Gå til innhold
Arkivverket

Plassnamn under Kroken i Hafslo 1665

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne lista over busetnad på Kroken i Hafslo er oppført i futemanntalet frå 1665:

541 543 Hafsloe Krogenn Jahnn Theiste Bonde

542 544 Hafsloe Krogenn Anthønnes Krogen Dreng

543 545 Hafsloe Krogenn Rasmus Krogen Dreng

544 546 Hafsloe Krogenn Thrund Thorgildtzenn Husmand Wnder Compagniet

545 547 Hafsloe Krogenn Joen Lauridtzenn Lae??? Husmand

546 548 Hafsloe Krogenn Poffuel Sueresetth(??) Husmand

547 549 Hafsloe Krogenn Olluff Laeberg Husmand

Problemet mitt er å tolka namni på husmannsplassane. Me kjenner til plassnamni LOBERG og LOI (frå gamalt (dansk) skrive Loen)

Men kva er plassen som Poffuel bur på? Andre gamle plassar under Kroken var Skophammar, Sagi (Sagen) og Ekrene. Kan det vera ein av dei?

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette manntallet ligger ute i skannet form, men kvaliteten på gjengivelsen er dessverre ikke slik at den tillater sikker lesing av teksten inn mot midten av boken:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hardanger len, Indre Sogn fogderi, Ytre Sogn fogderi, Manntall 14 (RA/EA-4070/J/Ja/Jac/L0014), 1664-1665, oppb: Riksarkivet.

Merknader: Fogdenes og sorenskrivernes manntall.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/35573/73/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-ft10041005313074.jpg

Originalen er å finne i Riksarkivet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for svar på dette spørsmålet. Eg vil senda spørsmålet vidare til Riksarkivet med von om at dei kan sjå på originalen.

Om eg skal freista tolka namnet, ser det ut som denne Poffuel har to namn som følgjer, og eg lurer på om det kan vera SURENSEN eller SWENSEN med eit kort plassnamn deretter?

Det er stram innbinding som gjør det vanskelig å få gjengitt dette bedre når vi skanner. Jeg skal sjekke opp dette i begynnelsen av uka - du trenger ikke poste noe nytt spørsmål.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for hyggeleg kommentar. Men nytt spørsmål var alt sendt til Riksarkivet då eg oppdaga meldingi di!

Uansett, eg seier hjarteleg takk for hjelpi!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for hyggeleg kommentar. Men nytt spørsmål var alt sendt til Riksarkivet då eg oppdaga meldingi di!

Jeg sletter henvendelsen i Riksarkivets forum, så unngår vi noe dobbeltarbeid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne lista over busetnad på Kroken i Hafslo er oppført i futemanntalet frå 1665:

541 543 Hafsloe Krogenn Jahnn Theiste Bonde

542 544 Hafsloe Krogenn Anthønnes Krogen Dreng

543 545 Hafsloe Krogenn Rasmus Krogen Dreng

544 546 Hafsloe Krogenn Thrund Thorgildtzenn Husmand Wnder Compagniet

545 547 Hafsloe Krogenn Joen Lauridtzenn Lae??? Husmand

546 548 Hafsloe Krogenn Poffuel Sueresetth(??) Husmand

547 549 Hafsloe Krogenn Olluff Laeberg Husmand

Problemet mitt er å tolka namni på husmannsplassane. Me kjenner til plassnamni LOBERG og LOI (frå gamalt (dansk) skrive Loen)

Men kva er plassen som Poffuel bur på? Andre gamle plassar under Kroken var Skophammar, Sagi (Sagen) og Ekrene. Kan det vera ein av dei?

Jeg leser "Joen Lauridtzen Loen" og "Poffel Surensetter".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for nytt svar! Namnet Surensetter er ukjent i dag, men no har me i alle fall noko å gå ut ifrå!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nørare undersøkingar har synt at dette må vera den gamle plassen Surnasete under Kroken, som sidan har vore nytta som støl. Ingen visste at nokon nokon gong hadde butt der!

So er det problemet løyst!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.