Gå til innhold
Arkivverket

Harald Alf Horni (1897-1948) og Kari Hauge (1892-1926) - vigsli deira i Christiania kring 1914?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #73824 frå gamalt brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=73824&sok=Horni+%D8yane&nr=2&antinnlegg=24&startnr=&antall=&spraak=#anker) som me aldri fekk ei løysing på den gongen.

 

Det syner seg no at:

 

Harald Alf Hansson HORNI var fødd i Christiania 23.5.1897. Han gifte seg (kring 1914?) med:

 

Kari Johansdotter HAUGE, som var fødd i Hafslo i Sogn 18.9.1892.

 

Dei fekk to born i lag:

 

* Lorang Johannes, fødd i Christiania 13.6.1915

 

* Ingeborg Marie, fødd i Christiania 10.9.1916

 

Harald og Kari busette seg på Kjelsås i Vestre Aker der dødsfallet hennar Kari er innført 20.9.1926. Ho vart gravlagd på Grefsen. Harald Horni døydde på Kjelsås 30.6.1948.

 

Då dette tema vart lansert sist, hadde eg ikkje identifisert den riktige Harald Horni, men no skal det vera rett! I so fall var han berre 18 og 19 år gamal då dei to borni var fødde, og eg ser ikkje bort ifrå at dei kanskje hadde ein annan far og at Harald gifte seg med Kari noko seinare? Men eg finn ikkje konfirmasjonsprotokollar frå Vestre Aker som eventuelt kan stadfesta farsskapen...

 

Det ser ikkje ut til at dei to borni vart døypte i Vestre Aker.

 

Eg leiter altso etter vigsli til Harald og Kari samt fødestadene til dei to borni?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1918 bodde det en H. A. Horni i Industrigata 57 i Kristiania

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Digitalisert bok , 1918-1918, oppb: Riksarkivet.

 

Merknader: 40. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39919/767/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061103334195.jpg

 

Grethe

 

På den annen side var vel Harald Alf Horni neppe smedmester i en alder av 21 år... Det er nevnt en smedsvenn Horni rett under, men han har initialene H. H. Horni...

 

Grethe

 

I 1940 bor en Lorang Horni i Monradsgate 1

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Digitalisert bok , 1940-1940, oppb: Riksarkivet.

 

Merknader: 62. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39920/725/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061103336539.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et skudd kanskje i blinde:

 

* Ingeborg Marie, fødd i Christiania 10.9.1916

 

Gravferdsetaten i Oslo kommune

 

Gravnr: 07.032.02.010 Grefsen kirkegård

 

Ingeborg Hjelmhaug

10.09.1916 - 13.12.1983

Gravlagt: 20.12.1983

 

Knut Hjelmhaug

05.06.1920 - 19.08.1988

Gravlagt: 26.08.1988

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vakkert Grethe, det er hun. I dødsannonsen står det f. Horni. Har sendt etterkommere av Lorang til Lars og nå sender jeg en etterkommer av Ingeborg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dødsfallet til Kari Horni i 1926:

 

Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Vestre Aker tinglag, Dødsfallsprotokoll 2 (Hba 0002), 1925-1928, oppb: Statsarkivet i Oslo.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27370/72/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090519350721.jpg

 

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje det hadde vært en mulig løsning å sjekke de kommunale folketellingene for Aker. Moderne tellinger etter mønster fra Kristiania ble tatt opp første gang i Aker i 1917. Nye tellinger ble avholdt i 1918, 1921, 1923, 1926, 1935 og 1939. Tellingsdato var 1. desember. De to eldste tellingene er ordnet rodevis, mens de senere er ordnet på prestegjeld, og innenfor disse ligger veiene alfabetisk. Hus som ligger i regulert strøk og har fått nummer, ligger etter stigende nummer. Hus utenfor regulert strøk ligger alfabetisk etter eiendommens navn. Hvis deler av en vei er regulert, og andre deler ikke, vil hus med nummer ligge først. En del uregelmessigheter forekommer. Blant annet forekommer Ullevål hageby samlet sist i Vestre Aker i noen av tellingene.

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for mange spennande innlegg!

 

Eg har vore i kontrakt med barnebarn etter denne huslyden, men ingen synest vita noko meir om desse barnedåpane eller vigsli til besteforeldri. Dette er skikkeleg merkeleg!!

 

Men, kan det tenkjast at borni var borni hennar og at faren var ein annan?

 

Kunne me endå funne dei som konfirmantar...!?

 

Eller kanskje dei kommunale folketeljingane som Grethe nemner kan hjelpa oss vidare?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikke funnet noen konfirmantlister i de skannede kirkebøkene for Vestre Aker. Men Harald Horni satt altså igjen ganske tidlig som enkemann med to barn på 11 og 10 år. Pussig som de gjemmer seg... Giftermålet til Ingeborg hadde kanskje også kunne gitt et svar på hvor hun er født eller konfirmert. En eventuell dødsmelding for Harald Horni kunne kanskje også gitt noen svar.

 

Et annet alternativ er fødselsmeldingene for Kristiania fra det gamle helserådet, som også finnes i byarkivet. Der får man med seg både offentlige og private fødeklinikker.

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå 2011, som enno framstår som ei uløyst gåte! For å rekapitulera kva me veit og kva som manglar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Johansdotter Hauge, dotter av Ingeborg og gardbrukar Johan Johannesson på Skjerven (bnr. 2), var f. i Hafslo 18.9.1892, men flytte i ung alder til Lier og derifrå til Christiania (Oslo). Ho gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Harald Alf Hansson Horni frå Christiania. Han var son av teglsteinsmurar Hans Johannesson Horni i Christiania, opphavleg frå Hornieiget i Bærum, og kona Betsy Karoline, kjend som Lina Andreasdotter Aurbergeiget i Nes, Akershus 0g f. i Christiania 23.5.1897. Kari var reingjeringsassistent, medan Harald var snikkar og sidan byggjeleiar. Dei budde på Kjelsås i Vestre Aker, men Kari d. på eit sjukehus i Oslo 20.9.1926. Harald Horni d. på Kjelsås 30.6.1948. Dei fekk to born i lag:

 

a. Lorang Johannes Haraldson Horni, f.

 

##### (fødestaden hans?)

 

13.6.1915, d. i Oslo 31.5.1986. Han gifte seg i Oslo 2.3.1940 med Anna Helene, kjend som Helene Hakonsdotter Udnes frå Udnes i Nes, Akershus, f. i Nes 15.7.1916. Ho d. i Oslo 9.10.2009. Lorang var byggjeleiar, og han og Helene budde i Oslo levetidi ut. Dei fekk to born i lag.

 

b. Ingeborg Marie Haraldsdotter Horni, f. i Austre Aker 10.9.1916, døydde i Oslo 13.12.1983. Ho gifte seg i Grefsen kyrkje i Oslo 5.10.1946 med Knut Erikson Hjelmhaug, f. i Hafslo 5.6.1920. Han d. i Oslo 19.8.1988. Knut var fabrikkleiar, og han og Ingeborg budde òg i Oslo levetidi ut. Dei fekk ein son i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har vore i kontakt med fleire etterkomarar etter denne ætti, men INGEN kan gjera greie for vigsli til Kari og Harald eller kvar dei to borni er fødde!! Lysingi til Ingeborg Marie frå Grefsen (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3323&idx_id=3323&uid=ny&idx_side=-72) syner heilt klart at ho var fødd i AUSTRE AKER 10.9.1916, men leiting i fødselsregisteri for Austre Aker og Grorud og likeins i kyrkjebøkene for same kyrkjelyder har vore utan resultat! Og til tross for sin unge alder er Harald Alf Horni oppgjeven som far til Ingeborg Marie, sjølv om me har hatt mistanke om at han kanskje ikkje var far til desse borni likevel...?

 

Kanskje er nye kjelder vortne tilgjengelege sidan 2011 som endeleg kan bidra til å løysa dette problemet?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips og lever i voni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg tvilar vel på om det er noko hjelp, men eg legg likevel inn eit spørsmål til Statsarkivet i Oslo om å leita fram dødsmeldingi til Harald Alf Horni frå 1948. Ein veit jo aldri...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg er stygt redd for at dette emnet skal gå i gløymeboki og vil difor i kveld gjerne få henta det fram att.

 

Skal det vera heilt umogeleg å finna vigsli til Harald Alf Horni og Kari Hauge samt dei to barnedåpane? Ein stad må dei jo vera innførte...

 

Eg held fingeri godt krossa og vonar at ein eller annan kan greia å løysa dette problemet!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

I 1910 ser det ut som Kari Hauge bodde i Lier:

 

http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036475002869/

 

Eg trur eg har sett etter dette før, men for å vera helt sikker, gjekk eg i dag på ny gjennom kyrkjebøkene for Lier, men INGEN vigsle var å finna her for Kari Hauge!

 

Kvar kan dei elles ha gift seg, Kari og Harald Alf?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det ser ut til at me lyt gå til prenting av bygdeboki vår utan nokon gong å finna ut av denne huslyden! Er det verkeleg ikkje mogeleg å finna denne vigsli og dei to barnedåpane?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane, bygdebokskrivar Luster kommune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg sende førre veke ein førespurnad til Statsarkivet i Oslo kring dette problemet, om dei kunne undersøkja i folkeregisteret sine arkiv, og i dag har eg fått svar:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

"Vi har funne registerkortet på Harald Alf Horni, død i Oslo 30.06.1948. Her er dei to barna registrert, Lorang Johannes Horni, fødd 13.06.1915 i Aasbraaten, og Ingeborg Marie Horni, fødd 10.09.1916 i Østre Aker. Frå 1915 til 1917 budde dei på Høyenhall (Fredriksberg), og frå 1917 i Kjelsåsveien 106.

Kari Johansen Hauge kan vi ikkje finne under døde i Oslo 20.09.1926. Det fins og registerkort for "gifte kvinner" i Oslo. Vi har sett på åra 1912, 13, 14, 15 og 1916. Her har vi leita på dei aktuelle namn; Horni, Hauge og Johansen.

Vi har sett på vigselsprotokoll i Oslo byfogd (der det er register) utan resultat.

Konfirmerte i Østre Aker og Vestre Aker (Grefsen frå 1937) for åra 1929, 1930 og 1931 har vi sett på, utan å finne dei to barna. Men her er kun innført navn på foreldra, ingen opplysning om vigselsdato."

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, har dei ikkje funne vigsli i Christiania 1912-1916, so dei MÅ ha gift seg utanfor byen. No var vel Austre Aker IKKJE del av Christianianpå den tidi, so dei kunne jo vera vigde der, men kanskje meir spennande er det å slå fast at Lorang Johannes skal vera fødd i AASBRAATEN, som etter kva eg forstår, ligg heilt sør i Oslo på grensa til Oppegård i Akershus. Kanskje dei gifte seg i Oppegård??

 

Skal me greia å løysa dette problemet likevel, sjølv om det har sett aldri so vonlaust ut?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har raskt sjekka vigselslistene for Nordstrand, Enebakk (båe sokn) og Oppegård sokn av Nesodden, men utan resultat!

 

Kvar kan det elles vera aktuelt å leita?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer nok ein gong å henta fram att dette emnet frå 2011 som me aldri har greidd å løysa.

 

Er det mogeleg å finna vigsli til dette parfolket i eller nær Christiania?

 

For oversikt over problemet, sjå særleg innlegg #11 og innlegg #15

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.