Gå til innhold
Arkivverket

Stryn SF - Klemet Sakariasson Årnes


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Kyrkjebøkene for Innvik gjekk dessverre tapt i ein brann i 1750, så tida før det kan vere ei utfordring. Mannen i overskrifta er ei lita nøtt. Han er fyrste gong å finne som femåring heime på Årnes i 1701. Den eldre broren Knut overtek garden. Klemet blir ingen gammal mann, for han er død allereie før 1744, då det er skifte på Nesje etter systera Steine Sakariasdtr som døydde ugift. Det blir då sagt at Klemet er død og har ein son og tre døtre etter seg.

 

Den eine dottera er rimelegvis Steine Klemetdtr Nesje som gifter seg med Elling Anderson Bødal / Visnes / Brynestad, på Maurset i Hornindal i 1801 - ho skal då vere 64 år og bør vere fødd ca 1737 eller truleg litt etter fordi alder ofte er sett for høgt.

 

Ei anna dotter kan vere denne som er skifte etter på Davik i 1817 - ei Marte Klemetsdtr Årnes frå Stryn, men ho har dessverre ikkje den minste ting etter seg, så arvingar blir ikkje nemnde.

 

Men kven var dei andre borna?

 

Kanskje kan mor deira vere nemnt i eit anna skifte frå Stryn - ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.