Gå til innhold
Arkivverket

Barnefødsel Solvorn sokn kring 1916?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Antonette Tøgine Albertsdotter Andersson eller Solbakken, fødd i Bergen 11.5.1898, voks opp på Solbakken, Valaker i Solvorn sokn, Hafslo.

 

Antonette gifte seg i Solvorn 18.6.1919 med Ezekiel Josva Johannessen frå Idd i Austfold.

 

Eit barnebarn av Antonette har i kveld fortalt meg følgjande:

 

"Bestemor Antonette fekk ein son "på laust" som fekk namnet Anton, fødd kring 1916, rimelegvis i Solvorn sokn i Hafslo. Han voks opp i Sogn, men vart sidan lækjar og skal ha arbeitt ved lækjarvakten i Oslo, men ættenamnet hans er ukjent".

 

Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å identifisera denne guten:

 

* Fullt namn?

 

* Kven var foreldri?

 

* Dato og stad for fødsli hans?

 

Eg har snakka med to eldre personar i Solvorn (fødd 1919 og 1920), men dei kan ikkje hugsa denne guten, so han voks truleg opp ein annan stad, kan henda på Barneheimen på Hermansverk?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mariann for innlegg!

 

Carsten har alt vore innkopla i denne saki, men fann ikkje noko i lækjarbiografiane sine. So har eit dotter av ei av søstrene hans Anton fortalt meg at onkelen var sjukebilPERSONELL på lækjarvakten. Han var med andre ord ikkje lækjar, og då vert det ikkje so lett å finna han utan opplysningane som klokkarboki for Solvorn kan by på...

 

So, eg vonar på Statsarkivet for hjelp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, det har ein tendens til å "vitta på seg" i historien :-)

 

Eg leita mykje etter ein som det vart påstått heilt sikkert var apoteker! Eg leita "høgt og lavt" etter apotekaren!!

 

Han viste seg å vera assistent og altmuligmann på apoteket :-)))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen Anton, sønn av Antonette, er døpt i Solvorn 1915-1918. Heller ikke er det konfirmert noen tidlig på 1930-tallet.

 

Da moren døde, skulle denne sønnen også vært listet opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for svar, sjølv om det ikkje akkurat var det svaret eg ønskte meg...

 

Den einaste forklaringi eg kan sjå, er at Anton må vera fødd eller døypt ein annan stad, anten i ei anna sokn av Hafslo eller i eit anna prestegjeld, og då er det ikkje godt å seia kvar...

 

MEN, kanskje kan det gå fram av fødslene til dei eldste "ektefødde" borni (jmf. fødselsprotokollane) kor mange born mori hadde hatt? Dei to eldste borni i ekteskapet med Ezekiel Josva Johannessen var:

 

* Evald, fødd i Hafslo (Solvorn) 17.5.1920

 

* Svanhild Antonie, fødd i Høyanger 17.4.1922

 

Elles har det vore sagt at Anton voks opp i Sogn, men foreldrelaus, som han var, voks han kanskje opp på barneheimen på Hermansverk, Leikanger?

 

Eg takkar igjen for alle tips om dette problemet...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barna fra barneheimen står i egne lister blant konfirmantene i Leikanger. Det var ikke noen Anton der i årene 1930-1936.

 

Da moren fødte sønnen 17. mai 1920 oppgav hun at det var hennes første fødsel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for ytterlegare avklarande opplysningar. Skal me tru på mori si utsegn frå 1920, kan ikkje Anton ha vore son hennar, men korleis denne soga er oppstått, kan eg ikkje finna noki forklaring på. Kanskje var Anton eit søskenbarn eller ein annan nær slektning...?

 

Eg trur eg førebels vil overlata dette problemet til barneborni etter Antonette å finna ut av...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.