Gå til innhold
Arkivverket

Edvin Joakim Olson Krogh, fødd Bjørnør 1867 - til Amerika 1887 - kven var foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Edvin Joakim Olson er fødd på Lunfjord i Bjørnør 17.12.1867. Foreldri hans var møllar Ole Olson og kona Oline Marie Oldusdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6497&idx_id=6497&uid=ny&idx_side=-11).

 

Foreldri gifte seg i Bjørnør 20.7.1867, og då går det fram at Ole var enkjemann og fødd i Børsa 1820, medan Oline Oldusdotter var frå Åknes i Bjørnør (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6497&idx_id=6497&uid=ny&idx_side=-272).

 

Når eg so slår opp fødsli til Ole Olson i Børsa finn eg at han er fødd "uekte" 12.1.1820 i Skaun sokn som son av Ole Erikson Eidslie og Randi Endresdotter Aunan (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2391&idx_id=2391&uid=ny&idx_side=-68).

 

Eg finn ikkje (Edvin) Joakim konfirmert i nokon av soknene i Bjørnør. Derimot finn eg han som Joakim Olsen utvandra i 1887 frå Åfjord til Hawley, MN (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=EMITROND&gardpostnr=46702&merk=46702#ovre).

 

So finn eg Edvin Joakim Olsen konfirmert i Å sokn i Åfjord i 1882, då busett på Sagnes i Åfjord (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6578&idx_id=6578&uid=ny&idx_side=-89).

 

So spørs det om ein eller annan med lokal kunnskap eller kanskje med tilgjenge til ei bygdebok kan hjelpa meg med følgjande:

 

* Kvar (gard/plass/prestegjeld) kan me seia at Joakim voks opp - d.v.s. kvar budde foreldri hans?

 

* Oline Marie Oldusdotter hadde tydeleg opphav frå Åknes i Bjørnør(?), men kvar voks eigentleg møllar Ole Olson opp?

 

* Og til sist: Joakim Olsen skreiv seg i Amerika for Joachim E. KROGH - nokon tankar om korleis han fekk dette Krogh-namnet?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nytt innlegg. Eg veit ikkje kva eg skal seia... Eg trur ikkje Krogstad har noko med ættenamnet Krogh å gjera, men sikker kan man jo aldri vera.

 

Sikkert er det i alle fall at Ole Olson vart konfirmert i Børsa i 1835, og då står det berre "Aunet" på han (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2392&idx_id=2392&uid=ny&idx_side=-207)...

 

Eg vonar på fleire innspel om denne huslyden og takkar på ny!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1869 flyttet Ole Olsen Eidsli og Oline Marie Oldusdatter med sønnen Edvin Joakim til Sagnesset, som opprinnelig var plass under gården Kroken i Åfjord. Her er hva som står i gårdshistoria:

 

"Ved skjøte 18. sept. 1874 kjøpte Ole av Jens Johansen Bratset halvdelen av "Krokens vassdrag", 87d, med påstående kvernbruk for 100 daler. Selgeren forbeholdt seg forkjøpsrett og rett til uten betaling å male det korn han avlet på Bratset. Ved skjøte 24. mai 1875 kjøpte Ole av Hans Olsen Sagnesset, 78e, 2 72/195 markl. for 150 daler. Den 17. nov. 1875 inngikk han kontrakt hvoretter C. W. Kamstrup fikk rett til å sette opp et sagbruk utenfor hans kvernbruk. Under folketellingen 1875 har vi Ole Olsen med kone og sønnen Edvin Joakim, f. 1868 i Stoksund. Han er selv eier og driver sitt kvernbruk. Som pike har han Anne Jørgine, datter av den tidligere beboer, Andreas Persen. Endelig er der et ungt ektepar: Anders Olsen, f. 1853 i Melhus, med kone Beret Maria Benjaminsd., f. 1849 i Å sogn. Anders Olsen oppgis som sønn av Ole Olsen, som altså har vært gift 2 ganger. - Besetning: 2 kyr, 1 ungnaut, 7 sauer og 1 gris. - Utsed: 1/8 tønne bygg, 1/2 tønne havre og 3 t. poteter. Til slutt skal nevnes at Ole Olsen i 1880 holdt utpantning for resterende avgift av C. W. Kamstrups sagbruk, 43,14 kr. (?) hvorfor han tok utlegg i sagbruket, som var taksert til 2000 kr."

 

Ettersom Edvin Joakim vokste opp på Kroken, kan vel det være grunnen til at han kalte seg Krogh?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Trond Arild for kjempefine opplysningar! Då har me funne ei forklaring på Krogh-namnet i Amerika, og med alle dei andre detaljane frå meldingane dine so kan me sjå på dette problemet som heilt løyst! Eg er godt nøgd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.