Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olson Vangsnes (1819- ), jektebyggjar og husmann - kvar vart han av etter 1875?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har nettopp oppdaga ein ny huslyd på Vangsnes som skal vera med i ei av bygdebøkene våre i Luster, men eg står fast på opphavi til dei tre konene til denne karen, og heller ikkje finn eg ut av kvar han gjorde av seg etter han gifte seg tredje gongen. Kan nokon med lokal kunnskap på Vangsnes hjelpa meg?

 

Slik ser manuskriptet mitt førebels ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Olson, f. på Kvåle i Sogndal 30.8.1819, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Vangsnes?)

 

Lars flytte i ung alder til Balestrand der han 23.5.1853 gifte seg første gongen med Ragnhild Nilsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (ein plass under Vangsnes, men kva plass?)

 

Vangsnes i Balestrand, f. i Balestrand 2.3.1822. Men ho d. som strandsitjarkone under Vangsnes alt 28.4.1857, og Lars gifte seg att i Balestrand 10.1.1860 med Christina Ottesdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (ein plass under Vangsnes, men kva plass?)

 

Vangsnes i Balestrand, f. i Balestrand 18.10.1824. Ho d. som husmannskone under Vangsnes 14.11.1872. Lars gifte seg so tredje gongen i Balestrand 1.2.1875 med Anna Jørgensdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (ein plass under Hove i Rinde, men kva plass?)

 

Hove i Rinde, Leikanger, f. i Leikanger 3.10.1829. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Lars var jektebyggjar og budde med Ragnhild som strandsitjar og med Christina som husmann på ein plass

 

¤¤¤¤¤ (kva plass under Vangsnes hadde dei?)

 

under Vangsnes i Balestrand, men flytte med tredje kona Anna til

 

¤¤¤¤¤ (bustad i tredje ekteskapet?)

 

Lars fekk i alt seks born, to frå første ekteskapet og fire frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står bare Vangsnes på faren til Ragnhild Nilsdatter, Nils Andersen, da han giftet seg i 1819 med Synneve Pedersdatter ibid. Forloverne var Ingebrigt Nilsen Vangsnes og Ingbrigt Knudsen ibid

 

Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Ministerialbok nr. A 6 (1810-1838), Kronologisk liste 1819, side 92.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11569&idx_id=11569&uid=ny&idx_side=-95

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630545.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for kjappe og nyttige svar!

 

Om eg skal tolka klokkarboki for Vangsnes rett, so døydde vel Anna i 1899, men når det gjeld dei nøyaktige bustadane på (eller under) Vangsnes, so treng me nok lokalkjende folk, eller eventuelt tilgjenge til den nye bygdeboki for Vangsnes, som no høyrer til Vik...

 

Nok ein stor takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnulf for motteken e-post med spennande opplysningar om denne huslyden. Det gjekk greitt å lesa sidene frå boki om Vangsnes, og eg fekk svar på spørsmålet om bustaden til Lars Olson på Sjøteigen under Vangsnes. Dei andre bustadene er tydeleg vanskeleg å identifisera so mange år etter, so me lyt vel godta at dei ikkje vert nemnde hjå meg heller...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.