Gå til innhold
Arkivverket

Testsider for enklare søk i Aftenposten sitt avisarkiv


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Eg har laga eit par testsider berekna på å søkje i Aftenposten-arkivet. Eg er ikkje noko programmeringsgeni, så dette er heilt enkle html-skjema, utan noko form for java. Eg har heller ikkje testa dei på noko anna enn mi eiga datamaskin (Windows XP med Internet Explorer 8), så dette får de ta som det er, og bruke på eige ansvar.

 

Testside for avissøk i Nasjonalbiblioteket: Lenke

Testside for søk i -, eller gå direkte til avis i Aftenposten sitt avisarkiv: Lenke. NB! For å få opp skanna aviser må ein ha abonnement på arkivet, og vere pålogga på førehand.

 

Bakgrunn: Nasjonalbiblioteket samarbeider med ein del aviser om digitalisering av gamle aviser. Fyrst ute var Aftenposten, deretter Stavanger Aftenblad og Trønderavisa (Steinkjer). Meininga er på sikt å få eit komplett nasjonalt digitalt arkiv med gamle aviser. Med den farten dette har på noverande tidspunkt vil dette ta fleire tiår, men vil på sikt erstatte mikrofilmen. Dei ulike avisene vil framleis ha opphavsretten, men det skal vere gjort avtale om at bibliotek rundt om i landet skal ha fri tilgang til databasen. Det vil seie at ein skal kunne sitje på ein PC og søkje i - og bla i skanna aviser frå heile landet. Eg fann f.eks. litt om dette på heimesidene til biblioteket i Steinkjer, som også har lenke til tenesta.

 

Ein fordel med Nasjonalbiblioteket sitt søk framfor Aftenposten si eiga løysing er at dei har med ein god del som Aftenposten sitt eige søk manglar. Nasjonalbiblioteket har m.a. med annonsar, deriblant dødsannonsar. Dette manglar stort sett i Aftenposten sitt eige søk. Difor vil slektsgranskarar finne mykje meir informasjon ved fyrst å søkje i Nasjonalbiblioteket, og deretter (om ein ikkje sit på eit bibliotek med tilgang) gå direkte til rett avis i Aftenposten si abonnementsteneste, og så bla seg fram til rett side.

 

Så er problemet at når eg søkjer via Nasjonalbiblioteket-søkjesida på mi maskin, så får eg 0 treff. Dette fordi eg sit heime, og difor sjølvsagt ikkje har nokon rettar til å gå inn på materialet.

 

post-77-0-93280000-1320263406_thumb.jpg

 

post-77-0-89735700-1320263453_thumb.jpg

 

Som ein ser skal det eigentleg vere 2 treff, men dersom eg hakar av for "Alt" til venstre sit eg plutseleg med 5694 treff, og avgrensinga på datosøk er vekke. Brukar ein søket på framsida på www.nasjonalbiblioteket.no er det heller ikkje mogeleg å søkje på enkeltaviser eller datoar, så desse søkjetenestene er ubrukelege for meg. Eg har difor leika meg litt med avisarkivsøket, og laga ei søkjeside utan parameteren "Digitalt tilgjengelig". Eg har ikkje funne ut korleis ein nullstiller parameteren, så dersom ein alt har brukt avissøkjesida til Nasjonalbiblioteket er det viktig at ein nullstiller der (sjå biletet) før ein brukar mi testsøkjeside. Elles vil ein altså framleis få 0 treff. (4/8 12: Dette problemet er løyst i gjeldande versjon)

 

Eg tykte dessutan at søket i Aftenposten si eiga arkivteneste var noko tungvint, treigt og problematisk på min PC med Windows XP, så eg laga eit testsøk også for det. Her kan ein søkje i eit gitt datointervall, eller gå direkte til eit bestemt nummer. Aftenposten-arkivet inneheld også A-magasinet, men då må ein på ein eller annan måte søkje seg fram, sidan tenesta berre støttar at ein går direkte til "Morgen" eller "Aften".

 

Dersom ein ved søk hos Nasjonalbiblioteket lurer på om noko står i morgonnummeret eller aftennummeret må ein gå inn på sjølve treffet:

 

post-77-0-06559900-1320264440_thumb.jpg

 

Nummeret til slutt i lenka nederst på sida fortel om det er utgåve nr. 1, 2, 3 osv. for dagen. Er det 1 er det morgonnummeret, 2 er som regel "Aften". Dei fleste dødsannonsane står likevel i morgonutgåvene.

 

I tidlegare tider var det av og til 3 utgåver på same dagen. Antagelegvis hadde morgonnummeret på laurdagar eit bilag, som i Nasjonalbiblioteket er å finne som nummer 2. Hos Aftenposten er desse feilaktig indekserte som "Aften". Aftennummeret er ikkje tilgjengeleg hos Aftenposten, og er ikkje ein gong søkbart der. Hos Nasjonalbiblioteket er desse søkbare, og ein ser då at lenka endar på "3".

 

Framgangsmåte for søk vert dermed:

 

(Om ein har brukt søkjesida "Digitale aviser" hos Nasjonalbiblioteket må ein fyrst nullstille der)

* Søk etter opplysningane i test.html (Nasjonalbiblioteket)

* Gå inn på Aftenposten Arkiv, og logg inn.

* Gjer deretter same søket i test2.html (Aftenposten), og gå direkte til rett side, eller

* Bruk test2.html, og gå direkte til rett avis, bla deg deretter fram til rett side (f.eks. dødsannonsane).

 

 

Begge søka støttar bruk av hermeteikn rundt frasar. Den OCR-skanna teksten i gamle aviser er ofte full av stavefeil rare teikn og rot, og det kan difor vere vanskeleg å finne det ein er ute etter. Prøv deg fram med ulike variantar av søk med, eller utan hermeteikn.

 

For datosøk ser det ut til at ein av ein eller annan grunn må ta med dagen før og etter. Søk frå 14/5 1945 til 14/5 1945 vil ikkje finne noko, medan søk frå 13/5 til 15/5 vil søkje i avisa 14/5.

 

Eg tek til slutt med teikninga av Quisling i audiens hos Hitler, som faktisk ikkje ga treff i søket mitt.

 

post-77-0-13184300-1320265964_thumb.jpg

 

Dette vart eit langt innlegg. Håpar at dette kan vere til nytte for nokon av dykk. Dokumentasjonen hos Nasjonalbiblioteket fortel kor langt dei er komne med digitaliseringa.

 

Mvh.

Torbjørn Igelkjøn

 

Edit 2/2 2012: Ny testsøkjeside for Nasjonalbiblioteket med fleire aviser.

Edit 30/3 2012: Nytt Aftenposten-søk, som no også inneheld lenke til alle utgåver av A-magasinet frå 1926 til 1993.

Edit 4/8 2012: Ny søkjeside for Nasjonalbiblioteket, som m.a. løyser tidlegare problem som eg hadde med å nullstille parameteren "Digitalt tilgjengelig". No kan ein velje å sjå Alt materiale, Digitalisert eller Digitalt tilgjengelig. (Løysinga "stal" eg ved å sjå på bibliotekarensbestevenn.no).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Torbjørn, dette var interessant. Jeg må teste mer før jeg kan si i hvor stor grad det nå er nyttig. Og det er også for tidlig for meg å gi deg gode råd. Men jeg synes det er supert at du jobber med disse forbedringene, snarveier og triks. Jeg har hatt stor glede av Aftenpostens og Agderpostens digitale arkiv i tilknytning både til slektsforsking, men også lokal og foreningshistorie. Og det gleder meg virkelig at flere kilder stadig blir bedre tilgjengelig her.

 

Jeg har mange ganger opplevd at Aftenpostens søk "fusker". Dersom jeg finner noe interessant og avgrenser tidsspennet i søket, har jeg vansker med å låse opp denne tidsbegrensningen i neste søk. Og da kan det jo bli få treff.... Forstår ikke dette....

 

Lykke til videre!

 

- Jarl -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var interessant. Jeg fikk både et dytt i retning av å sjekke ut mange av de yngre slektsmedlemmer, dvs. fra 1900-tallet og underveis masse nytt stoff. Tusen takk for at du tar opp dette, Torbjørn.

 

Jeg valgte å innsnevre søket til et passe antall år av gangen for ikke å drukne i treff. Foreløpig har jeg holdt meg til Aftenposten og konsentrert meg om dødsfall, giftermål og barnedåp. De fleste av disse fant jeg nok info om i grov-søket, dvs. uten å hente ut selve avissiden.

 

Jeg har litt problemer med akkurat det siste og har kanskje ikke klart å tyde oppskriften riktig. Altså, hvordan klare å få lest den korrekte avisside når jeg har funnet dato for den aktuelle avis ? Jeg opplever at jeg ikke får forstørret siden tilstrekkelig til at den blir ordentlig lesbar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom nettadressa inneheld ordet "demo" betyr det at du må logge inn hos Aftenposten. Dersom ein ikkje er innlogga vil ein ikkje kunne forstørre sida slik at den vert lesbar. Lurer på om det kan vere problemet.

 

Når ein fyrst er innlogga skal ein ved å klikke på miniatyrbiletet få opp sida i større skala. Då skal det dessutan komme opp ei verktøylinje øvst på sida, som m.a. inneheld eit forstørrelsesglas som lar ein zoome ytterlegare inn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok det som er årsaken.

 

De gangene jeg har fått opp hele avissider og fått dem forstørret, er fordi jeg har funnet dem via Google. Jeg får da kun opp 3 sider med forstørring før jeg får blokkering med valg om abonnment. Jeg kan fortsatt bla, men ikke forstørre.

 

Vurderer abonnement.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
  • 4 måneder senere...

Då har eg lagt ut ein forbetra versjon av Nasjonalbiblioteksøket mitt, og eg vel samstundes å bringe tråden til topps i tilfelle fleire kan ha nytte av dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjertelig takk til deg Torbjørn!

Jeg har brukt den "gamle" testsiden din siden mars og den har fungert veldig bra. Den nye ser også ut til å fungere veldig bra - så all honnør til deg for flott utført arbeid!

 

Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Jeg får også bare en feilmelding ved søk på NB. Dette er veldig prisverdig at du gjør slike forsøk på å lage søkemuligheter på NB slik det var en periode!

Her snakker vi vel om den lenken som Torbjørn la ut og ikke søking på nb.no?

Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då ny versjon av "Bokhylla" vart lansert i oktober vart den gamle søkemotoren fjerna, difor virkar ikkje søkesida mi lenger. Dersom eg går inn på www.nb.no og søkjer fungerer dette på ei vis hos meg. Men eg får berre opp ei liste med nokre store ikon. I den gamle trefflista gjorde tekstutdraga (OCR) at ein raskt såg om treffa var relevante eller ikkje. Dette er no vekke, og den nye "Bokhylla" er difor tungvint, og er ubrukeleg til å søkje i materiale som ikkje er "digitalt tilgjengelig".

 

Aftenposten-søkjesida mi fungerer som før, men dei har som kjent berre OCR-skanna deler av avisene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.