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – ikkje konfirmert i Årdal!)

 

l. Anna Marie Serine, kjend som Maria Monsdotter, f. på Rekdal på Vestnes 22.11.1848, d. på ein pleieheim i Bergen 9.1.1937. Maria gifte seg i Årdal 11.3.1873 med Johan Fredrik Johannesson Palm frå Støleggen i Oppdal. Han var son av messingsmed og omstreifande dyrlækjar Johannes Fredrikson Hederlund og Christiane Johannesdotter Palm med tilhald på Støleggen i Oppdal, men f. i Grannegen, Ångermannlands län i Sverige 30.10.1847. Han d. i Bergen 17.10.1939. Johan Fredrik Palm var urmakar, og han og Maria var i mange år omstreifande, for det meste i Sogn og nordover til Sunnmøre, men busette seg i 1890-åri i Bergen og sidan på Laksevåg der Johan heldt fram som urmakar. Dei fekk sytten born i lag.

 

m. Nikolina Monsdotter, f. i Årdal 21.4.1853, tente på Fimreite i Sogndal der ho d. ugift 6.2.1876.

 

n. Petrina Monsdotter (1857 1927), vart gift med blekkslagar og strandsitjar Peder Johannesson i Solvornstrondi under Sjøtun i Hafslo (bnr. 17) (1853 1929) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

I tillegg til denne barneflokken, kunne eg godt tenkja meg ogso å trekkja fram søskeni til Mons Pederson. Far hans var den sokalla "Gryte-Per", Peder Olson (Elvethun) (1776-1853), som opphavleg var av "vanleg bondeætt", men som gifte seg (Luster 9.1.1798) med Mari Johannesdotter av "Svends-ætti" (1777-1847). Dei busette seg i Solvornstrondi under Elvetun i Solvorn og fekk visstnok elleve born i lag:

 

* Anna Pedersdotter, fødd 1798 i Luster, døydde truileg i 1801, uvisst kvar

 

* Sara Pedersdotter, fødd 1799 i Luster, døydde 1801 i Luster

 

* Anna Sarine Pedersdotter, fødd 1801 i Luster, døydde 1803 i Gulen

 

* Mons Pederson (1804-1879) - sjå ovanfor

 

* Ole Pederson, fødd 1807 i Luster, var omstreifar, men budde stort sett i Erdal på Askøy der han døydde 1848. Han var gift med Karen Simonie Rasmusdotter av omstreifarætt (1813-1897)og fekk seks born.

 

* Johannes Pederson, fødd 1809 i Luster, vart husmann under Nornes i Sogndal der han døydde 1875. Han var gift og fekk visstnok fem born.

 

* Anna Pedersdotter, fødd 1812 i Luster, døydde 1812 i Solvorn, Hafslo.

 

* Jens Pederson, fødd 1813 i Hafslo, vart fiskar og husmann under Skaftnes i Buksnes der han døydde i 1890. Han var gift, men fekk ingen born.

 

* Ingebrigt Pederson, døypt i Hafslo 4.2.1816, ukjend lagnad

 

* Anna Pedersdotter, døypt i Hafslo 11.10.1818, ukjend lagnad

 

* Anna Marie "Maria" Pedersdotter (1821-1909), var gift med hesteskjærar og strandsitjar Johannes Tøgerson i Solvornstrondi under Valaker lille i Hafslo (1822-1976). Ho fekk ni born; av dei var seks i ekteskapet med Johannes.

 

Her er eg særleg interessert i fleire opplysningar om Ingebrigt og Anna. Du Arnvid nemner denne broren til Mons Pederson i innlegget dit. Veit du kanskje kvar det vart av han?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen Lars.

Først om Ingebrigt Pedersen, bror til Mons. Eg er litt usikker på om han vart så særleg gamal. Eg har nemleg ikkje funne særleg spor etter han seinare, men eg kan sjølvsagt ta feil. I det minste kan eg nemna at han reiste saman med broren og kona frå 1832 (då sagt å vera 14 år,men var vel i røynda 16) og til 1836 då han skildest med dei (i Molde?) og ville til Ålesund, medan Mons og Inger Marie ville til Senja og Vesterålen (sjølv om eg tvilar på om dei kom så langt nord). Då var vel Ingebrigt Pedersen 20 år. Kanskje vandra han noko for seg sjølv då ei tid?

Du har rett i at det kan bli trongt med ei dotter for Mons og Inger Marie født i 1826. Inger Marie vart jo døypt 2. april 1811. Problemet er berre at Mons og Inger Marie er nemnde med eit 5 år gamalt "pigebarn" som heitte Gunnhild Marie i 1831. Året etter er dei to saman med dette "pigebarnet", då sagt å vera 6 år, i Molde. Den neste Gunnhild Marie vart jo døypt sommaren 1839, så det kan ikkje vera den same. Våren 1836 er Mons og Inger Marie nemnde med to born, Gunnhild Marie og Jens. Dette må også vera den første Gunnhild Marie. Men i januar 1839, altså før den andre Gunnhild Marie vart født, er dei nemnde berre med dei to borna Jens og Svend Olaus - i den rekkefylgja. Så då var vel helst den første Gunnhild Marie død? Dersom den første Gunnhild Marie var ei dotter deira, må ho rimelegvis vera den eldste. Men - det kan henda forklaringa er ei anna. Den første Gunnhild Marie er ikkje nemnt med farsnamn i reisepassa, sjølv om ho er nemnt på ein slik måte at ein skulle tru ho var dotter deira. Det gjer det mogleg at ho kan vera ei ukjend syster til Mons, den yngste i syskinflokken etter Peder og Mari (Marie). Problemet med det er berre at då var mora, Mari (eller Marie) Johannesdotter, vel litt for gamal? Eller kanskje var den første Gunnhild Marie ei heilt anna!

Eg ser du har ope om foreldra til Inger Marie. Ho vart jo døypt i 1811 som du nemner (2. april), i Stranda på Sunnmøre. Då er det sagt at ho var av Veøy prestegjeld. Faren er kalla utkomandert matros Peder Kristiansen Dahl av Bolsøy og mora tøs Anne Svendsdatter av Veøy. Du er jo ekspert på Anne Svendsdatter si slekt, så eg reknar helst med at du veit kven denne matrosen er. Det er jo mannen til Anne si faster, Gunnhild Eliasdatter, som har fått farsnamnet sitt radbrekt. Det var nemleg Peder Kristoffersen, son til Kristoffer Olsen og Marie Pedersdatter, som var far til Inger Marie, kona til Mons. Peder Kristoffersen fekk vel ikkje born med Gunnhild Eliasdatter? Anne Svendsdatter fortalde ein gong at ho var oppfostra hjå bror til Peder, Ole Kristoffersen. Men desse har du nok full kontroll på.

Vennleg helsing

Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Arnvid for nye spennande innlegg! Med dette har me dødsfallet til Ingebrigt #2.

 

Når det gjeld denne Gunnhild Marie, so trur eg ikkje ho høyrer til ætti hans Mons, men snarare ætti hennar Inger Marie. Eg har ikkje alle notatane mine om Svendsfolket med meg i Bayern, men eg veit i alle fall at Anna Svendsdotter hadde ei søster Gunnhild Svendsdotter, ho som reiste med Axel Christopherson. Eg har funne påstand om at denne Gunnhild døydde i 1832, men yngste kjente barnet hennar Christopher var fødd i 1825, so kanskje Gunnhild døydde kring 1826? I so fall KAN Gunnhild Marie frå 1826 vera ei SØSTER (eller halvsøster) av Inger Marie og ei dotter av Anna Svendsdotter, som soleis kalla opp søster si? Anna var i 1826 "berre" 42 år gamal...

 

So eg har vore på leiting hjå FamilySearch etter ei Gunnhild Marie som kunne høva. Eg fann ei i Høland med mor Anna Svendsdotter, men den Anna var gift med ein gardbrukar der borte, so ho er det nok ikkje... Men det var utruleg mange som heitte Gunnhild Marie på landsbasis, og ei av dei eg fann var i Tingvoll (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16122&idx_id=16122&uid=ny&idx_side=-140); kan henda ho òg er av omstreifarætt?

 

Veit forresten du, Arnvid, kvar det vart av Anna Svendsdotter? Og veit du kvar Inger Marie Pedersdotter vart konfirmert?

 

Eg gler meg til den dagen då alle kyrkjebøkene for Noreg er databaseregistrerte; då bør me kunne få svar på mange av desse spørsmåli våre...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fann nettopp eit notat om at Gunnhild Svendsdotter døydde på Tukthuset i Bergen 27.2.1835. Men eg trur framleis at Gunhild Marie frå 1826 må vera dotter hennar Anna Svendsdotter!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvem var foreldre til Anne Svendsdtr.? Det kan hjelpe i foreldresøk på Gunhild.

 

Mvh Tore

 

 

 

Edit: dette ble feil, da Gunhild muligens datter av Anne Svendsdtr.

 

 

Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

....XI. Anna Marie Serine Monsdtr. Hareid #20680, * 22-11-1848 i Rekdal, Vestnes, Sogn og Fjordane, døpt 01-01-1849 i Vestnes, Sogn og Fjordane, † 09-01-1937 i Bergen kommunale pleiehjem, Hordaland (merknad 2). Hun giftet seg med Johan Fredrik Johannesen Støleggen Palm #20679, 11-03-1873 i Årdal, Sogn og Fjordane (merknad 3), * 30-10-1847 i Ångermanland, Sverige (sønn av Johannes Fredriksen Støleggen #20608 og Kristiane Johannesdtr. Palm #20587), † 17-10-1939 i Bergen, Hordaland.

...

 

Mvh Tore

 

Ikkje det at eg er imot sogningar, men likar dårleg at heimbygda mi er plassert i Sogn og Fjordane :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk for nye kommentarar frå Tore, Helge og Arnvid. Eg må jo seia meg heilt samd, sjølv om eg ikkje har kjende forfedre frå dette området (bortsett ifrå at fleire ætter har vore "innom" der, t.d. Schjeldrup-ætti). Gudskjelov er det ikkje eg som har hevda at Vestnes ligg i Sognafylket...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje det at eg er imot sogningar, men likar dårleg at heimbygda mi er plassert i Sogn og Fjordane :(

 

 

 

 

Beklager så meget, her er bare og legga seg flat. Det gikk nok nok litt fort i svingene da jeg skrev det. Siden denne familien stadig flyttet over fylkesgrensen så snek det seg inn en feilplassering der.:unsure:

 

Vestnes er nå behørig overført tl Møre og Romsdal igjen.

 

 

Så håper jeg at de som fikk kaffen i vrangstrupen slipper det i framtiden.:P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager så meget, her er bare og legga seg flat. Det gikk nok nok litt fort i svingene da jeg skrev det. Siden denne familien stadig flyttet over fylkesgrensen så snek det seg inn en feilplassering der.:unsure:

 

Vestnes er nå behørig overført tl Møre og Romsdal igjen.

 

 

Så håper jeg at de som fikk kaffen i vrangstrupen slipper det i framtiden.:P

 

.... Og så får vi vona at salig Ragnvald Mørejarl fell til ro og sluttar å rotera i grava si :P

(Orsak, eg kunne berre ikkje dy meg) :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

g. Ole Johan Monsson, f. i Bud 23.9.1840, d. som innerst og legdelem på Hæreid i Årdal 19.6.1874. Han gifte seg i Årdal 19.11.1863 med Sigrid Hansdotter frå Haugen under Lægreid i Årdal. Ho var f. i Årdal 12.11.1833 og d. som kårenkje på Fodnes i Lærdal 23.10.1922. Ole og Sigrid budde som innerstfolk på Høreid, men som enkje budde Sigrid i mange år på Sandnes før ho i 1890-åri flytte inn på Fodnes i Lærdal. Ole og Sigrid fekk ikkje born i lag, men Sigrid hadde ein son frå før.

 

 

Eg får legge til at Sigrid Lægreid vart attegift 1881 med Ole Olssen Tverberg (1807-1899) opphaveleg frå Granvin. Dei budde på Teigen under Sandnes.

Eg reknar med at Sigrid kom til Fodnes etter at andre mannen hennar døydde.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2066&idx_id=2066&uid=ny&idx_side=-113

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050811010932.jpg

 

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Hei Lars,

 

Ser ei Monsine Monsdatter Elvetun som døyr i Lærdal/Årdal 9. feb 1852 og bgr. 21. feb, 2 veke gamald 'uekte?'.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 9 (1835-1857), Døde og begravede 1852, side 65.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11601&idx_id=11601&uid=ny&idx_side=-67

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630567.jpg

 

 

Kanskje denne Monsine er den same som er født 26. jan 1852 i Lærdal/Årdal men ikkje døypt her.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 11 (1850-1866), Fødte og døpte 1852, side 21.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8404&idx_id=8404&uid=ny&idx_side=-23

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305670506.jpg

 

Er lite usikker på om denne høyrer til Mons og Inger Marie?

 

Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje Hagen for flotte innlegg, både det frå desember i fjor og det frå sist veke, som eg ikkje har sett før no. Den gongen dette temaet vart starta, visste eg ikkje korleis eg kunne slå på varskuingi!

 

Når det gjeld Monsina, so er ogso eg lite vetta i stuss! Mons hadde nemlig ei søster som heitte Marie Pedersdotter Elvetun og som i 1852 alt hadde fått fem born! Men ho fekk sjette barnet sitt alt 5.2.1853. Men me kjenner ikkje til nokon Mons Jensson Elvetun! Denne må eg berre "tyggja" litt på...!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Hei

 

Ser at dette innlegget er noen måneder gammel, men jeg har en kommentar til Nikolina Monsdatter. Jeg finner at hun fikk en sønn med Ole Johan Johannessen i 1873. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6949&idx_id=6949&uid=ny&idx_side=-77. Jeg finner ikke henne død i Sogndal i 1876, men muligens jeg leter på feil sted?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Jeg hadde ikke registrert denne sønnen til Nikoline, så takk for det :-) Hun er gravlagt 1876 i Norum sokn av Sogndal (1863-1883) - http://www.arkivverk...08.jpg&siz=full. Ole Johan er for øvrig søskenbarnet til Nikoline, sønn til Anne Marie Pedersdatter - "Fantemarie", f.4-5-1821 i Elvetun i Solvorn, dpt.13-5-1821 i Hafslo, død 6-7-1874 på Elvetun og gravlagt 11-7-1874 fra Hafslo kirke. I 1879 får Ole Johan et uekte barn til og kalles ”Matros”. Hva som skjer videre med ham vet jeg ikke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Solfrid og Jonny for nye spennande innlegg!

 

Den Anna Pedersdotter som døydde på Elvetun i 1874, var kona til Simon Christopherson Moe og ikkje av denne ætti. Som nemnt under innlegg #7 ovanfor, døydde ikkje Anna Marie Pedersdotter (Fante-Marie) før i 1909 (2.3.). Ho var då busett hjå dotteri Christine i Bergen!

 

Sonen Ole Johan Johannesson (1850-1939) var matros og budde ei tid på Harberg under Kjørlaug i Hafslo (sjå bygdeboki for Luster, band VI), men hamna òg i Bergen.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Jeg hadde ikke registrert denne sønnen til Nikoline, så takk for det :-) Hun er gravlagt 1876 i Norum sokn av Sogndal (1863-1883) - http://www.arkivverk...08.jpg&siz=full. Ole Johan er for øvrig søskenbarnet til Nikoline, sønn til Anne Marie Pedersdatter - "Fantemarie", f.4-5-1821 i Elvetun i Solvorn, dpt.13-5-1821 i Hafslo, død 6-7-1874 på Elvetun og gravlagt 11-7-1874 fra Hafslo kirke. I 1879 får Ole Johan et uekte barn til og kalles ”Matros”. Hva som skjer videre med ham vet jeg ikke.

 

Hei Jonny

 

Har du link til Anne Marie sin dåp i 1821? Jeg finner ikke kirkebøker i Hafslo for denne perioden. En annen ting jeg også stusser på er at den Marie Pederdatter som dør i 1874 er bare 48 år, mens vår Anne Marie burde ha vært 53 år hvis hun er født i 1821. Så er du sikker at dette er riktig person, jeg finner at hun i 1893 flyttet til Bergen og at hun bodde hos sin sønn Ole i Bergen i 1900 folketellingen, men mulig jeg har feil her? http://digitalarkive...merk=66010#ovre

 

NB! Så først etterpå at Lars også hadde kommentert dette :) Jeg skal prøve å spore opp hvor jeg har det ifra at hun flyttet i 1893. Mener det var en søkesiden som Hafslo kommune hadde i sin tid, men den finner jeg ikke igjen :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.