Gå til innhold
Arkivverket

Noen som ønsker oppslag i "Det Norske Næringsliv"?


Carsten Schanche
 Del

Recommended Posts

Jeg gjør oppslag i disse 4 fylkesleksikon hvis noen ønsker det.

 

Tredjeavdeling i hver bok er en mønstring av fylkets nærings- og arbeidsliv, beskrivelse av bedrifter og tiltak gitt på grunnlag av oppgaver for det meste av de næringsdrivende selv, ordnet by- og herredsvis og alfabetisk. Dette er den største kartlegning av de næringsdrivende i landet.

 

Bøkene er utgitt ca. 1950.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torbjørn

 

VINDHEIM, BRØDR., Jern og Treindustri, Hans Hansens veg 74, Drammen. Tlf. 4937. Fabrikken: 8808.

 

Starta av Erling og Torolf Vindheim. Eigar nå: Erling Vindheim. Fabrikkstyrar: Maskintekniker Einar Vindheim.

 

Verksemda tok til 15. oktober 1923 - i ei svart tid med stor arbeidsløyse. Tiltaket hadde sitt ideologiske grunnlag i ein sterk reaksjon mot det meiningslause i at samfunnet ikkje hadde stort anna å by folk enn å pukka stein, medan importen tok overhand, og det av heilt enkle ting - som pølsepinnar og likkistenaglar. Midt i eit sentrum for papirfabrikasjon fann verksemda si naturlege oppgåve i å laga "papirplugg". Etter kvart fann ein nye artiklar, just slike som vi før importerte og som ikkje kom i tevling med andre norske verksemder: Rottefella "Svart Katt", lauvriva "Hårfin" m.fl.

 

I dei seinere åra har produksjon av "Tor" hagereidskaper (planteskei, lukeklo m.fl. i alt 12 ymse slag), blitt hovudarbeidet. Varene går til grossistar over heile landet, og fabrikken har stort sett skaffa det landet treng, og gleder seg til framleis å gjera det. (Under krigen arbeidde opptil 15 mann).

 

Det er tanken å utvida produksjonen av hagereidskaper ved å ta opp nye ting. Ein syrgjeleg og total brand øydde alt i 1945. Fyrst i 1947 kom fabrikken i gong att. Det er mange vanskar med maskiner og materialar. Men med tru på framtida vonar ein å vinna oppatt for kneiken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.