Gå til innhold
Arkivverket

Fredrich Andreas Zitzelau og Anna Cathrine Blech/Bloch


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Eg ser at det er fleire som har søkt etter opphavet til Fredrich Andreas Zitzelau og Anna Cathrine Blech/Bloch. Dei to har først budd i Bergen, før dei flytta til Askvoll, der dei vart gjestgjevarar på Sauesund i 1713.

 

Fredrich finn vi registrert som gesell i Bergen 1696-1700. Det er då oppgitt at han er frå Wismar i Tyskland. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=Ges1675&gardpostnr=321&merk=321#ovre.

 

Første barnet til Fredrich og Anna Cathrine (Else Catharina) er fødd i Bergen i 1715. I databasen over døypte i Bergen er har Anna Cathrine sitt etternamn oppgitt å være Blech. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=dp12011668&personpostnr=117589&merk=117589. Det har vore ein diskusjon om ho heitte Blech eller Bloch. I kyrkjebokregistreringa kan det like godt sjå ut som om det er Bloch som Blech, kanskje liknar det mest på Bloch: Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 2 (1700-1723), Fødte og døpte 1715, side 138.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8716&idx_id=8716&uid=ny&idx_side=-142

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070323640656.jpg

 

Dette er vel einaste plassen eg har funne noko registrering som tilkjennegir etternamnet til Anna Cathrine.

 

28. oktober 1835 blir Fredrich Zitzelau på Sauesund gravlagd i Askvoll. Han er då 57 år. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 6 (1734-1738), Kronologisk liste 1735, side 26.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8594&idx_id=8594&uid=ny&idx_side=-27

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630028.jpg

 

Bloch-namnet gir også ei tilknytning til Sauesund i Askvoll. Gjestgjevaren der heitte på 1600-talet Henrik Block. Han skal ha vore tyskar, og det er vel han vi finn her i giftemålet med Ingeborg Larsdotter i Bergen i 1667. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=228&merk=228#ovre

 

Henrik Block dør i 1685, og i skifte etter han er det oppgitt ei dotter Cathrine, som enkelte ser som ein mogeleg kandidat til Anna Cathrine Bloch. Enka etter Henrik Block gifte seg opp igjen, og ektemannen hennar overtok gjestgjevarstaden i Sauesund. Seinare overtok Lars Bloch gjestgjevarstaden i Sauesund, og han overlot då gjestgjevarstaden igjen til Fredrich Zitselau i 1713. Lars Bloch var truleg son av Henrik Block, og kanskje var Anna Cathrine Bloch syster til Lars.

 

Gjestgjevar Lars Henrichsen Bloch gifta seg i 1699 i Bergen med Anna Pedersdotter: http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=7223&merk=7223#ovre. I 1701 finn vi ein Gjestgjevar Lars Bloch 30 år på Brudeknapen i Lindås. Dette er vel venteleg den same Lars Bloch som over, og han har vel då vore gjestgjevar i Lindås før han overtok på Sauesund i Askvoll.

 

Lars Bloch fekk også to barn i Bergen i 1717 og 1720 med kona Elen Sørensdtr Brun, så då vel er hans andre ektefelle. Han er då tittellert som visiteer. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=dp12011668&gardpostnr=40303&personpostnr=118162&merk=118162#ovre http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=20&filnamn=dp12011668&gardpostnr=20738&personpostnr=60506&merk=60506#ovre

 

På denne nettsida er familien omtalt: http://www.slettemoen.com/slekt/original/15548.htm. Her er det oppgitt at Anna Cathrine Blech skal være fødd i 1698 og død i Askvoll 23. november 1770. Denne siste innformasjonen festar eg ikkje mykje lit til. For det første må då Anna Cathrine ha vore forholdsvis ung når ho fekk første barnet i 1715. For det andre kan eg ikkje finne denne dødsregistreringa i kyrkjeboka for Askvoll.

 

Derimot finn eg ei registrering i kykjeboka for Aurland, der Anna Cathrine Blege 72 år er gravlagd den 23. november 1770, og då altså fødd i 1698. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Aurland, Ministerialbok nr. A 4 (1756-1801), Kronologisk liste 1771, side 49.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8612&idx_id=8612&uid=ny&idx_side=-53

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070320610413.jpg

 

Kan Anna Cathrine Blege i Aurland ha vore mistolka til å være Anne Cathrine Blech i Askvoll?

 

Det store spørsmålet er då altså opphavet til Anna Cathrine og Fredrich. Begge ser ut til å ætte frå Tyskland, gitt at det er rett at Henrik Block er far til Anna Cathrine. Mor til Anne Cathrine er i så fall norsk.

 

Er det nokon som har klart å løyse denne nøtta?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 21.11.1737 døyper Hans Jensen Ryland og Else Cathrine Fridrichdatter (Zitzelou) ei dotter kalt Anna Maria og ei kvinne kalt Madam Anna Chatrina Blegen er fadder:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 8 (1749-1775), Kronologisk liste 1762, side 2-3.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8596&idx_id=8596&uid=ny&idx_side=-76

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630263.jpg

 

 

Same par døyper sonen Fredrich Andreas den 4, september 1740 og Anne Cathrina Blegen er fadder:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 7 (1739-1748), Kronologisk liste 1740, side 27.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8595&idx_id=8595&uid=ny&idx_side=-28

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630109.jpg

 

 

Den 14. desember 1750 døyper klokkar Mathias Zitzelou sonen Peder Johan og Anna Chathrine Zizelou er då fadder:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 8 (1749-1775), Kronologisk liste 1750, side 13.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8596&idx_id=8596&uid=ny&idx_side=-14

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630201.jpg

 

 

Den 22.3.1752 døyper same par sonen Fridrich og Chatarina Zitzelou:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 8 (1749-1775), Kronologisk liste 1752, side 23.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8596&idx_id=8596&uid=ny&idx_side=-24

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630211.jpg

 

 

Siste gong eg finn Chatarina Zitzelov som fadder er for dotterdotter Borni Jensdotter Alden den 22.3.1762. Sonen klokkar Mathias Zitzelouer og fadder då:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 8 (1749-1775), Kronologisk liste 1762, side 2-3.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8596&idx_id=8596&uid=ny&idx_side=-76

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630263.jpg

 

 

Ut frå fadderanalyse er det rart om ikkje Anna Katrina Blegen og Anna Katrina Zitzelou var same kvinna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Første lenken ble feil, forsøker på ny:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 6 (1734-1738), Kronologisk liste 1737, side 61.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8594&idx_id=8594&uid=ny&idx_side=-63

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630064.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for ein god observasjon. Det skulle vel i så fall bety at det verken er snakk om Blech eller Bloch, men Blege/Blegen, men det er vanskeleg å lese kyrkjebokregistreringa i 1715 som Blege eller Blegen.

 

Så blir eg samtidig litt usikker på denne dama her i Bergen: I 1719 får Ane Catrine Nilsdtr Blegen eit barn http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=dp12011668&personpostnr=60317&merk=60317 I 1726 får Chatrine Blege eit barn, og det er truleg snakk om same kvinna ut frå ektefellen http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=dp12011668&personpostnr=122470&merk=122470 Eg ser også at ei Anna Cathrine (Nilsdtr) Blege er oppført fleire gonger som fadder i Bergen på 1730 og 1740-talet, mellom anna for fleire barn av Gierche Dorotea Blege, Ole (Sivertsen) Blege, Magdalena Christina Blege.

 

Eg finn dessverre ikkje noko giftemål for Anne Cathrine Nilsdtr Blegen og Jan Henrichsen i Bergen, men ein Jan Henrichsen giftar seg i 1716, utan at namnet på bruda er oppgitt. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=26&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=17911&merk=17911#ovre

 

Denne Anne Cathrine Nilsdtr Blegen må ha vore i Bergen på same tid som Anna Cathrine som var gift med Fredrich budde på Sauesund, men kan den førstnemnde være den som er oppgitt som fadder i Askvoll?

 

Kven var i så fall Anne Cathrine Nilsdtr Blegen i Bergen?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan Niels Monssen/Morgensen Bleege være far til Anne Cathrine Nilsdtr. Blege? http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=30&filnamn=mt12011714b&gardpostnr=943&merk=943#ovre

 

Han dør i 1718 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=63&filnamn=sk12011675solliedskift&gardpostnr=3111&merk=3111#ovre

 

Eg finn ikkje Anne Cathrine Nilsdtr. Blege blant døde i Bergen. Kan det tyde på at det er ho som var i Aurland i 1770?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kommer til Sollieds originale skifteavskrifter hvis du trykker på sidetallet foran navnet til Niels Mognsen Bleege - her side 1270.

 

Da ser vi at Niels Mognsen Bleege var gift med Malene Kistine Tideman (Findman), og at de hadde tre felles barn:

 

1. Hans 17 år

2. Ane Cathrine, gift med Jan Henrichsen, smed

3. Gierche Dorothea 12 år

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Grete. Då er det stadfesta. Eg slit med å finne dåpen til desse barna og ekteskapet mellom Niels og Malene. Det hadde spesielt vore interessant å sjå om Anna Catharina var fødd kring 1698. Eg ser at i 1703 er Niels Mogensen Blege registrert som saksøkar i Bergen http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=db12011703&personpostnr=336&merk=336 Han skulle vel då ikkje bu så langt frå Bergen, evt. i Bergen.

 

I 1686 og 1688 er han registrert i pantebok i Bergen, og det er der oppgitt at han er gift med Anne Larsdtr. Hols/Holsts. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=pb13011680&personpostnr=1510&merk=1510

 

Ekteskapet mellom Niels Mogensøn og Anna Lavrisd i 1679 http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=1056&merk=1056#ovre . Uvisst når Anna dør.

 

Og så er det dei store spørsmåla:

Den eventuelle koblinga mellom Anna Catharina Nielsdtr Blege og Askvoll/Aurland, og er det Anna Catharina Nielsdtr Blege som er oppført som fadder i Askvoll og død i Aurland. Til sist: Kven var Anna Catharina Blech/Bloch, og er ho den same som Anna Catharina Blege/Blegen som er fadder i Askvoll og dør i Aurland, men som i så fall då ikkje kan være den same som Anna Catharina Nielsdtr Blege i Bergen.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Borgerskap i Bergen 1600-1751 er navnet skrevet Niels Mogensen Bleegind. Her kommer det fram at han fikk borgerskap 31. juli 1679, og at han var født i Bergen.

 

 

Tar også med dette fra Overformyndernes spesifikasjon over verger som mistet hus og eiendom i brannen i Bergen (1702) samt skadene på barnepengekapitaler, 29/11 1703:

 

Niels Blegge Smed for

 

1. Börge Olsens daters arf som er 1-3-15

 

2. For Peder Kempis dater 17-3-4

 

3. Er hand for Nielß Andersens dater 33-5-1 =.................................................................... 53-0-4

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 25. juni 1771 ble det avholt skifte på gården Vangen i Aurland etter Anna Christina Blege, se folio 755a:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1766-1772, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Fol. 385-ut.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24166/373/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081124640375.jpg

 

 

 

Jeg kan ikke se ut fra teksten i skifet at hun hadde noen relasjoner til slekten på Sauesund i Askvoll, men kanskje det er noen andre som ser bedre enn meg.

 

 

Når det gjelder Fridrich Andreas Zitzelow så menner jeg å huske at Vigerust hadde en liste på sitt nettsted som viste hanseatere som bodde i Wismar på slutten av 1600-tallet og at Fredrich Zitzelouws navn sto på denne listen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bloch-namnet gir også ei tilknytning til Sauesund i Askvoll. Gjestgjevaren der heitte på 1600-talet Henrik Block. Han skal ha vore tyskar, og det er vel han vi finn her i giftemålet med Ingeborg Larsdotter i Bergen i 1667. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=228&merk=228#ovre

 

Henrik Block dør i 1685, og i skifte etter han er det oppgitt ei dotter Cathrine, som enkelte ser som ein mogeleg kandidat til Anna Cathrine Bloch. Enka etter Henrik Block gifte seg opp igjen, og ektemannen hennar overtok gjestgjevarstaden i Sauesund. Seinare overtok Lars Bloch gjestgjevarstaden i Sauesund, og han overlot då gjestgjevarstaden igjen til Fredrich Zitselau i 1713. Lars Bloch var truleg son av Henrik Block, og kanskje var Anna Cathrine Bloch syster til Lars.

 

Gjestgjevar Lars Henrichsen Bloch gifta seg i 1699 i Bergen med Anna Pedersdotter: http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=7223&merk=7223#ovre. I 1701 finn vi ein Gjestgjevar Lars Bloch 30 år på Brudeknapen i Lindås. Dette er vel venteleg den same Lars Bloch som over, og han har vel då vore gjestgjevar i Lindås før han overtok på Sauesund i Askvoll.

 

Lars Bloch fekk også to barn i Bergen i 1717 og 1720 med kona Elen Sørensdtr Brun, så då vel er hans andre ektefelle. Han er då tittellert som visiteer. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=dp12011668&gardpostnr=40303&personpostnr=118162&merk=118162#ovre http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=20&filnamn=dp12011668&gardpostnr=20738&personpostnr=60506&merk=60506#ovre

Det stilles spørsmål om Herik Blocks datter Cathrine kan være identisk med Anna Cathrine Bloch/Blech. Til dette kan man svare nei.

 

Det skiftes etter Henrik Block i Askvoll i 1685, og han har barn i to ekteskap:

 

1. ekteskap: Hans, Cathrine, Maren, og Bergite

2. ekteskap: Agnete og Lars

 

Lars, som er yngst, er 30 år i 1701. Den eldre halvsøsteren, Maren dør i 1703, 40 år gammel, gravlagt i Korskirken 16. jan. 1703. Dette betyr at hun er født ca 1663.

 

Maren er nevnt etter Cathrine i skifte, noe som betyr at Cathrine er eldre, og kanskje født omkr. 1661.

 

Anna Cathrine Bloch/Blech ble mor i 1715. På dette tidspunktet var Cathrine Henriksdatter Bloch ca 54 år. De eldste barna til Henrich Bloch er mao én generasjon eldre enn Anna Cathrine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk til Grete og Øystein for interessante innlegg.

 

Først Øystein: Takk for skifte. Det har eg lett etter, utan å finne det. Eg også har vanskar med å lese så mykje ut av det, men oppfordrar gjerne andre til å prøve. Det ser for meg ut som om det er nemnt "arvingane hendes", og at det så står noko som kan være namn, men eg klarer ikkje å tyde dei (synes eg ser noko som liknar på Ana, Jon og Rognvald).

 

Grete: Det var ei interessant vinkling. Det ser ut til at du då har rett i at Henrik ikkje kan være far til Anna Cathrina. Dersom etternamnet hennar i 1715 verkeleg er Bloch, så kan kanskje Henrik være bestefar hennar, eller ein grandeonkel? Kanskje har ho ikkje noko tilknytning til Henrik i det heile.

 

Vi har då følgjande utfordringar:

Kven var Anna Cathrine Blech/Bloch. Kven var Anna Cathrine Blege/Blegen som var fadder i Askvoll, og var det den same Anna Cathrine Blege som døde i Aurland, og er dette eventuelt den same personen som Anna Cathrine Blech/Bloch. Har Anna Cathrine Nielsdotter Blege frå Bergen noko å gjere med dette i det heile? Er det eventuelt ho som er fadder i Askvoll og/eller døyr i Aurland?

 

Det einaste vi vel kan slå fast at Cathrine Henriksdotter Bloch, Anna Cathrine Blech/Bloch og Anna Cathrine Nilsdotter Blege er tre forskjellige personar og at Anna Cathrine Blege/Blegen i Askvoll/Aurland kan være ein eller fleire av desse tre. I tillegg at verken Cathrine Henriksdotter Bloch eller Anna Cathrine Nilsdotter Blege blei gifte med Fredrich Andreas Zitzelau.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Grete for at du fekk sjekka opp i det, og takk til Else for tydinga.

 

Då kan vi sjå bort frå Anna Cathrine Blege i Aurland. Ho har altså ikkje noko med nokon av dei andre personane å gjere.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Tråden er gammel, men likevel.  Fant en artikkel om Zitzelau-slekten i Nordre Bergenhus Amtstidende, fra 7. september 1895 (første side, første spalte):

 

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digavis_nordrebergenhusamtstidende_null_null_18950907_22_36_1

 

Den er skrevet av B.A. som jeg antar må være Bernt Askevold.

Endret av Werner Kvalem Vesterås
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.