Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Himmelretningar


Recommended Posts

Eg prøver å kome gjennom ei gammal jordskiftesak. Der kjem eit uttrykk som eg slit litt med å tolke:

 

"Grensa går i S t O 1/2 O retning". At O er Ost/Aust veit eg, men så - ? Og dersom ein går grensa motsett veg, blir det då N t V 1/2 V - kva det no betyr - ?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/174296-himmelretningar/
Del på andre sider

Eg prøver å kome gjennom ei gammal jordskiftesak. Der kjem eit uttrykk som eg slit litt med å tolke:

 

"Grensa går i S t O 1/2 O retning". At O er Ost/Aust veit eg, men så - ? Og dersom ein går grensa motsett veg, blir det då N t V 1/2 V - kva det no betyr - ?

 

 

Eg er ingen navigatør , men kan hende Sydleg til Ostleg halvveis Ostleg retning, dvs. sydostleg til ostleg (søraustleg til austleg) retning ??

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/174296-himmelretningar/#findComment-1487795
Del på andre sider

Hei Kompasset rundt er som vi vei 360 grader. Regnet fra Nord mot Øst Dette er så inndelt i 4 kvadranter a 90 grader. Disse er så igjen delt inn i 8 streker a 11,25 grader. Kompasset rundt blir da 32 streker = 360 grader

Kompasstrekene i ksadranten Syd til Ost blir da som følger fra Syd. StO-SSO-SOtS-SO-SOtO-OSO-OtS-O.

Retningen StO 1/2 O blir da: 168,75-5.75=163 grader.

 

Terje

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/174296-himmelretningar/#findComment-1487818
Del på andre sider

Eg fann følgjande lenker:

 

http://no.wikipedia.org/wiki/Himmelretning

http://bdel.no/Dokumenter/Utmark/Grenser/Grenser_18.pdf

 

Om eg tolkar Rolf rett, så er "1/2" ei endå finare inndeling, dvs. at SO 1/2 O vert midt mellom SO og SO t O, altså 129,375 grader.

 

S t O 1/2 O skulle då vere 163,125 grader.

 

Eg sat og lurte på dette sjølv ein gong eg studerte grenser i ei utmarksutskifting i panteboka, men ikkje hadde noko kart. No har eg oppdaga denne tenesta, og at det faktisk også finst eit utskiftingskart.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/174296-himmelretningar/#findComment-1487819
Del på andre sider

Takk for nyttig lærdom - tabellen som viser dei 32 hovudretningane skulle vere grei nok, men så er det denne "halv" då. Etter å ha prøvd å setje meg inn i logikken i rosa vil eg tru at dei to siste innleggarane har rett - at gradene eg skal fram til ligg eit halvt steg austafor S t O - altså på ca 163 gr.

 

S t V 1/2 V vil bli ca 197 gr?

 

V t N 1/2 N vil bli ca 287 gr?

 

Er de enige?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/174296-himmelretningar/#findComment-1487847
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.