Gå til innhold
Arkivverket

[Løyst] Jon Tovson Buksetjønn, Tinn/Nore, og sonen Jon Jonsson Kasen, Tinn, med familiar utvandra til Amerika 1853 og 1843 – finne dei i USA?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Kan nokon med tilgang til amerikanske databasar sjekke opp Jon Tovsson Buksetjønn og kona Birgit Sondresdotter, eventuelt "Kari Tovsdotter", for meg? Sonen Jon Jonsson Kasen med huslyd er dessutan like aktuell å finne.

 

Jon Tovsson skapte seg eit namn som ein framifrå rosemålar og snikkar, særleg kjent for arbeid i 1830-åra på Spikketrå og Nedre Flåta i Uvdal og Kittilsland i Nore. Han gjekk under namnet Buksetjønn etter husmannsplassen Buksetjønn i Hovin i Tinn. Han og Birgit Sondresdotter blei gifte i 1804 i Hovin og hadde fem kjende born: Jon Jonsson Kasen f. 1804 , Sondre Jonsson f. 1805 , Ola Jonsson f. 1807, Birgit Jonsdotter f. 1812 og Tov Jonsson f. 1819, alle døypte i Hovin. I 1827 er Jon og Birgit med dei to yngste borna blant innflutte til Heddal.

 

I 1841 er Jon ”Buksekjøn” (62 år) og Birgit (61 år), framleis med dei to yngste borna ”Bergith” (26 ½ år) og ”Thov” (22 år), blant innflutte i Nore i daverande Rollag prestegjeld. I 1853 er husmann Jon Tovsson ”Teigeneie” (Flatin) (75 år) og Birgit Sondresdotter (72 år) å finne blant utflutte frå Nore til Amerika. Dei no godt vaksne borna Birgit og Tov er ikkje nemnde.

 

Ola Jonsson, son nr. 3, blei konfirmert i Tinn i 1824, to år før dei to eldre brørne sine, Jon Jonsson og Sondre Jonsson. Dei blei konfirmerte i Tinn i 1826. Ola og Sondre veit eg ikkje meir om, men Jon Jonsson er truleg identisk med Jon Jonsson Mårem som i 1830 blei gift med Kari Olsdotter Mårem i Atrå i Tinn.

 

Ekteparet Jon og Kari dreiv som brukarar av ulike gardar i Tinn, og fekk seks born i perioden 1830 til 1840 (dei to fyrste dødfødde). Dei fire som levde opp var Øystein f. 1834, Jon f. 1836, Ola f. 1838 og Birgit f. 1840.

I 1843 er Jon og Kari med dei fire borna registrerte som utvandrarar frå Tinn til Amerika. Bustaden deira da var husmannsplassen Kasen i Atrå.

 

Etter det som er skrive i familiekrønika (USA 1984) kom Jon Jonsson med kone og tre søner til Muskego i Racine County i Wisconsin i 1843. Dottera Birgit døydde av sjukdom under overfarten og sonen Øystein døydde kort etter framkomst. Kona Kari Olsdotter døydde av kolera i 1846. Jon Jonsson gifte seg om att i 1848 med Aslaug Eivindsdotter Møli, også ho frå Tinn. Jon Jonsson og ektemake nummer to, Aslaug Eivindsdotter, heldt seg i Muskego fram til 1856, da dei flutte vidare vestover til Harmony i Fillmore County i Minnesota. Der kjøpte dei land etter å ha selt eigedom i Muskego.

 

Saman med huslyden til Jon Jonsson og Kari Olsdotter frå Kasen i Atrå på emigrantskipet i 1843 skulle etter slektskrønika også mor og far til Jon vera: Jon Tovsson Buksetjønn og kona Birgit Sondresdotter. Dette er openberrt ikkje rett sidan dei er funne i norske kjelder etter dette tidspunket, og som nemnt foran utvandra frå Nore til Amerika i 1853. Framleis ifylgje slektskrønika skulle Jon Tovsson Buksetjønn ha døydd i 1854 og blitt gravlagd på Indian Hill Cemetery i Muskego, medan kona hans (som no er kalla ”Kari Tovsdotter Buxekjøn”) døydde i 1868. Ho skal vera gravlagd på Greenfield Cemetery i Harmony, Fillmore County i Minnesota.

 

Dersom Kari Tovsdotter verkeleg er ektefelle til Jon Tovsson Buksetjønn, og blei gravlagd som enkja hans i 1868, tyder det på at fyrste ektefelle Birgit Sondresdotter må ha døydd under amerikareisa i 1853 eller særs kort tid etter. I så fall må ekteskapet mellom Jon Tovsson Buksetjønn og Kari Tovsdotter ha vore kortvarig, sidan han døydde i 1854.

 

Kan nokon finne

1.Jon Jonsson Kasen og huslyden hans (Kasen/Karson/Carson) i folketeljingar eller andre kjelder?

2. Faren Jon Tovsson Buksetjønn (kanskje lite truleg sidan han døydde alt i 1854), eventuelt kona Birgit Sondresdotter, eller kona ”Kari Tovsdotter”.

 

Desse to generasjonane Jonsson/Tovsson skulle ha budd på same farmen eller var nære grannar. Så finn ein person(ar) som er nemnde over bør dei andre vera nemnde i same samanhengen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

New York, 1820-1850 Passenger and Immigration Lists

about John Kasen

 

Name: John Kasen

Arrival Date: 26 Jul 1843

Age: 39

Gender: M (Male)

Port of Arrival: New York

Port of Departure: Havre

Place of Origin: Deutschland

Ship: Argo

Family Identification: 30121808

Microfilm Serial Number: M237

Microfilm Roll Number: 52

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

???

 

1870 United States Federal Census

about John Johnson

 

Name: John Johnson

Age in 1870: 64

Birth Year: abt 1806

Birthplace: Norway

Home in 1870: Harmony, Fillmore, Minnesota

Race: White

Gender: Male

Post Office: Harmony

Value of real estate: View image

Household Members: Name Age

John Johnson 64

 

+ Augusta 68 år

 

---

Familien foran er JOhn johnson 34 år, Mary 27, Geo 11, Caroline 9, Mark 7, Annie 5, Lisa 3, Andrew 2

---

Familen etter er Ole Johnson 32, Cornelia 27, Caroline 7, Martin 5, Louisa 3, Jane 2

Lenke til kommentar
Del på andre sider

???

 

Minnesota Territorial and State Censuses, 1849-1905

about John Johnson

 

Name: John Johnson

Census Date: 21 Sep 1857

County: Fillmore

Locality: Township 101

Birth Location: Norway

Gender: Male

Estimated Birth Year: abt 1804

Roll: MN1857_2

 

+ Augusta 56, John 21, Ole 18, ??? Johnson 25, Betsey Halverson 76?, Isabella Halverson 10

 

 

 

----

 

http://www.findagrav...63929426&df=all&

 

John Kasen

 

Birth: Apr. 1, 1804

Death: Mar. 29, 1898

 

Burial:

Minnehaha Cemetery

Colton

Minnehaha County

South Dakota, USA

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1850 United States Federal Census

about John Johnson

 

Name: John Johnson

Age: 47

Birth Year: abt 1803

Birthplace: Norway

Home in 1850: Norway, Racine, Wisconsin

Gender: Male

Family Number: 1821

Household Members: Name Age

John Johnson 47

Augusta Johnson 40

German Johnson 18

John Johnson 13

Ole Johnson 11

Targar Oleson 30

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Minnesota Territorial and State Censuses, 1849-1905

about John Johnson

 

Name: John Johnson

Census Date: 1 May 1875

County: Fillmore

Locality: Harmony

Birth Location: Norway

Gender: Male

Estimated Birth Year: abt 1836

Race: White

Father's Birth Location: Norway

Mother's Birth Location: Norway

Roll: MNSC_6

 

Her finnes John m/familie, Ole m/familie, John Johnson 70 og Ellen 74.

 

---

 

I 1880 kalles JOhn JOhnsons kone Elsie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hanne Line, du har utan tvil funne rette personar - nok ein gong. Men eg treng ein dag eller to på å systematisere og vurdere desse opplysningane. Så eg kjem tilbake når det er klart.

 

Eg konstaterer likevel:

 

Jon Jonsson Kasens ektefelle nummer to, Aslaug Eivindsdotter, går tydelegvis under namnet Augusta i desse teljingane.

 

Men faren Jon Tovsson Buksetjønns moglege ektefelle nummer to, "Kari Tovsdotter", som døydde i Harmony i Fillmore Co,. Minnesota, i 1868, ser eg ikkje konturane av. Det er nemleg livsteikn etter gamle Jon Tovsson Buksetjønn og ektefelle Birgit Sondresdotter/eller "Kari Tovsdotter" i kombinasjon med sonen Jon Jonsson Kasen og huslyden hans som vil gje meg den endelege stadfestinga på dette foreldre/son-tilhøvet. I norske kjelder finst inga sikker kopling, berre sterke indikasjonar.

 

Takk så langt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hva med den Betsey som sammen med de i 1857?

 

Jau, det kan jo sjølvsagt vera gamle mor og farmor Birgit Sondresdotter som (likevel) er i live. Alderen er jo passande (76 år)? Er Betsey og Birgit den same tyder det dessutan på at Jon Tovsson ikkje gifta seg med ei "Kari Tovsdotter" før han døydde, slik slektskrønika seier. Men litt søkt er det jo med Halverson, og så denne Isabella Halverson på 10 år oppi det heile. Eg hellar meir mot at desse to Halverson er leigebuarar.

 

Anten det no er Birgit Sondresdotter eller "Kari Tovsdotter" som var Jon Tovsson Buksetjønns ektefelle da han døydde i 1854, burde likevel kyrkjebøker frå Harmony i Fillmore Co., Minnesota, kunne gje eit svar. Ho skulle ha døydd 83 år gamal i 1868 (dvs. fødselsår om lag 1785), og må ha levd med den næraste familien sin inntil da.

 

Denne folketeljinga frå 21 sep 1857 som viser "Betsey Halverson" finst ho som digitale biletfiler på nettet? Det kunne vore greit å ha sjekka transkripsjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Dette er hva jeg har funnet via Ancestry.com - Wisconsin Marriages, pre-1907.

 

John Johnsen og Augusta Erensensdaught giftet seg i Racine, Winsconsin den 23. mai 1847. Desverre så mangler det "bildet" av hendelsen, og man må søke pr. person for så å sjekke datoer opp imot hverandre. Det var kun disse to som giftet seg denne dagen i Racin, så langt jeg kunne se.

 

Har også lagt ved transkripsjonen angående betzy og Isabelle Halverson, fra Census 1857, som Arnfinn Bernaas etterlyste.post-976-0-37297700-1331499603_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Etter at ein artikkel som oppsummerer og løyser denne saka sto på trykk i Rjukan Arbeiderblad laurdag den 2. juni i år er tida i høgste grad inne for å offentleggjere oppsummeringa her i Digitalarkivet og på DIS-forum. Eg takkar så mykje for alle innspel frå gode hjelparar i debattane på dei to foruma. Det har vore til mykje nytte.

 

Eg legg innlegget inn nedafor som rein tekst, og skulle gjerne ha vist oppslaget også som pdf-vedlegg, slik at foto og bladbunad kjem til sin rett. Men det går ikkje sidan Digitalarkviet har sett grensa for opplasting av filer så lågt som 500 kb. Men om nokon ynskjer det kan eg sende pdf-fila over e-post.

 

 

 

Mary Hakes i ”Alt for Norge”:

Lofthus-skifte i 1863 med lykel til Buksetjønn-opphav

 

Så er Tinn-bitane på plass i anegalleriet til Mary Hakes i Minnesota. Ekteparet Jon Jonsson og Kari Olsdotter Kasen som drog til Amerika i 1843 med fire born har opphavet sitt høvesvis på Buksetjønn i Hovin og Mårem i Atrå.

 

Eit skifte på Lofthus i Gauset i 1863 og ei gravferdsinnføring i kyrkjeboka i Greenfield i Harmony i Minnesota i 1868 gjev det endelege provet. Ein gravstein med feilaktig innskrift på Greenfield kyrkjegard har vore ein farleg snubletråd for alle som har prøvd å finne ut av slektskapstilhøva.

 

I kyrkjebøkene for Tinn finn me i 1830 inngått ekteskap mellom Jon Jonsson Mårem og Kari Olsdotter Mårem. Kari Olsdotter er tvillaust eldste dotter til Ola Øysteinsson Mårem og Lisbet Jonsdotter Lofthus, medan Jon Jonsson ikkje hittil har late seg sikkert heimfeste. Den einaste aktuelle Jon Jonsson i Tinn var Jon Jonsson frå Buksetjønn eller Berg under Bøen i Hovin, døypt 20. juni 1804 i Hovin. Faren er den kjende rosemålaren Jon Tovsson Buksetjønn og mora Birgit Sondresdotter.

 

Men for å vera sikker må ein ha det skriftleg, og presisjonsnivået i kyrkjebøkene på denne tida ligg dessverre langt under det ynskjelege. Men det finst andre kjelder: Inger H. Borgan i Porsgrunn har fylgt diskusjonen om opphavet til Mary Hakes, og gjorde meg nyleg merksam på eit funn ho har gjort i skiftet etter Torjer Jonsson Lofthus i 1863. Torjer var ugift morbror av Kari Olsdotter, og i skiftedokumenta er arvingane nemnde. Blant dei er ”Kari Olsdatter gift med John Johnsen Buxekjøn, afreist til Amerika for omtrent 21 Aar siden, men skal der være død ...”.

 

Med nemninga ”Buxekjøn” er Jon Jonsson Kasen eintydig identifisert til å vera son av Jon Tovsson og Birgit Sondresdotter Buksetjønn, og me kan sikkert slå fast at Jon Jonsson Kasen som drog til Amerika i 1843 er identisk med Jon Jonsson Buksetjønn. Ein stor heider til Inger H. Borgan som med eit vake auga og stort tolmod fann fram til dette.

 

Amerikanske kjelder er også undersøkte: Familiekrønika til den amerikanske Kasen-sIekta (1984) er detaljert ned til datoar, men fell gong på gong igjennom ved sjekk mot kjeldene, iallfall mot norske kjelder. Ho fortel mellom anna at Jon Tovsson Buksetjønn og ektefelle ”Kari Tovsdotter” emigrerte saman med sonen Jon Jonsson, kona hans Kari Olsdotter Kasen og borna deira i 1843.

 

Dette reiser to spørsmål:

1. Dei er nemleg ikkje å finne i emigrantlister dette året. Kor er dei? Jau, i 1841 er Jon Tovsson Buksetjønn med kona Birgit Sondresdotter, dottera Birgit og sonen Sondre innflutt frå Heddal til Nore. Fyrst i 1853 er Jon Jonsson og Birgit Sondresdotter frå Flatin under Teigen (”Teigeneiet”) blant dei utflutte frå Nore til Amerika. Da var dei begge passert 70 år. Dei emigrerte altså slett ikkje saman med sonen og huslyden hans i 1843 som hevda i slektskrønika.

2. Kven er ”Kari Tovsdotter”? Ho er ukjent som ektefelle til Jon Tovsson Buksetjønn i norske kjelder. Men det kunne jo tenkjast at Birgit Sondresdotter døydde på vegen over havet til Amerika i 1853, eller straks etter, og at Jon Tovsson nokså snart gifte seg oppatt med ei Kari Tovsdotter. Det som talar noko mot dette er at Jon Tovsson i slektskrønika er oppgjeven som død i Muskego, Racine Co. i Wisconsin alt året etter, i 1854. Enkja ”Kari Tovsdotter” skulle ha døydd 5. mai 1868 i Harmony, Minnesota., 83 år gamal, og såleis overlevd mannen sin med om lag 14 år. Sonen Jon Jonsson Kasen med huslyd flutte frå Muskego til Harmony i Fillmore County i Minnesota i 1856.

 

Kyrkjeboka til den norske kyrkjelyden i Greenfield har fylgjande innføring blant gravlagde i 1868: ”Birgit Mor til John Kasen den eldre, [Fødested] Tinn, [Dødsdag] Muligens 1868, 93 Aar G.” Uttrykksmåten viser at innføringa er skjedd i ettertid. Kor lenge etter kan ein ikkje vita, men vesentleg er at skrivaren har ført inn Birgit, og ikkje Kari. Innføring av gravleggingar opptil fleire år i ettertid er forresten ikkje noko særsyn i denne kyrkjeboka.

 

Amerikanske folketeljingar er også undersøkte. Føremålet har vore å finne Jon Jonsson Kasen og huslyden hans saman med den gamle mora hans, enkja Birgit Sondresdotter. Ho er funnen. Det er høgst truleg henne som dukkar opp i lag med dei i folketejinga for Harmony i 1857, rett nok som Betsey Halversen, 76 år. I 1860-teljinga er familien ikkje å finne i Harmony, men i 1865 er ”John Johnson” der att saman med ”Ellsy” (Aslaug) og ”Betsy”. (Igjen takk til Inger H. Borgan.) I 1870 er ”Betsy” borte, rimeleg nok sidan ho er sagt å vera død i 1868. ”Betsey” er elles ein av fleire måtar å amerikanisere Birgit på.

 

Her anar me ei livs levande mater familias; mor og farmor: Birgit Sondresdotter truleg truleg fødd på plassen ”Dunkenberg”/Fisholt i Austbygde, døypt 24. oktober 1780. Hennar seinare livsveg gjekk frå husmannskone på Buksetjønn i Hovin, i Gransherad, Heddal og Nore, til rolla som farmor og oldemor på familiefarmen i Harmony i Minnesota. Om dødsåret 1868 er rett, blei ho om lag 88 år gamal, ikkje 93 som innført i kyrkjeboka.

 

I Minnesota finst dessverre ikkje innførsler i statlege dødsprotokollar før 1870. Søk i skifteregister i Harmony for ”Kari Tovsdotter” og Birgit Sondresdotter har heller ikkje gjeve noko resultat. Altså, alt i alt ingen spor etter ”Kari Tovsdotter” der ein skulle vente å finne henne korkje i norske eller amerikanske kjelder. I Harmony finn me tvert om berre gamle Birgit og gamle ”Betsy” knytt til huslyden til sonen Jon Jonsson Kasen i dei fåtalige kjeldene som finst.

 

Men så var det snubletråden, gravsteinen i Greenfield: ”Kari. Mor til John Kasen den eldre. Død Ant 1868. Alder 83 Aar.” Her fortel ”Ant” = ”antagelig” at steinen er reist nokså lenge etter dødsfallet. Dei som har reist han hugsa ikkje lenger sikkert dødsåret, og så sanneleg heller ikkje namnet. Andre forekomstar enn denne gravstøtta som syner ei Kari knytt til Jon Jonsson Kasen er nemleg ikkje kjent.

 

Etter denne gjennomgangen er min påstand at innskrifta ”Kari. Mor til John Kasen den eldre” på gravsteinen er feilaktig. Likeså er slektskrønika feilaktig når ho brukar ”Kari Tovsdotter” som ektefelle til, og så enkje etter, Jon Tovsson Buksetjønn. Kanskje har forfattaren late seg villeie av gravsteinen. Birgit Sondresdotter er det rette. Dokumentasjon for at ”Kari Tovsdotter” nokon gong har eksistert er ikkje kjent.

 

Truleg har denne ”Kari” oppstått ved at Birgit av etterkomarane er blitt blanda samen med Kari Olsdotter Mårem, altså verdottera til Birgit og ektefelle til sonen hennar, Jon Jonsson Kasen. Kari Olsdotter døydde i Muskego så tidleg som i 1846, og enkjemannen Jon Jonsson gifte seg oppatt i 1848 med Aslaug Eivindsdotter Møli.

 

Forfattaren av familiekrønika i USA er utfordra til å kommentere det som no er kome fram, men har dessverre ikkje imøtekome dette. Det viser seg at ein stor del av krønika er skriven på grunnlag av boka ”Norske pionerers historie of Minnehaha County Syd Dakota, fra 1866 til 1896”. Denne boka kom på norsk i 1928, men lir av alvorlege faktafeilar når det gjeld Kasen-folket. Samanblandinga av Birgit Sondresdotter og Kari Olsdotter til ei ikkje-eksisterande Kari Tovsdotter, inngravert som ”Kari” på gravsteinen, kan mykje vel skrive seg herifrå. I 1976 blei boka omsett til engelsk, og i omsetjingsprosessen er feilane blitt fleire.

 

Mary Hakes kjem til Tinn i juli, og vil da gjerne sjå stadene der forfedrane hennar levde. Mårem og Kasen i Atrå og Buksetjønn i Hovin stend på besøkslista hennar. Eg har kontakt med henne. Tek lokalsamfunnet utfordringa og viser henne til rette?

 

Anfinn Bernaas, arbeider med person- og bustadhistorie i Tinn

anfinnb krøllalfa broadpark.no

 

(Fyrste artikkel om denne saka sto på trykk i RA 10. november 2011: ”Alt for Norge”-deltakar Mary Hakes: Spora peikar mot Hovin)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.