Ståle Sørbotten Skrevet November 24, 2011 Del Skrevet November 24, 2011 Peder Hansen Øvrebotten, f. 24.mars 1883 i Botnane i Bremanger, Sogn og Fjordane, utvandra til USA i 1907. Han reiste frå Bergen 29. april 1907 via Southampton med dampskipet St. Louis og steig i land i Amerika 12. mai 1907. Familia har i hende to brevkort frå han. Det eine er datert Spokane.Wash. den 28 oktober 1910, det andre datert Jordan Rever den 16.12.1912. Her sluttar alle spor etter Peder Hansen Øvrebotten. Nokre år seinare, utan at det kan tidfestast (sansynlegvis 1913) fekk familien greie på at Peder Hansen Øvrebotten var omkommen, visstnok enten ved sjølvmord, eller ved drap fordi han vart funnen skoten med eit gever attmed seg. Dette har familia aldri fått oppklara og dei har heller ikkje greidd å finne ut kvar dette skjedde og når det skjedde, og heller ikkje kvar han i sofall vart gravlagt. Det synest likevel å vere avgrensa til 2-3 år etter 1911. Då omkom broren August i ei fallulukke i Oregon og ligg gavlagd på Multnomah Park Cementery. Det var visstnok Peder som skreiv heim om at broren var død. Kjelder som var i Amerika har opplyst at Peder var svert deprimert etter at broren døydde i 1911 og at det difor var nærliggande å tru at han tok livet sitt sjølv. Dett er likevel berre teoriar. Familia har dei siste 10 åra prøvd å nøste opp kva som skjedde med Peder Hansen og kvar han kan ligge gravlagd. Sidan eg har arbeidd litt med data og slekt, har dei bedd meg gjere forsøk på å kome vidare. Eg er diverre ikkje nokon kløppar i faget når det gjeld amerikanske arkivirrganger og har difor også møtt "veggen". Det er difor mitt håp at det at det kan vere nokon ute i dataverda som kan lose meg litt lenger. Dette er vel likvel å rekne som eit skot i natta, men vi skal aldri sei aldri. Ståle Sørbotten/stale.sorbotten@enivest.net Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå