Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Hansson Aarhus, fødd Kvam i Hardanger 1826 - til Amerika og gift der i 1857 - utvandring og lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Den 17.5.1857 stod ei vigsle i Adams Co., WI mellom:

 

Sjur Hansson (31) - fødd Hardanger - son av Hans Sjurson og Herborg Pedersdotter

Gjertrud Olsdotter (23) - fødd Sogn - foreldri ikkje oppgjevne

 

Eg trur at bruri er identisk med Gjertrud Rumohr Olsdotter Haug, fødd i Sogndal 16.7.1833 og utvandra til Amerika i 1854. Ho hadde ein eldre bror Peder Olson Haug som i 1853 utvandra og busette seg nettopp i Adams Co., WI!

 

Sjur Hansson er fødd i Kvam i Hardanger 2.7.1826 som son av skulehaldar Hans Sjurson Tjosaas og kona Herborg Perdersdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11543&idx_id=11543&uid=ny&idx_side=-45). Vigsli deira frå 31.5.1826 syner at Hans var frå Tjosås, medan Herborg var frå Århus (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11543&idx_id=11543&uid=ny&idx_side=-114). Hans og Herborg flytte sidan til ein husmannsplass under garden Århus i Kvam der dotteri Helga var fødd 11.7.1842 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11544&idx_id=11544&uid=ny&idx_side=-44).

 

Opphavi til foreldri er med andre ord kartlagde; eg finn dei båe i FT1801 høvesvis på Tjosås og Århus, men eg har følgjande spørsmål om soga til denne huslyden på norsk side:

 

* Er det mogeleg å finna ut kva for ein plass under garden Århus dei budde på?

 

* Er det mogeleg å finna utvandringsåret til Sjur Hansson?

 

Neste problem er å finna dei att i Amerika. Broren Peder er oppførd som Peter Harvey i Adams Co., WI i 1860, men eg ser ikkje noko meir til søsteri eller Sjur Hanson. Det var mykje flytting frå Sognesettlementet i Adams Co., WI og vestover på denne tidi; mellom anna var to brør frå Urnes i Hafslo innom her på den tidi før dei hamna i New Ulm, MN der dei vart "slakta" av indianarar i 1862. Peter Haug hamna sidan i Mankato, MN, ikkje so langt unna New Ulm, MN.

 

* Alle gode tips om lagnaden til Sjur og Gjertrud i Amerika vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdeboka for Kvam av L.H.Torpe står dette:

 

Hans Sjurson Kjosås, f.1799-

 

g 1826 m. Herborg Persdtr. Århus, f.1798-

 

Born:

 

1. Sjur f. 1826 -d.?

 

Han drog til Sogn med foreldra, sidan til Amerika.

 

G.m. Geirtrud Rumohr frå Lærdal. Deira son er Hans Hilleboe,

 

professor ved Luther College,Iowa.Sekretær og historikar for

 

Hardinglaget i Amerika.

 

 

2. Herborg f. 1828-d? Ho drog med foreldra til USA.

 

Der gift med ein Sigurd Vik.

 

 

3. Anna f. 1832- d.1835

 

 

4. Ragna f. 1835-d?

 

g.m. Anders Arneson Rosseland,Kvam. f.1824. Begge til Amerika straks etter giftarmålet.

 

 

5. Anna f. 1838 Til Amerika

 

6. Helga f. 1842 Til Amerika

 

 

Hans gjekk i skulemeisterlære hjå presten Irgens, og avla prøve både for lærardugleik og dugleik i å vaksinera hjå prost Hertzberg i 1816. Han vart lærar både i Steinsdalen og første vaksinatør i bygda same år.

Hans hadde ei uvanleg god songrøyst. Han hadde og godt for å tala for seg, og vart mykje nytta som kjøkemeistar.

 

Han feste plassen Haugen under farsgarden til kona, og budde og bygde der. I 1833 kjøpte han Reistveit, men måtte vika for odelssøksmål nokre år seinare.

I 1843 drog han til Sogn, der han og sonen kjøpte garden Hellebø i Lavik. Derifrå drog han med huslyden til USA.

Hans held fram som lærar i USA. Han var og lekpreikar for armarane der. Ætti hans har teke navnet Hilleboe.

 

============================================================================================================================

 

Elin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit, Elin og Kurt for mange flotte innlegg!

 

Eg var heilt uvitande om at huslyden hadde vore innom Hellebø i Lavik og at dei skreiv seg for Hilleboe i Amerika. Med denne kunnskapen vart det lett å komma vidare, og frå amerikanske kjelder har eg no fått løysing på heile problemet! Sjur Hilleboe døydde i Adams Co., WI 25.1.1892, medan Gjertrud døydde same staden 5.12.1909. FT1900 syner at Gjertrud i alt hadde 11 born!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.