Gå til innhold
Arkivverket

Louise Bergine Hanson Martin Latin (1868-1937), ei skikkeleg utfordring i Nebraska


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Britha Trondsdotter frå Holsete i Hafslo (1845-1933), utvandra til Amerika med foreldri sine i 1865 og vart gift med kyrkjebyggjar Tollef Nilsson frå Årmot i Bø i Telemark (1837-1905). Men før ho kom so langt fekk ho ei dotter:

 

Louise Bergine Hanson, fødd i Minnesota (uvisst kvar i MN!) 19.2.1868. Barnefaren var ein Gustav Hanson. Louise voks opp i Belmoint township, Jackson Co., MN, men:

 

* gifte seg første gongen med ein "Mr." MARTIN, men han døydde før 1900 då Louise Martin som enkje var busett i Dakota village, Dakota Co., NE i lag med broren Joe Nelson (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120375_00942&fn=Louisa&ln=Martin&st=r&ssrc=&pid=65179895).

 

* gifte seg andre gongen kring 1901 med ein "Mr." LATIN, fødd i Iowa, men dei vart skilde før 1910 då Louise Latin som "widowed" var busett i South Sioux City, Dakota Co., NE med ei dotter Neva (Neva Louise, fødd i Nebraska 7.1.1903) (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=31111_4330829-00800&fn=Sannie&ln=Latin&st=r&ssrc=&pid=15429772).

 

Ved FT1920 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6061&iid=4313274-00209&fn=Neva&ln=Latan&st=r&ssrc=&pid=17964019) og FT1930 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6224&iid=NET626_1270-0721&fn=Louise+B&ln=Lattin&st=r&ssrc=&pid=106776053) bur Louise LATIN framleis i South Sioux City, NE, men då som "divorced" hushaldar.

 

Louise Latin døydde i South Sioux City, NE 26.3.1959.

 

Her står utfordringane nærast "i kø":

 

* Kvar i Minnesota var Louise fødd?

 

* Kven var dei to ektemakane hennar?

 

* Dato og stad for dei to vigslene hennar?

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for innlegget som nettopp dukka opp, samstundes som eg sjølv har funne følgjande om den andre ektemaken hennar Louise Bergine Hanson:

 

Perry Ernest Lattin (stava med dobbel t!), var fødd i Marshall Co., IA 4.7.1874 og døydde i Westfield, Plymouth Co., IA 12.2.1930.

 

Soleis er denne mannen identifisert, men eg kan ikkje finna vigsli deira, som må ha vore i 1901 eller 1902, truleg i Dakota Co., NE...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no òg funne fødsli til Louise, som Bertha Lovise i Goodhue Co., MN:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Birth Date 1868.02.14

Operation birth

Child's Name Bertha Lovise

Father's Name Hans Larsen

Mother's Name Brita Throndsen

Source Holden

County Goodhue

State Minnesota

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So då sit me att med problemet kring "Mr." Martin..., og vigsli hennar med Perry Lattin...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.