Gå til innhold
Arkivverket

Olga Sofie Henriksen - Hansen, døydde i Oslo 1963 - huslyden hennar? i Oslo


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Olga Sofie Henriksen, dotter av Oliver Henriksen og kona Synneva Larsdotter Walaker, var fødd i Bergen 9.8.1887 og var 1910 "kjolesyerske" i Christiania.

 

Ho døydde under namnet Olga Sofie HANSEN i Oslo 12.1.1963.

 

Er det mogeleg, til dømes gjennom ein dødsannonse i Aftenposten, å få oversyn over huslyden til denne Olga?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars. Det ser ut som om vi kan ønske deg velkommen tilbake til gamlelandet.

 

Eg har dessverre ikkje tilgang til Aftenposten, men det er det vel andre som har. Det er mellom anna ein som har starta eit eige tema på det.

 

Litt interessant er det likevel med gravstaden til Olga. Ho er gravlagd på Østre gravlund i Oslo, felt 045, Rad 01 og grav 001. Det er mange som er gravlagd i denne grava, og eg reknar med at det må være ein familietilknytning.

 

Hans Anton Hansen f 1005 1885 d 2211 1966 (kan være ektemann)

Eva Synnøve Øvrebø f 0707 1930 d 1410 2003 (kan det være ei dotter?)

Tolleiv Berge Øvrebø f 0403 1929 d 2102 2002 (kan det være ein svigerson?)

Torill Synnøve Øvrebø f 2804 1974 d 1202 1993 (kan det være eit barnebarn?)

Solveig Olsen f 1701 1907 d 2801 1961 (dette kan jo også være ei dotter, og at Eva kan ha vore eit barnebarn?)

Henry Ragnar Olsen f 0403 1903 d 2806 1970 (i så fall er vel dette kanskje svigersonen?)

 

Her er Olga Sofie Henriksen i 1910, som syerske. I same huslyd finn eg jenta Solveig Alme f. 170107 (same som Solveig Olsen) som pleiebarn. http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036392013746/

 

Kan Solveig Alme ha vore eit uekte barn av Olga?

 

mvh Egil

 

Her er Solveig ja. (nr. 21) Kildeinformasjon: Oslo fylke, Rikshospitalet, Ministerialbok nr. F 0013 (1905-1908), Fødte og døpte 1907, side 175.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1846&idx_id=1846&uid=ny&idx_side=-182

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050830030554.jpg

 

Far hennar er handelsreisande Frithjof Alme.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Velkommen hjem Lars!

 

Aftenposten 16-1-1963:

 

Min inderlig kjære hustru, vår snille strevsomme bestemor og svigermor Olga Sofie Hansen sovnet stille inn idag, Oslo 12-1-1963.

 

Hans Hansen

 

Eva og Torleiv

 

Edel

 

Henry Olsen

 

Bisettes i Østre krematorium, store kapell, lørdag 19. januar kl.13

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 24-11-1962:

 

Ekteskap inngått 23-11-1962, Eva Olsen og Tolleiv Berge Øvrebø. Adr. for dagen: Jens Bjelkesgt. 82 F.

 

Jeg finner dem ikke i noen lysningsprotokoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Carsten for kjempeflotte og spennande innlegg! Og takk for velkomsten. Men det vert nok ikkje so mange dagane før eg lyt i vegen att...

 

Dei innkomne opplysningane om Olga og huslyden hennar er kjempeflotte, og dei fleste spørsmåli mine er løyste før eg rekte å komma med dei...

 

Men her er "ønskjelista" mi:

 

* Eg har freista finna opphavet til Hans Anton Hansen, men finn ikkje nokon som høver i FT1910. Kanskje er dte andre som har betre "teft" enn eg på fødestaden hans?

 

* Eg skulle gjerne òg ha visst datoen og staden for vigsli til Olga og Hans, men det vert vel kanskje som å leita i den berømte stakken...?

 

* Og so lurer eg på kva YRKE Hans Anton Hansen hadde? Kanskje går det fram av adressebøker for Oslo?

 

Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her som Anton Hansen, 'Sjømand, fyrbøter med dampskib' i 1910: http://da.digitalark...01036521003051/

 

Dåpen: Telemark fylke, Sannidal, Ministerialbok nr. 15 (1884-1899), Fødte og døpte 1885, side 15.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-19 (nr. 25)

 

Konfirmasjonen: Telemark fylke, Sannidal, Ministerialbok nr. 16 (1895-1911), Konfirmerte 1900, side 186.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4814&idx_id=4814&uid=ny&idx_side=-168

(nr. 5)

.

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for eit kjapt og nyttig svar på det første og delvis òg det siste spørsmålet mitt! Me veit vel ikkje om han var fyrbøtar heile livet...

 

Eg er imponert!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 24-11-1966:

 

Vår inderlig kjære Hans Anton Hansen, Jens Bjelkesgt.82, døde plutselig idag, Oslo 22-11-1966.

 

Eva og Tolleiv

 

Edel

 

Tom Henning

 

Henry Olsen

 

Adressebok 1955:

 

Hans Hansen, fyrbøter ved Akers Mek. Verksted, Jens Bjelkesg.82

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise og Carsten for nye interessante innspel!

 

Då er yrket til Hans Anton Hansen òg "på plass", og me manglar berre vigsli, men ho vert vel desto verre å finna. Dei kan jo ha gift seg nær sagt kva tid som helst etter 1910...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011. Eg mangkar ramleis vigsli til Hans Anton Hansen og Olga Sofie Henriksen, som truleg har funne stad i Christiania (Oslo). Dødsmeldingi etter far hennar frå desember 1915 seier oss at Olga då framleis var ugift, so viggsli har vore ETTER 1915.

 

Men, som eg alt har vore inne på; dette vert vel som å leita etter den velkjende nåli...

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vielsen i 1930

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo byfogd, Vigselsbok (borgerlig) nr. II 20 (1929-1930), Borgerlig viede 1930, side 99b-100a.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=50925&idx_id=50925&uid=ny&idx_side=-202

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20110302360707.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Solveig for eit fantastisk flott og overraskande innlegg!

 

Og kanskje like overrraskande var det å oppdaga at både Hans og Olga hadde vore gifte før! Første ekteskapet hans er ikkje so viktig for meg, men derimot er eg svært interessert i første ekteskapet hennar!?

 

Første mann hennar heitte tydeleg BRABENEC, som er eit tjekkisk namn! Er det mogeleg å finna ut noko meir her? Dette namnet kan då ikkje vera so vanleg i Christiania på den tidi?

 

Eg ville vera særleg interessert i:

 

* Oppslag i Aftenposten om namnet i det heile finst der?

 

* Oppslag i adressebøker for Christiania/Oslo rundt 1920-1930 for å sjå om namnet finst der?

 

* Dato og stad for vigsli til Brabenec og Olga Sofie Henriksen?

 

* Personalia elles for Brabenec?

 

Eg takkar igjen for spennande opplysningar og vonar det er mogeleg å finna ut meir...

 

Venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Kaufbeuren - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant fru Olga Brabenix i adresseboka for Oslo 1927 boende i Karl 12tesg. 30. Ingen andre med lignende navn hverken i adresseboka eller i Aftenposten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nye spennande innlegg!

 

Dei to innførslene i adressebøkene for Christiania/Oslo må vel vera "våre" folk, men det er svært so "anonyme" dei er!

 

Kan dei stå i ein av dei kommunale folketeljingane, til dømes frå 1923?

 

Elles må det jo ein eller annan stad finst ei vigsle?

 

So vidt eg har forstått, er dei fleste tjekkarane katolikkar, so kanskje gjekk dei til den katolske kyrkjelyden i Christiania?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for eit nytt imponerande innlegg! Vigselsattesten hennar Olga er skikkeleg bra, ogso med omsyn til mannen Viktor.

 

MEN, er du (eller andre) i stand til å tyda kva som er oppgjeve som fødestad for Viktor? Det ser ut som det står Opatavi og Østenyl med eit ord i midten - Michus...? Eg finn ikkje stadnamn korkje i den tjekkiske republikken eller i Slovakia som liknar på desse...!

 

Eg tillet meg å leggja dette spørsmålet inn i tydingsforum...

 

Eit spørsmål er òg kvar det vart av denne Viktor. Døydde han, eller vart dei skilde...? Tja, kven veit?

 

Nok ein stor takk for kjempeflotte opplysningar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bengt og Ola for tolkingi av fødestaden!

 

No er denne huslyden ganske so fullstendig, bortsett ifrå at lagnaden til Viktor Brabenec framleis er eit mysterium. Vart dei skilde, eller døydde han?

 

Men dette er vel ikkje so godt å svara på utan tilgjenge til registerkorti frå Oslo folkeregister...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bengt for siste spennande innlegg!

 

Eg finn att denne ættetavla hjå ancestry.com, og no har eg sendt eit spørsmål til eigaren om kjelda hennar for dødsåret til Viktor Brabenec. So får me sjå kva ho seier...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg har no fått svar frå eigaren av denne ættetavla på ancestry.com, og ho seier ho har henta opplysningane om Viktor Brabenec, inklusive dødsfallet hans, frå boki "Henriksslekta" av Andreas Karstad, utgjevi i 1968.

 

Eg veit eg har sett denne boki ein gong, men er ikkje i stand til å hugsa kvar, og eg kjenner ikkje innhaldet i ho. Men kanskje nokon kan hjelpa og gjera eit oppslag? Kanskje har boki litt meir biografi om Brabenec og huslyden elles?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Henrikslekta står dette om Olga Sofie Henriksen:

 

"205 Olga Sofie Henriksen (201 c)

Arbeidde ei tid på luefabrikk, seinare utdanning i Oslo i frisørfaget.

G. I m. musikar Wiktor Vaclav Brabenec 1872-19289

G. II m. sjømann Hans Anton Hansen, Sannidal ved Kragerø, 1885-1966.

Olga hadde sin bustad i Oslo. Ho hadde ei dotter, Solveig, 1907-1961, g.m. kommunearbeidar Henry Ragnar Olsen, f. 1903 i Oslo. Solveig Olsen var fabrikkarb. nokre år før ekteskap.

Solveig og Henry Olsen har 2 døtre:

a. Eva Synnøve f. 1930

Realskole, kontordame i fotofirma. G.m. Tolleiv Berge Øvrebø, Sveio. Dei bur i Oslo. Barn: Tom Henning 1966

b. Edel Solveig, f. 1943

Realskule, kontordame i ingeniørfirma."

 

Kjelde: Karstad, Andreas. Henrikslekta frå Solheimsdalen : ei ættesoge frå Sunnfjord i heimlandet

gjennom 200 år, i Amerika etter 1866. - Bergen : Eige

forlag, 1968 . - s. 250-251

 

Med helsing Eli Randmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.