Gå til innhold
Arkivverket

Ingeb rigt og Elisa Hillestad (Hansen) - Bergen 1910 - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ingebrigt Hansen, som oftast kjend som Ingebrigt Hillestad, var fødd i Hafslo 6.10.1873, men voks i all hovudsak opp i Bergen.

 

I 1900 er han tvangsarbeidar i Trondheim (http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f01601&gardpostnr=2516&personpostnr=12361&merk=12361#ovre). Der står det at han var gift, men han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 13.2.1910, og då var det første ekteskapet hans (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=314&idx_id=314&uid=ny&idx_side=-81).

 

I 1910 er Ingebrigt på ny tvangsarbeidar, denne gongen i Alle Helgensgt. 3 i Bergen (http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036708050995/). Kona Elisa Hansen bur i 1910 som maskinstrikkerske til leige i Nøstegaten 5 i Bergen (http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036708038664/). Ho er fødd i Øiestad ved Arendal 14.1.1881.

 

Eg ser ikkje paret i FT1912 for Bergen

 

I 1924 kjøpte Ingebrigt Hillestad garden Aspervoll i Bjugn der han døydde som enkjemann 10.1.1933.

 

Spørsmål:

 

* Finst det opplysningar i Statsarkivet om kva tid Ingebrigt slepte ut frå Tvangsarbeidsanstalten og kvar han då flytte hen?

 

* Finst det opplysningar, til dømes i Folkeregisteret, om lagnaden til dette paret og kanskje særleg Elisa?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivet etter Tvangsarbeidsanstalten må søkes i Bergen byarkiv.

 

Folkeregisteret forteller at Ingebrigt Hillestad var snekkersvenn. Han må ha vært mobil. Han ble dømt ved Haugesund meddomsrett 1. desember 1911, og det er vist til en ny dom 16. juli 1913. Han var tilbake i Bergen 4. mai 1913, da med adresse kretsfengselet. 30. juni 1913 flyttet han til Teatergaten 13, 1. februar 1914 var han i Krohnviken, og 1. mai 1920 flyttet han til "Trondhjem". Det står at det kun gjaldt mannen, og hans kone Elisa er da strøket fra folkeregisterkortet, men uten videre kommentar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for interessante og utfyllande opplysningar om denne huslyden. Det kan vel sjå ut som Ingebrigt og Elisa har skilt lag, men kvar har so Elisa gjort av seg? Ho har vel ikkje eige kort i Folkeregisteret i Bergen?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elisa fikk eget kort da hun ble strøket fra mannens. Men flyttet hun, giftet hun seg på nytt? Jeg finner henne ikke registrert som Elisa Hillestad, men hun kan ha tatt tilbake pikenavnet, eller ha brukt Hansen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for ny kommentar om Elise/Elisa.

 

Det er vel ikkje urimeleg å tru at Elise/Elisa kan ha gift seg att, men det synest ganske so vonlaust å leita etter ho. Kunne me berre funne dødsfallet til ein av foreldri hennar, so hadde nok det vore ein enklare veg å finna svar på dette...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.