Gå til innhold
Arkivverket

Ernst Rollofs (1799-1835) - frå Amsterdam til Bergen - opphavet hans og lagnadane til sønene hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #10914 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=10914&sok=Rollofs&nr=1&antinnlegg=16&startnr=&antall=&spraak=n#anker) der status kan oppsummerast slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bertha Johannesdotter, f. i Bergen 4.5.1800, budde vel knapt nok i Hafslo, men voks opp i Bergen der ho 24.4.1825 gifte seg med Ernst Adrianusson Roelofs frå Amsterdam, Holland, i Bergen kjend som Ernst Rollofs. Han var son av Adrianus Roelofs i Amsterdam og Wyntje Samuels

 

¤¤¤¤¤ (fleire opplysningar om desse foreldri?)

 

og vart døypt i Hersteld, Amsterdam i Holland 2.7.1799. Ernst var gesell, og han og Bertha budde i Hennebysmuget i Bergen der Ernst d. 26.2.1835. Bertha Rollofs d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – var ho kan henda attgift? - eller flytte ho kanskje frå Bergen? - sørover Haugesund eller Stavanger?)

 

Dei fekk fire born i lag:

 

a. Adrianus Johan Ernstson Rollofs, f. i Bergen 23.10.1825,

 

¤¤¤¤¤ (konf. Bergen 1841 – lagnaden hans?)

 

b. Wibeche Randine Ernstsdotter Rollofs, f. i Bergen 19.4.1828, d. i Kristiansand 24.3.1876. Ho gifte seg i Bergen 9.5.1852 med Georg Christian, kjend som Christian Peterson Schlyder, f. i Bergen 26.8.1826. Han d. i Bergen 28.7.1903. Som enkjemann gifte Christian seg 18.4.1881 att i Bergen med Agatha Johannesdotter frå Nesse i Haus, f. i Haus 27.2.1834. Ho d. i Bergen 7.10.1921. Christian Schlyder var bøkkarmeister og budde i Bergen levetidi ut. Han fekk åtte born, som alle var frå første ekteskapet med Wibeche Rollofs.

 

c. Elen Pauline Ernstsdotter Rollofs, f. i Bergen 10.6.1830, d. som enkje i Stavanger 1.3.1915. Elen gifte seg i Koparvik, Avaldsnes 3.4.1856 med Osmund Knutson frå Hagland i Skåre, Torvastad, i Haugesund kjend som Osmund Hagland. Han var f. i Torvastad 24.2.1822 og d. som tidlegare jekteeigar i Stavanger 11.2.1912. Osmund var sjømann og sidan jekteskipper og gardeigar. Han og Elen budde mange år i Haugesund, men flytte kring 1904 med ei dotter til Stavanger. Dei fekk fire born i lag.

 

d. Ernst Ernstson Rollofs, f. i Bergen 13.10.1833,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me har med andre ord komplette opplysningar om dei to døtrene i denne huslyden, men kvar i all verdi vart det av gutane?

 

Og er det nokon med kunnskap opm kjelder i Holland som kan hjelpa med fleire opplysningar om foreldri til Ernst? FamilySearch syner dåpen hans i Hersteld kyrkjelyd i Amsterdam, men han synest vera einaste barnet som desse foreldri døypte i den kyrkja, og eg finn ikke noki vigsle for dei heller! Kanskje dei ikkje var gifte...?

 

Alle gode tips om denne huslyden vert mottekne med opne armar og stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.