Gå til innhold
Arkivverket

Johan Pederson (Pehrsson) Friisholm, fødd Sverige 1769 - døydde i Bergen 1843 - var han frå Blekinge?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema har vore oppe til drøfting før i det gamle Brukarforum under #7455 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=7455&sok=Friisholm&nr=2&antinnlegg=8&startnr=&antall=&spraak=n#anker), men utan at det kom fram noki endeleg løysing på problemet.

 

Problemet kan oppsummerast slik:

 

Johan Pederson (eller Pehrsson?) Friisholm, fødd i Sverige kring 1769, gifte seg på Svanø i Kinn 10.1.1819 med enkja Ragnhild Jørgensdotter (f. Jordanger), døypt i Hafslo 10.12.1769. Ragnhild høyrte til Haugianarmiljøet på Svanøy, og korleis denne svensken, som eg trur kan ha vore sjømann, kom ionn i biletet, er uforklart.

 

Johan Friisholm tok 13.12.1821 borgarskap i Bergen som høker, men det ser ut til at han og Ragnhild budde på Ask på Askøy der Ragnhild døydde 6.6.1830. Johan Friisholm døydde på "søfarendes fattighus" i Bergen 17.5.1843.

 

Problemet mitt er å finna det svenske opphavet til Johan Pederson (Pehrsson?) Friisholm, og eg vonar at ein eller annan ekspert på Sverige kan bidra med noko? Det finst ein stad som heiter Friisholm utanfor Karlshamn i Blekinge, og det er fristande å tenkja seg at Johan kan vera derifrå? Kanskje heitte han berre Johan Pehrsson, men tok sidan Friisholm som ættenamn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Chris for kommentar!

 

Det har vore drøfta før om Friisholm kunne ha vore danske, men då han i 1821 fekk borgarskap i Bergen som høker, står det tydeleg at han var fødd i "Sverrig" (http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=139&innhaldid=5&storleik=).

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frisholmens kastellförsamling var församling för kastellet på Frisholmen utanför Karlshamn 1753-1865. Arkivet har brunnit och finns inte kvar. Möjligtvis har han tagit namnet därifrån, som du säger. Man kan alltså inte se om han funnits på kastellet som sjösoldat

 

http://diginpast.se/ostkanten/swe/socknar/frisholmen/index.html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frisholmen er navnet på en holme som ligger like utenfor Karlshamn i Blekinge. Her er det en festning, Frisholmen kastell, som spilte en viss militær rolle på 1700-tallet. Den militære avdelingen som holdt til her, var eget sogn fra 1753, Frisholmens kastellförsamling. Sognet lå under Karlshamn-Asarum och Frisholmen pastorat. Det tilsvarer vel våre prestegjeld.

 

Kanskje det er noen gode hjelpere her med tilgang til svenske kirkebøker som kan lete etter denne Johan Peehrson blant soldatbarna på Frisholmen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eftersom kyrkoarkivet inte finns kvar så kanske man kan gå via de militära rullorna. Det är inte vanligt att man i Sverige tar namn direkt efter sin födelse- eller boendeort så han kan ha lagt till namnet efter norsk sed när han flyttade dit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.