Gå til innhold
Arkivverket

Olga Sofie Henriksen - Hansen, døydde i Oslo 1963 - huslyden hennar? i Oslo


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Eli for utdraget frå Henrikslekta.

 

Etter å ha studert desse opplysningane, sit eg att med eit inntrykk av at forfattaren må ha hatt direkte kontakt med ætti, og at dei har gjeve han desse opplysningane.

 

So då er me like langt... Eva og Tolleiv er båe avlidne, og Edel har sikkert gift seg etter at boki kom ut, og ho finn eg ikkje...

 

Tja, kvar skal me so leita vidare etter dødsfallet hans Viktor Brabenec?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli for direkte melding med tilleggsopplysningar!

 

No har eg vore i kontakt med det einaste nolevande barnebarnet etter Olga, og eg har fått følgjande opplysningar om Viktor Brabenec:

 

"Viktor Brabenec var ein eineståande fiolinist i Oslo filharmoniske orkester, og han reiste på turnéar over heile Europa. Olga følgde han alltid på desse reisene, men ein gong etter første verdskrigen, kan henda først på 1920-talet, fekk Viktor melding om at dei gamle foreldri hans var svært sjuke, og han vart beden om å komma heim. Denne gongen reiste han åleine, men Olga høyrte aldri meir gjete han etter den tid. Ho skreiv brev, men fekk ikkje svar. So lagnaden til Viktor Brabenec er heilt ukjend."

 

Barnebarnet meinte at den dødsdatoen (1928) som står i "Henrikslekta", må vera "fri fantasi". Det er vel meir truleg at han i 1928 hadde vore borte i lang nok tid til at Olga fekk han erklært for avliden, so ho kunne gifta seg att?

 

Eller kanskje andre har synspunkt på dette?

 

Eg har sendt spørsmål til Filharmoen i Oslo om denne saki og vonar på opplysningar derifrå!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.