Gå til innhold
Arkivverket

Johan Andreas (1826) og Cornelius (1831) Absalonssøner - frå Bergen - kva lagnad fekk dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema er ei oppfølgjing av tema frå gamalt brukarforum #79758 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=79758&sok=Absalon+%D8yane&nr=1&antinnlegg=17&startnr=&antall=&spraak=n#anker) om huslyden til Absalon Johnsen frå Lunde i Stryn (1799-1843) og kona Anna Andersdotter frå Hillestad i Hafslo (1791-1861). Parfolket budde i Bergen og fekk i alt sju born. Fleire døydde unge, ei dotter flytte til Ålesund, og resten budde i Bergen, men so var det desse to sønene som "forsvinn":

 

* Johan Andreas Absalonsen, fødd i Bergen 28.10.1826, vart konfirmert i Bergen i 1842 og vert sidan borte!

 

* Cornelius Absalonsen, fødd i Bergen 1.9.1831, var i 1865 ugift legdelem i Vågan, men utvandra i 1866 vie Quebec til Amerika. Han er ikkje attfunnen i Amerika.

 

Kanskje utvandra ogso Johan Andreas til Amerika? Ein namnebror av han budde i Bergen, men "vår" Johan Andreas er ikkje å sjå i Noreg i 1865!

 

Det ville vera svært so gildt om ein eller båe av desse brørne kan finnast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
  • 1 år senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Ann-Mary for innlegget om dette emnet frå 2011!

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå "gløymsli" med von om at kanskje nye opplysningar kan finnast om desse brørene?

 

Eg vil samstundes leggja inn eit emne i arkivforum for om mogeleg å finna sjømannslister eller militære sesjonsrullar der dei er nemnde.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Etter at dette emnet har vore oppe til drøfting i Arkivforum ved Statsarkivet i Bergen (), er det no klart at Cornelius Absalonsen alt i 1844 flytte til Nordland og utvandra frå Vågan til Amerika i 1866.

 

MEN, Statsarkivet i Bergen skriv mello anna òg følgjande om Johan Andreas Absalonsen: "1846 udslettet {frå hovudrullen} som død paa en Reise med skipper Jacob Christensen". Dette tyder altso på at Johan Andreas må finnast gravlagd der Jacob Christensen måtte ha vore på dødstidspunktet! Og dødsfallet skjedde i 1846 eller kort tid før!

 

Let det seg i det heile gjera finna den nøyaktige datoen og staden for dødsfallet hans?

 

Eg held fingri vel krossa og vonar at ein eller annan kan greia å "spora opp" dette dødsfallet.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg om Cornelius Absalonsen.

 

Du har lagt inn ei stadfesting på at Cornelius utvandra i 1866, men diverre har det so langt vore heilt umogeleg å finna han att i Amerika!

 

Elles er det framleis ei gåte KVAR Johan Andreas Absalonsen kan liggja gravlagd! Kvar siglde Jacob Christensen i 1846?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje om ikkje denne Jacob Christensen kanskje var i yngste laget, men etter svaret som eg fekk frå Statsarkivet i Bergen om kvar Jacob siglde i 1846, er eg vel komen so nær eit svar som eg kunne verta.

 

Elles kan eg leggja til at denne yngre Jacob Christensen, som vel var SON av den eldre, gifte seg med ei jente som hadde røter frå Luster! Far hennar var Henrik Andersson Bjerk frå Jostedalen som òg var sjømann og som i oktober 1840 fall over bord og drukna på ein reise til Königsberg (Kaliningrad)!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.