Gå til innhold
Arkivverket

Ezekiel Josva Johannessen (1899-1966) - eit Oslo-problem - fleire opplysningar om han og borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ezekiel Josva (Karlson) Johannessen, til dagleg kjend som Josva Johannessen, var fødd i Idd 27.5.1899, men gifte seg i Solvorn i Hafslo 18.6.1919 med Antonette Tøgine (Albertsdotter) Andersson, fødd i Bergen 11.5.1898, men oppvaksi i Solvorn i Hafslo. Josva var vegarbeidar, og parfolket budde mange år i Høyanger, men flytte derifrå kring 1936, truleg direkte til Oslo der Josva døydde 29.7.1966. Antonette Johannessen døydde same staden 10.7.1978.

 

** Spørsmål: Eg veit ikkje kva YRKE Josva hadde etter han flytte til Oslo - kanskje adressebøkene kan hjelpa?

 

Josva og Antonettre fekk fire born i lag:

 

a. Evald (Josvason) Johannessen, fødd i Hafslo 17.5.1920, døydde i Oslo 26.6.1976.

 

** Spørsmål: Han hadde ingen born etter seg, men eg har eller ingen opplysningar om korkje yrke eller liv elles - kan henda var han gift?

 

b. Svanhild Antonie (Josvasdotter) Johannessen, fødd i Høyanger 17.4.1922, døydde i Oslo 25.7.1989. Ho gifte seg kring 1945, truleg i Oslo, med ein Willy Martin Isebakke, som visstnok var fødd i Christiania (Oslo) 29.9.1919. Han døydde i Oslo 15.1.1991. Dei hadde visstnok to døtrer i lag.

 

** Spørsmål: Yrke? Dato og stad for vigsli? Fødestaden hans med namn på foreldri?

 

c. Arvid (Josvason) Johannessen, fødd i Høyanger 22.11.1923, døydde i Oslo 20.5.1975.

 

** Spørsmål: Han hadde ingen born etter seg, men eg har eller ingen opplysningar om korkje yrke eller liv elles - kan henda var han gift?

 

d. Åshild Malenda (Josvasdotter) Johannesen, fødd i Høyanger 22.10.1925, døydde i Oslo 23.1.1996. Åshild gifte seg første gongen, truleg i Oslo, men ein Arne Hansen, fødd (uvisst kvar?) 28.3.1925. Han døydde i Oslo 5.1.1962. Dei fekk visstnok òg to døtrer i lag. Åshild gifte seg att, men vart skild før 1972 og tok att namnet Johannessen.

 

** Spørsmål: Yrke? Dato og stad for vigsli? Fødestaden hans med namn på foreldri?

 

Eg vil tru at adressebøker for Oslo i lag med dødsannonser frå Aftenposten kan svara på fleire av desse spørsmåli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner ikke dødsannonsene til Svanhild og Willy, men det anmeldte dødsfallet til Willy Martin Isebakke sier at han var f. 29-9-1913.

 

I 1955 bor snekker ved Akers Mek.Verksted, Willy Isebakke på Dronning Ingridspl.3

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 15-7-1978:

 

Vår kjære, lille mor, svigermor, mormor og oldemor, Antonette Johannessen, sovnet stille inn idag, Oslo 10.juli 1978.

 

Svanhild og Willy

 

Åshild

 

Barnebarn og oldebarn

 

Bisettelsen har funnet sted i stillhet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 24-5-1975:

 

Min kjære sønn, vår bror, svoger og onkel Arvid Johannessen døde plutselig idag, Oslo 20.mai 1975

 

Antonette Johannessen

 

Evald

 

Svanhild og Willy

 

Åshild

 

Nieser

 

Bisettelsen har funnet sted i stillhet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for mange spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har no hatt kontakt med to barneborn av Antonette og Josva, og har no følgjande oppdaterte biografi for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Antonette Tøgine Albertsdotter Andersson, f. i Bergen 11.5.1898, gifte seg i Solvorn 18.6.1919 med Ezekiel Josva, kjend som Josva Karlson Johannessen frå Snekketorpholtet i Idd, Halden, f. i Idd 27.5.1899. Josva livnærte seg i mange år som anleggsarbeidar, og han og Antonette budde i Høyanger til dei kring 1935 flytte til Oslo og busette seg på Vålerenga. I Oslo finn me Josva att som bygningsarbeidar. Han d. i Oslo 29.7.1966, medan Antonette Johannessen d. same staden 10.7.1978. Dei fekk fire born i lag, men Antonette hadde òg ein son frå før:

 

a. Anton

 

¤¤¤¤¤ (fullt namn?)

 

f. i Hafslo

 

¤¤¤¤¤ (kring 1916?)

 

¤¤¤¤¤ (voks opp i Sogn, var sidan lækjar i Oslo, skal ha arbneiott på lækjarv aten i Oslo – oppl.?)

 

b. Evald Josvason Johannessen, f. i Hafslo 17.5.1920, d. i Oslo 26.6.1976. Evald var bygningsarbeidar og budde i Oslo, ugift.

 

c. Svanhild Antonie Josvasdotter Johannessen, f. i Høyanger 17.4.1922, d. i Oslo 25.7.1989. Ho gifte seg i Oslo 26.2.1942 med Willy Martin Martinson Isebakke frå Oslo, f. i Christiania (Oslo) 29.9.1919. Han d. i Oslo 15.1.1991. Willy var i mange år møbelsnikkar, men frå 1962 var han og Svanhild restauranteigarar i Oslo. Dei budde i Oslo levetidi ut og fekk to døtrer i lag.

 

d. Arvid Josvason Johannessen, f. i Høyanger 22.11.1923, d. i Oslo 20.5.1975. Arvid var sjukleg og budde i Oslo, ugift.

 

e. Åshild Milanda Josvasdotter Johannesen, f. i Høyanger 22.10.1925, d. i Oslo 23.1.1996. Åshild gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – 1947? – oppvaksi på Vålerenga, busette seg på Sandaker!)

 

med Arne Kristianson Hansen frå Oslo, f. i Oslo 28.3.1925. Han d. i Oslo 5.1.1962. Arne var krigsinvalid og uføretrygda, medan Åshild var servitør. Dei budde i Oslo og fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne biografien er bortimot komplett, med unntak av denne Anton som eg vonar me kan greia å finna... Og so manglar vigsli til Åshild og Arne...?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no funne vigsli til Åshild Milanda Johannessen i Austre Aker kyrkje 8.3.1947 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3301&idx_id=3301&uid=ny&idx_side=-74), so då er den "puslespelbiten" òg på plass,

 

Samstundes har eg fått greie på at den nemnde halvbroren Anton IKKJE var lækjar, men at han var sjukebilpersonell på lækjarvakten i Oslo, og dette skal ha vore på slutten av 1970-talet, so han var då ein mann i 60-åri...!

 

Me får vona på at Arkivforum finn ut av kven han var...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.