Gå til innhold
Arkivverket

Ingebrigt Erikson Løken - fattiglem Hafslo 1762 - gift med born Erik, Sara, Martha og Ole - kvar vart det av denne huslyden??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ekstraskattmanntalet for Hafslo 1762 inneheld ein merkeleg huslyd som eg har vanskar med å følgja:

 

Engebrit Løken, husmann (under garden Quam), fattig

Engebrit Løken, husmann's hustru, fattig

* Sara Engebritsdotter, dotter deira

 

Sara må i 1762 har vore minst 12 år gamal, fødd 1750 eller før - ho er ikkje konfirmert i Hafslo.

 

Dei har ei dotter til:

 

* Martha Ingebrigtsdotter Løken, vart konfirmert i Hafslo 1772, alder ikkje oppgjevi. Kan henda er det ho som 28.1.1781 døyper ei uekte dotter Britha Johannesdotter i Hafslo (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-81).

 

Dette er eit heller "tunt" utgangspunkt, men so finn eg i tingboki for indre Sogn i ei åstadsak på garden Sandvik i Luster 30.9.1771 som eitt av vitni: "Ingebret Erichson Løchen, 72 [?] år gamal, ein tremenning av Iver Sandvig, som boer paa plassen Løchen under Qvam i Hafslo prestegjeld."

 

Skyldskapen til Iver {Larsson} Sandvik er uklår, men med desse opplysningane finn eg mellom "uplasserte huslyder" i Luster følgjande:

 

Ingebrigt Erikson, ungkar, gifte seg i Gaupnesokni i Luster 30.10.1739 med Martha Pedersdotter.

 

Ingebrigt Erikson, enkjemann, gifte seg i Gaupnesokni i Luster 20.12.1744 med Britha Olsdotter. Dei får ein son i Luster:

 

* Erik Ingebrigtson, døypt i Gaupne sokn i Luster 4.3.1746. Han ser eg vert konfirmert i Hafsloi i 1762.

 

So ser eg at Ingebrigt Erikson og kona Britha får ein son til i Hafslo:

 

* Ole Ingebrigtson, døypt 7.6.1761. Han er ikkje konfirmert i Hafslo!

 

MEN, Ingebrigt Erikson vart gravlagd i Hafslo 27.4.1775, 77 år gamal, og frå 1785 mottek "Ingebrigts-Britha" fattighjelp (legd) frå prestegjeldet. Ho vert gravlagd i Hafslo 30.1.1800, 86 år gamal. Ho flytte nok frå plassen etter at Ingebrigt døydde, for då kom det nye folk der!

 

MEN, kvar vart det av borni? Det var frå dette nabolaget ei stor flytting til BERGEN på denne tidi, so kanskje dei er hamna der? Eller flytte dei til ytre Sogn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Oberammergau- Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har gjennom helgji spekulert ikkje so reint lite over denne huslyden, og er mellom anna komen til at Martha Ingebrigtsdotter ikkje berre var mor til Britha Johannesdotter, fødd i Hafslo 1781, men ho er nok òg gift i Hafslo.

 

Eg har oppsummert huslyden med spørsmål slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Erikson Løken, ein tremennig av gardbrukar Iver Larsson i Sandviki i Luster (1727-1785), men sjølv av usikkert opphav, var f. kring 1703 og vart gravlagd i Hafslo, truleg frå Løken, d. 27.4.1775. Ingebrigt var soldat i Lysterske kompani i mange år og stod i legd nr. 21, som mellom anna omfatta Tørvi. Han gifte seg første gongen i Luster 30.10.1739 med ei Martha Pedersdotter, som me ikkje veit noko meir om. Ho var truleg f. kring 1700, men må vera avlidi kring 1743, for 20.12.1744 gifte Ingebrigt seg att i Luster 20.12.1744 med ei Britha Olsdotter, likeins av ukjent opphav. Ho var f. kring 1716 og vart gravlagd som legdelem i Hafslo 30.1.1800. Ingebrigt var ei tid husmann ein eller annan stad i Gaupne, men flytte truleg alt kring 1747 til Hafslo og tok over som husmann i Løken kring 1755. Han vart buande på plassen levetidi ut, men hadde tydeleg vanskar med å greia seg. Han er rekna som fattig i 1762, men fekk løn som bygdevektar frå 1760 til 1772. Britha flytte nok herifrå då ho vart enkje, og frå 1785 var ho på legd, mellom anna i Kalhagen. Me kjenner til fire born etter Ingebrigt, som alle truleg var frå andre ekteskapet:

 

1. Erik Ingebrigtson, døypt i Luster 3.4.1746,

 

¤¤¤¤¤ (konf. Hafslo 1762 – lagnad?)

 

2. Sara Ingebrigtsdotter, f. kring 1749,

 

¤¤¤¤¤ (nemnd 1762! – lagnad?)

 

3. Martha Ingebrigtsdotter (1753-1826), vart gift med husmann Knut Larsson på Klopphaug under Tang (1758-1829).

 

4. Ole Ingebrigtson, døypt i Hafslo 7.6.1761,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

I tillegg til desse borni mistenker eg dei for òg å ha hatt ein son Jens, som vart konfirmert i Hafslo 1778. Denne Jens ser ut til å vera avliden i Vinger 6.3.1789, 36 år gamal (Jens Embrethsen Øverbøe - http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9130&idx_id=9130&uid=ny&idx_side=-238).

 

Eg ser det er fleire vigde Ole Ingebrigtsen i Bergen som kan høva, og eg mistenker denne Ole Inebrigtsen fødd på Bersager i Hafslo for å vera "vår mann": http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=berg1804&gardpostnr=5989&merk=5989#ovre. Bersager er Buskaker, og merket mellom Buskaker og Kvam, der plassen Løken ligg, er like bak stovehuset i Løken!! Men so var det alderen hans, då...?

 

Kan dette vera den same Ole Ingebrigtsen som i 1801 var matros og busett i 4. rode nr. 1? - http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=20&filnamn=f18011301&gardpostnr=266&personpostnr=1847&merk=1847#ovre

 

Og so spørst det om det fattigliket Ole Ingebrigtsen som vart gravlagd 10.5.1809, kan vera same mann? - http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=44&filnamn=bedo1668&gardpostnr=61963&merk=61963#ovre

 

Eller kanskje er eg heilt på villspor?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg oppdaga nettopp noko spennande:

 

Då Ole Ingebrigtson vart døypt i Hafslo 7.6.1761 (3. dom. p. Trin) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-32), er ei SARA JACOBSDOTTER ei av fadrane. Denne namnekombinasjonen er heilt ukjend i Hafslo, so kanskje er det ei feilskriving for Sara Ingebrigtsdotter? Men ho ville uansett vera svært so ung i 1761 for å vera faddar dersom ho var dotter av Ingebrigt, so kanskje Sara er dotter av Britha Olsdotter i eit tidlegare ekteskap, eller utanfor ekteskap?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Ingebrigtsen ser ut til å ha gift seg i Krosskyrkja i Bergen 19.9.1784 med Karen Monsdotter, men vigsli syner ikkje namn på forlovarane.

 

So får dei ein son Ingebrigt fødd i Krosskyrkja 4.4.1786, men denne sida manglar i den skanna kyrkjeboki, so me får ikkje vita fadrane. Ingebrigt døydde elles 18.4.1786, berre 14 dagar gamal. Fleire born finn eg ikkje...

 

Eg har òg problem med å finna dødsfallet hennar Karen Monsdotter, for ikkje å nemna opphav et hennar... Det er so mange med same namn...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at da ungkar Ingebrigt Eriksen giftet seg i 1739 med Marthe Pedersdatter, var Lars Sandvig en av forloverne:

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Ekteviede 1740, side 148.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-149

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680377.jpg

 

I 1785 ble det holdt skifte etter dannemand Iver Larsen Sandvigen i Luster:

 

Namn arvtakar: Iver, Larsen

Gard: Sandvigen, nr.:5

Husmannsplass:

Yrke: Dannemand

Skipreide: Luster

Protokoll/side: 9-102b

Datering: 1781-1786

Dato: 24.3.1785

Eiga: 770 Dalar, 5 ort, 7 skilling

Gjeld: 250 Dalar, 1 ort, 13 skilling

Netto: 520 Dalar, 3 ort, 10 skilling

Merknad:

Personar i skiftet :

(1) Ole Larsen MyndigPræstgaarden Bror

(2) Erich Larsen MyndigLeerdahlen Bror, gift

(3) Giertrud Larsdatter Død Søster

(4) Lars Chrestophersen 15 Aar Søstersøn

(5) Christopher Chrestophersen 13 Aar Søstersøn

(6) Einer Chrestophersen 9 Aar Søstersøn

(7) Boets gjeld Kreditor

(8)

(9) Torchel Flichie Laugverge for Enekn

(10) Martha Chrestophersdatter 18 Aar Søsterdatter

(11) Chrestopher far Chrestophersen Leerdahlen Formynder for barna

(12) Anna Pedersdatter Enken

 

Kan denne Iver ha noe med Lars Sandvig å gjøre? Iver i Sandvig var så vidt jeg kan se, 56 år gammel da han døde i 1785, f.ca. 1729.

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Døde og begravede 1783-1785, side 203.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-204

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680432.jpg

 

Enka etter Iver het Anna Pedersdatter, og Iver hadde tre søsken: Ole, Erik og Gjertrud. Sistnevnte var død, og etterlot seg barna Lars, Christopher, Einar og Martha.

 

Iver Sandvig ble konfirmert i Luster i 1745, 18 år gammel, f.ca. 1727: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=kf14261737&gardpostnr=305&personpostnr=305&merk=305#ovre.

 

Gjertrud ble konfirmert i 1756, alder ikke oppgitt. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=kf14261737&gardpostnr=305&personpostnr=305&merk=305#ovre.

 

Ole Larsen ble også konfirmert i 1756, 24 år gammel, f.ca. 1732 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=kf14261737&gardpostnr=638&personpostnr=638&merk=638#ovre.

 

Mulig denne Einer Larsen er ytterligere en sønn på Sandvig, konfirmert i 1759, 18 år gammel, f.ca. 1741.

 

 

Kan dette være dåpen en sønn av Lars Einarsen Sandvig og Martha Olsdatter: Ole, 1735:

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1735, side 6.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-6

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680234.jpg

 

Her er dåpen til Gjertrud, datter av Lars Sandvig og Martha Olsdatter - 29.10.1738. Ingebrigt Eriksen er en av fadderne:

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1738, side 11.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-11

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680239.jpg

 

Einar Larsen, døpt 28.7.1743, sønn av Lars Sandvig og Martha Olsdatter - blant fadderne finner jeg Ingebrigt Eriksen:

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1743, side 21.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-21

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680249.jpg

 

I 1701 ser det ut som det bodde fire brødre på Sandvig i Luster: Povel Einarsen, 13 år, Erich, 9 år, Einer 5 og Knud, 2 år:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=1701nba&gardpostnr=15867&merk=15867#ovre. Men Lars Einersen kan neppe være sønn av Einer, for hvis Iver Larsen Sandvig er sønnen til Lars Sandvig, må Lars selv være født omkring 1700.

 

 

Iver Larsen Sandvig og Anna Pedersdatter giftet seg 13.11.1749:

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Ekteviede 1749-1750, side 155.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-156

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680384.jpg

 

 

I januar 1758 ble Lars Iversen Sandvig gravlagt, 6 uker gammel:

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Døde og begravede 1757-1758, side 192.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-193

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680421.jpg

 

Martha Iversdatter, 1762

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1762, side 64.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-64

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680292.jpg.

 

 

Martha Iversdatter, 1764

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1764, side 67.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-67

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680295.jpg

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Jeg ser ellers at det dør en Erik Einersen av fattiglegd i Luster i 1763, 70 år gammel, født ca. 1793 - det er ikke aldersmessig så veldig langt unna Erich Einersen på Sandvig i 1701 (se ovenfor):

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Døde og begravede 1763-1764, side 195.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-196

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680424.jpg

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Jeg vil anta at Iver Larsen var sønn av Lars Einersen Sandvig, gift med Martha Olsdatter. Iver skal være tremenningen til Ingebrigt Eriksen, som er fadder ved dåpen til to av barna til Lars Einersen. Iver var gift med Anna Pedersdatter. Ingebrigt kan første ha vært gift med Martha Pedersdatter og der etter, som enkemann, gift på nytt i 1742 med Brithe Olsdatter.

 

Ingebrigt Eriksen var født omkring 1703, og det betyr at tremenningen Iver fra drøyt 20 år yngre enn ham. Lars Einersen Sandvig, far til Iver (jf. skiftet etter Iver hvor søsknene er nevnt), må være født omkring 1700 han også, og er dermed mer jevngammel med Ingebrigt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dette skiftet etter Kari Johannesdatter Sandvig finnes ei datter Brithe Olsdatter, 22 år:

 

Namn arvtakar: Kari, Johannesdtr

Gard: Sandvigen, nr.:1

Husmannsplass:

Yrke:

Skipreide: Luster

Protokoll/side: 5a-38b

Datering: 1735-1741

Dato: 10.10.1735

Eiga: 53 Dalar, 1 ort, 14 skilling

Gjeld:

Netto:

Merknad: Vanskeleg å finne gjelda

Personar i skiftet :

(1) Aamund Olssen 25 Aar Søn

(2) Niels Olssen 16 Aar Søn

(3) Ole Olssen 14 Aar Søn

(4) Marie Olsdatter 20 Aar Datter

(5) Brite Olsdatter 22 Aar Datter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessante innspel.

 

Her er mykje spennande. Eg syner til mi eigi bok, band IV av Gards- og Ættesogeserien for Luster der eg mellom anna har omtale av huslyden til Iver Larsson Sandvig:

 

Lars Einerson Sandvig (1695-1749) var gift med Martha Olsdotter Raaum (1704-1749) og fekk sju born i lag. Iver var den eldste.

 

Einer Erikson Sandvig (1660-1697) var gift med Agatha Paulsdotter Nes (1662-1740) og fekk fire søner i lag. Lars var den tredje.

 

Ole Olson Raaum (1660-1733) var gift med Gjertrud Rasmusdotter Jordanger (1679-1751) og fekk fem born i lag. Martha var det andre.

 

Då har me dei fire besteforeldri hans Iver Sandvig, og dersom Ingebrigt Erikson var tremenningen hans, må ein av dei ha vore bror eller søster av ein av besteforeldri hans. Eller, kan det tenkjast at skyldskapen var "skeiv", at Iver var tremenning til borni hans Ingebrigt, og at Ingebrigt var fetter av ein av foreldri hans Iver? Då burde det ha stått "nestssøskendebarn" i tingboki, men dei tok kanskje ikkje dette so nøye?

 

Men lat oss sjå litt på dei fire besteforeldri hans Iver:

 

* Einer Erikson Sandvig hadde minst tre (halv-)søsken, men her kan det ha vore fleire. Desse halvsøskeni var til dels mykje eldre enn Einer, og eitt av dei kan godt ha vore bestefar eller bestemor til Ingebrigt Erikson! Til dømes hadde me halvsøsteri Gunnhild Lassesdotter (1640-1725) som var gift Lars Torbjørnson Hotlen, Sandvig (1645-1722). Dei hadde ei dotter Gjertrud som levde i 1735, men som me ikkje veit noko meir om. Ho kan ha vore mor hans Ingebrigt...

 

* Agatha Paulsdotter Nes hadde sju søsken, men denne huslyden har me godt oversyn over.

 

* Ole Olson Raaum hadde tre brør, men ein av dei døydde barnlaus, so denne huslyden har me òg godt oversyn over.

 

* Gjertrud Rasmusdotter Jordanger hadde mange søsken, men denne huslyden har me diverre dårleg oversyn over. Ei søster Anna Rasmusdotter (1684-1745) er truleg ho som er nemnd i tingboki for Hafslo frå 1706: "Erik Pederson og Anne Rasmusdotter anklaget for ”begangen forfrælse” og dei vil begge ægte hverandre." Same Anna vart i 1733 (att-)gift med enkjemannen Bottolf Bottolfson på plassen Hovland under Sørheim i Luster. Borni hennar er ukjende, men Ingebrigt KAN ha vore eitt av dei...

 

So her finst det fleire mogelege løysingar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et par ved navn Ole Ingebrechsen og Karen Monsdatter fikk en sønn i 1789, Ole Ingebrech, døpt i Korskirken i Bergen Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 5 (1751-1789), Fødte og døpte 1789, side 240.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8675&idx_id=8675&uid=ny&idx_side=-244

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610404.jpg

 

Her er fadrene

Maren Olsdtr

Ide Serene Jørgensdtr

Jacob Børs (?)

Ole Thomasen

Johanis Johanesen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt spennande innlegg. Då fekk altso Ole og Karen minst ein son til, og eg kan ikkje anna enn å setja spørsmålsteikn ved alderen som er oppgjeven på Karen Monsdotter i 1801!

 

So gløymde eg å nemna:

 

Britha Olsdotter (1713-1768), frå Sandvik i Luster, har eg som gift (1738) med husmann Christen Larsson på Kvalsøyri under Kvale i Luster (1713-1790). Kjelda for denne opplysningi er eit utskifte etter Gjertrud Nilsdotter Bolstad frå 1755. So den Britha som gifte seg med Ingebrigt Erikson, må vera ei onnor...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.