Gå til innhold
Arkivverket

Nils Ingebrigtson (1776- ) - frå Hafslo til Lavik? - eller var det ein annan som gifte seg der i 1807?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gardbrukar Ingebrigt Trondson Lomheim (1730-1793) og kona Anna Larsdotter (1744-1810) hadde to søner som voks opp. Den eine Trond var gift og budde i Hafslo, medan hin sonen berre "forsvinn":

 

Nils Ingebrigtson, døypt i Hafslo 18.2.1776, vart konfirmert i Hafslo i 1792 og levde òg då det i 1793 vart halde skifte etter faren (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24143/233/). Men diverre finst det ikkje noko skifte etter mori i 1810!

 

Ved søk hjå FamilySearch er eg komen over ein svært so spennande "kandidat" for denne Nils Ingebrigtson, ein Nils Ingebrigtson Støldal som 11.7.1807 gifte seg i Gulen (Lavik) med ei Ragnhild Hansdotter Mølmesdal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11448&idx_id=11448&uid=ny&idx_side=-183).

 

Eg finn att parfolket i Ætteboki for Lavik på side 145 (Breidablikk, Hjelmeland) der opphavet til Nils er ukjent! Ragnhild er fødd 1779 som dotter av Hans Pederson og Britha Jørgensdotter.

 

Kan dette vera Nils Ingebrigtson frå Lomheim på Hafslo??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Geilo - Buskerud
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Dette har du vel fra før, men her er dåpen til sønnen Hans i april 1809:

 

Sogn og Fjordane fylke, Lavik, Ministerialbok nr. A 1 (1809-1822), Fødte og døpte 1809, side 48-49.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11558&idx_id=11558&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-2

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510670474.jpg

 

Dette er vel skifte etter den samme Nils, hvor sønnene Hans og Arne er nevnt:

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 19 , 1833-1836, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24179/401/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125670403.jpg

 

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg om Nils Ingebrigtson!

 

Eg har ikkje studert huslyden so altfor nøye enno, so lenge eg ikkje sikkert veit om dette er rette person.

 

MEN, eg har no leitt fram dødsfallet hans i Lavik 5.10.1835 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11560&idx_id=11560&uid=ny&idx_side=-96), men sjølvsagt er det her ein blekkflekk i aldersfeltet, so me får ikkje vita om Nils etter alderen er ein sannsynleg kandidat!!

 

Eg har òg finna andre vigsli hans Nils i Lavik 23.7.1820 med Anna Hermundsdotter Sørstrand (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11558&idx_id=11558&uid=ny&idx_side=-136), men heller ikkje her finn me nokon alder...!

 

Men korleis skal me prova at det er "rett" Nils?

 

Me veit sikkert at det ikkje hanst nokon Nils Ingebrigtson i Lavik i 1801.

 

Forslag einkvan??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn fem born etter Nils Ingebrigtson hjå FamilySearch, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

* Hans Nilsson, døypt Lavik 15.4.1809 - budde på Værholmen 1836

 

* Arne Nilsson, døypt Lavik 15.8.1813 - budde på Hjelmeland 1836

 

* Britha Nilsdotter, døypt Lavik 3.6.1816 – må vera avlidi før 1836

 

* Kari Nilsdotter, døypt Lavik 22.8.1819 – må vera avlidi før 1836

 

* Ragnhild Nilsdotter, døypt Lavik 23.4.1821 – må vera avlidi før 1836

 

Det som er påfallande, er at ingen son hadde namn etter farfaren Ingebrigt, og dersom Nils hadde opphavet sitt frå Lomheim i Hafslo, so hadde han heller ingi dotter med namn etter farmori Anna!

 

Nils Ingebrigtson var eldste (levande) son på Lomheim og burde ha teke garden. Kan me tenkja oss eit familiært bròt? Nils ville ikkje ta garden...?

 

Hadde me berre kunna tyda alderen hans ved dødsfallet???

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:

 

 

Informasjon om Niels Ingebriks. H........? H.......?

i kyrkjebøkene, Lavik prestegjeld

 

Korrektur: Lesen

 

År 1835

Kyrkje

Død dato 5.10.1835

Gravlagd dato 0.0.0

Førenamn Niels

Etternamn Ingebriks. H........?

Bustad H.......?

Yrke grdm.

Gift u

Fødd 1787

 

De går ut fra at alder ved dødsfallet er 48 år, det samme som jeg også synes at det står...

post-541-0-68981800-1321559435_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Iflg Fylkesarkivet i SF er han f. 1787 då han døydde 5.10.1835

 

Om det står noko som du har nytte av i skiftet nr 55, 20.11.1835, veit eg ikkje ! Skrifta er for dårlig for mine auge. Mogelig at du finn det her: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24179/401/?size=full&mode=0'>http://arkivverket.no/URN:sk_read/24179/401/?size=full&mode=0

Eller så finn du det her, kanskje: Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24179/401/

eller .. Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125670403.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for nye interessante innlegg!

 

Eg er ikkje like sikker på alderen som de har tolka til 48, men det kan sjå ut til å stemma so nokolunde...:

 

Eg finn nemlig ein Nils Ingebrigtson Hjelmeland konfirmert i Lavik i 1803 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11448&idx_id=11448&uid=ny&idx_side=-5), og det er nok same mann. Han manglar i FT1801, men uansett kvar han er komen ifrå, han er IKKJE identisk med Nils Ingebrigtspon frå Lomheim i Hafslo, so eg lyt "attende til start"!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

WOOPS:

 

Eg ser at ein Nils Ingebrigtsen, 20 år gamal, døydde på eit sjukehus i Bergen i 1800 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=bedo1668&gardpostnr=19333&merk=19333#ovre).

 

Kanskje det er han som er frå Lomheim i Hafslo??

 

Eller er det heller denne, fødd i Nykyrkja i Bergen i 1780 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=dp12011668&gardpostnr=48804&personpostnr=143551&merk=143551#ovre)?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.