Gå til innhold
Arkivverket

Gards- og bruksnr i Oslo


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Eg er på jakt etter opplysningar om det som tidlegare var Gnr 130 Bnr 15 i Aker. Gnr. 130 var då namngit som Øvre Valle, men bnr. 15 har eg ikkje funne oppgitt med eige namn. Så vidt eg kan sjå av denne oversikta, må bnr. 15 tidlegare ha vore ein del av bnr 2 Grønvoll. (Utskilt frå bnr 12, som var utskilt frå bnr. 8, som igjen var utskilt frå bnr 2). Kildeinformasjon: Protokollnummer: I 3 - Håndregister, Sted: Aker herredsskriveri, Aker tinglag, Oppbevaringssted: SAO

Merknader: 1892-1950. Håndregister. Rubrikker for skylddeling og eier. Gnr 105-154.

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080912331110.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=21405&uid=ny&idx_side=-200

 

I Oslo finn eg no igjen gnr 130 bnr 2 på Grønnvoll, så eg reknar med at desse gardsnr er blitt beholdt etter at Aker og Oslo blei slegne saman.

 

Så vidt eg kan sjå på karta, så ligg gnr 130 bnr. 12 ved Valle Hovin. Eg reknar då med at bnr 15 også har låge i dette området, men bruksnummeret ser ut til å ikkje eksistere lenger.

 

Er det nokon som veit kor Gnr 130 Bnr 15 låg, og kva som er historia til dette bruket?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har sett litt i pantebøkene for Aker og funnet noen tinglysninger som kan være av interesse:

 

Skylddelingsforretning 20. april 1899. Her er en nøyaktig beskrivelse av grensene for gnr. 130 bnr. 15. Det står ikke noe navn på eiendommen her, men det står at eiendommen er solgt for anlegg av et teglverk.

 

Utpanting datert 21. januar 1902: Det ser av dette ut til at Johannes Sørbye bor på eiendommen og at den kalles Valleløkken.

 

Ekstrating 16. juni 1905: Dette ser ut som en skatteliste e.l. Her er innehaveren også kalt Johannes Sørby og boligen Valleløkken.

 

Det kan altså se ut til at eiendommen ble kalt Valleløkken, men jeg tror det er riktig å ta et forbehold. Skylddelingen viser at arealet var på 8 mål. Valleløkken kan være navn på et bolighus som lå på denne eiendommen. Det er ikke dermed sagt at dette navnet ble brukt på hele bnr. 15. Jeg må også legge til at Valleløkken dessuten er navnet på en løkke ved St. Hanshaugen. Jeg legger ved utsnitt av et kart som skal være fra 1900. Her er visst teglverket allerede kommet opp.

post-1207-0-00498200-1319957847_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for gode innspel.

 

Når det gjeld linken i til Valle gård i innlegg 2 og 3, så får eg ikkje nokon av dei til å virke, men eg fann fram til den. Denne sida har eg sett før, og den omhandlar dei tidlege utskiftningane på Valle. Når det gjeld bilde av Vallefaret 14, så viser det hovedbygningen på Øvre Valle som blei oppført i 1840, og nok ikkje har noko med bnr. 15 å gjere.

 

Eg ser at eg har sett litt skeivt når det gjeld kva som blei utskilt frå kva i linken min i innlegg 1. Bnr. 12 må være utskilt frå hovedbruket (bnr 1) og ikkje frå bnr. 2. Bnr. Bnr. 1 ligg også i nærleiken av Valle Hovin, så det gir vel kanskje ei meining.

 

Bnr. 12 har namnet Valleløkken, og Bnr. 15 som er utskilt frå den, kan då ut frå linkane til Knut sjå ut til å ha same namn (Der er eit område ved St Hanshaugen som også er kalla Valleløkken, men det er ein annan gard). Av skattelista for 1905 ser det ut til at dei to bruksnummera også har same eigar. Kanskje har eigaren av bnr 12 kjøpt tilbake bnr. 15?

 

Eg har prøvd å følgje grenseskildringane i den første linken til Knut, men datt dessverre fort av. Kanskje er det andre som klarer å plassere eigedomen?

 

I folketellingane for 1900 er det ingen som er oppført på bnr 12. på bnr 15 skal det ha stått både ein hovedbygning og ein sidebygning som det har budd folk i. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f00218&gardpostnr=591&merk=591#ovre

 

I 1910 finn eg ingen verken på bnr 12 eller 15. Når det ikkje bur folk der, så tyder vel det på at det er reine industribygg.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har prøvd å samlikne kartet til Knut med dagens kart for området.

 

Det enklaste å finne er Grønvold fyrstikkfabrikk. Den låg i si tid på bnr. 2, og bnr 2 er lett å finne på dagens kart. Der ligg det også eit bygg som ser ut til å ha ei grunnform som er likt bygget som står oppført på kartet frå 1900.

 

Området som teglsteinfabrikken står oppført på, ser ut til i dag å ligge på dagens bnr 66. Bnr. 66 blei i 1952 skilt ut frå bnr 29, som igjen blei skilt ut frå bnr 12 i 1927 for (så vidt eg forstår det) å skulle tillegges bnr 2. Det ser ut til å ha vore eit makebyte her mellom bnr 12 og bnr 2, der bnr. 12 har fått eit område som har fått bnr 28.

 

Eg ser at bnr. 15 blei solgt i april 1899, og at det då skulle byggast ein teglsteinsfabrikk der. Eg veit ikkje kor raskt dei bygde slike fabrikkar, men dersom kartet er frå 1900, kan det då være den same fabrikken? Kan det ha stått ein teglsteinsfabrikk frå før på bnr 12, og at det er denne som viser på kartet? Eller kan bnr 15 ha blitt slått saman med bnr. 12 fr bnr 29 blei skilt ut?

 

Eg er framleis like forvirra. Kva skjedde med bnr. 15?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. Henning Sollieds Akersgårder er Valle Øvre g.nr.130 b.nr.1 Malerhaugen , b.nr. 2 Grønvold b.nr. 13 Helsvær,

flere br.nr. er ikke oppgitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er dei tre bruka som garden først blei delt i. Alle dei andre bruka er utskilt frå desse tre igjen, men desse mindre bruka har vel då ikkje vore rekna som "gårder", men har vel vore utskilt til industri og bustad.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er framleis like forvirra. Kva skjedde med bnr. 15?

 

Jeg har undersøkt grunnboksbladene for Oslo, slik de foreligger på mikrofilm fra begynnelsen av 1990-tallet. Her finnes gnr/bnr 130/15 ikke (mikrofilmen går rett fra 130/14 til 130/16). Det betyr at 130/15 har på et eller annet tidspunkt før 1990 har blitt sammenføyd med en annen eiendom. Grunnboksbladet har da blitt skilt ut fra hovedserien med grunnboksblader (den som har blitt mikrofilma), men det kan være tatt vare på i en serie med utgåtte grunnboksblad - i så fall ved Statsarkivet i Oslo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gnr. 130 bnr. 15 ble slått sammen med gnr. 130 bnr. 12 i 1926. Se protokoll I 77, side 777 for Aker, - så da er vi vel like langt?

 

Ellers må jeg legge til at boligen som familien Paulsen m.fl. bodde på i 1900, neppe het Valleløkken slik jeg antydet i mitt forrige innlegg. Valleløkken var navnet på bnr. 12 og ble kanskje brukt på hele området. Det er ikke sikkert at bnr. hadde noe offisielt navn, - men i dagligtale hadde sikkert også denne eiendommen eller bolighuset/bolighusene der et navn.

 

Det burde vel være mulig å finne noe om gnr. 130 bnr. 15 i Oslo Byarkiv. De overtok arkivene til reguleringsvesenet i Aker kommune ved sammenslåingen for vel 60 år siden. Mn det er vel ikke mye av dette som ligger på nettet :-(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gnr. 130 bnr. 15 ble slått sammen med gnr. 130 bnr. 12 i 1926. Se protokoll I 77, side 777 for Aker, - så da er vi vel like langt?

 

Siden sammenføyningen skjedde på et så tidlig tidspunkt, vil det ikke finnes noe grunnboksblad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då veit vi i alle fall kva som skjedde med bruket. Truleg har då bruket låge ein stad mellom Helsfyr og Valle Hovin. Bruket kan vel seinare være utskilt igjen på eit anna bnr. Kanskje er det dette bruket som er skilt ut som bnr. 29 i 1927?

 

Eg ser at Valle Interesseselskab har vore inne på eigarsida. Det har vel kanskje vore i samband med utbygging av området.

 

Eg ser og at det har vore fleire utpantningar i 1902 og 1903 for "Brandkontingent" (?). Eg veit ikkje kva det betyr.

 

Gabriel Paulsen, som i 1900 budde på bruket, er i 1910 flyta til Nordre Sinsen, der han fortset som Handelsgartnar. http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036372029496/ Er det mogeleg å finne ut når han flytta?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.