Gå til innhold
Arkivverket

Synneva (1736) og Britha (1739) Simonsdotter - forsvinn frå Hafslo - kan henda til ytre Sogn?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmannsfolki Simon Nilsson (1693-1741) og Eli Eriksdotter (1699-1770), busette i Skjervebakken under Skjerven i Hafslo, fekk fem born i lag. Fire av dei levde då faren døydde i 1741. Dei to eldste (Nils og Guri) vart buande i Hafslo, men dei to yngste forsvinn:

 

* Synneva Simonsdotter, døypt i Hafslo 21.5.1736, levde i 1741

 

* Britha Simonsdotter, døypt i Hafslo 21.4.1739, levde i 1741

 

Eg kan ikkje sjå at nokon av desse jentene vart konfirmerte, vigde eller døydde i Hafslo, so om dei voks opp, må dei vera flytte frå bygdi før dei kom i konfirmasjonsalderen, noko som ikkje var uvanleg på den tidi.

 

Men kvar vart det i so fall av dei? Kan henda hamna dei i ytre Sogn (Gulen eller Solund)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane deira?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husmannsfolki Simon Nilsson (1693-1741) og Eli Eriksdotter (1699-1770), busette i Skjervebakken under Skjerven i Hafslo, fekk fem born i lag. Fire av dei levde då faren døydde i 1741. Dei to eldste (Nils og Guri) vart buande i Hafslo, men dei to yngste forsvinn:

 

* Synneva Simonsdotter, døypt i Hafslo 21.5.1736, levde i 1741

 

* Britha Simonsdotter, døypt i Hafslo 21.4.1739, levde i 1741

 

Eg kan ikkje sjå at nokon av desse jentene vart konfirmerte, vigde eller døydde i Hafslo, so om dei voks opp, må dei vera flytte frå bygdi før dei kom i konfirmasjonsalderen, noko som ikkje var uvanleg på den tidi.

 

Men kvar vart det i so fall av dei? Kan henda hamna dei i ytre Sogn (Gulen eller Solund)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane deira?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Eg har sett gjennom mine notatar frå Solund, men kan ikkje finna Simonsdøtrer frå den aktuelle perioden. Det er difor lite truleg at desse to systrene kom til Solund.

 

Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alf for sjekking av Solund med omsyn til desse søstrene. Då er dei altso ikkje hamna der...

 

Men det finst jo andre stader langs ytre delar av Sognefjorden der dei vera stigne i land...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alf for sjekking av Solund med omsyn til desse søstrene. Då er dei altso ikkje hamna der...

 

Men det finst jo andre stader langs ytre delar av Sognefjorden der dei vera stigne i land...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

For ordens skyld, her er skiftet etter Simen Nilsen:

 

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5b , 1741-1748, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Fol. 228-459. Register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24137/11/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120700238.jpg

 

I akiftet synes jeg forresten det står at enka heter Eli Larsdatter. Men det er vel Eli (Elen) som gifter seg med Simon Solvi i 1728 og da har hun farsnavn Eriksdatter. Er dette dødsfallet hennes? Elen Bakken, død 1770: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=HAFSDOD&gardpostnr=399&merk=399#ovre. Er hun identisk med den Elen Eriksdatter som giftet seg i Hafslo i 1742 med Ole Pedersen Alme?

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=26&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=342&merk=342#ovre

post-541-0-47233900-1322418942_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg Fylkesarkivet sine FT 1801 er det ei:

 

Loen, Indvig prestegjeld.

Brithe Simonsdtr, 60,Hans Kone,

 

Men om dette er ein av dei 2 Simonsdøtrene ??? Tja ....

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=f18011447&gardpostnr=129&personpostnr=2737&merk=2737#ovre

 

Gift 6.11.1768:

Sogn og Fjordane fylke, Innvik, Ministerialbok nr. A 1 (1750-1816), Trolovede 1769, side 383.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-272

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509640554.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for nye spennande innlegg!

 

Flytting mellom Hafslo og Nordfjord på midten av 1700-talet er ikkje umogeleg. Me kjenner til at det var noko trafikk over bréen mellom Jostedalen og Stryn, men at to småjenter frå ytre Hafslo skulle reisa den vegen, høyrest lite truleg ut. Eg ser at Simon-namnet er ein del nytta i Innvik, men diverre går ikkje kyrkjebøkene langt nok attende til at me kan prova noko som helst. Kanskje kan den gamle bygdeboki for Innvik vera til hjelp? Eg ser det er ein gut med namnet Simon Johnson på garden Loen i 1701. Kanskje han er far til denne Britha Simonsdotter Loen, som gifte seg i 1768?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekteskapsløyve Bergen stift 1717-1804, årsak EF, fekk Berthe Simensdtr og Marcus Andersen Hatlem den 27. mai 1768

 

Eg VEIT IKKJE kva EF er, men dersom det tyder at dei er mykje i slekt med kvarandre, forsvinn einkvar teori om at Simons-dottera er frå Hafslo.

__________

Du skriv Lars: "Me kjenner til at det var noko trafikk over bréen mellom Jostedalen og Stryn, men at to småjenter frå ytre Hafslo skulle reisa den vegen, høyrest lite truleg ut."

 

Men Synneva har eg ikkje sett "snurten av". Og Grethe har vel ikkje sett så mykje til henne ho heller ??

 

Grethe spyr om mora Elen Eriksdtr giftar seg i 1742 m Ole Pedersen Alme. Då mora døyr i 1770, det er ikkje noko skifte etter henne ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for ny melding!

 

Når det gjeld Eli Eriksdotter, so var ho gift heile fire gonger og hadde born i alle ekteskapi. Ogso med Ole Pederson fekk ho ei dotter Britha, men no heitte mor til Ole Pederson òg Britha, so kanskje kalla dei opp to gonger!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.