Gå til innhold
Arkivverket

Kari (1848) og Lars (1853) Larson/Johnson/Venjum/Olness til Amerika 1864-1880 - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmann Johannes Larsson Venjum eller Ølnes (1819-1885) var gift to gonger:

1ste kona Sophia Eriksdotter (Dvergedal) (1830-1852)

2dre kona Ingeborg Larsdotter (Barsness) (1826-1894)

Huslyden budde på Ølnes i Sogndal til 1854, deretter på plassen Kvitli under Venjum i Hafslo.

 

Fem born voks opp, eitt frå første ekteskap og fire frå det andre:

 

* Kari Johannesdotter, fødd i Hafslo 1.11.1848, utvandra til Amerika i 1864, lagnad ukjend.

 

* Lars Johannesson, fødd i Sogndal 23.10.1853, utvandra til Amerika i 1880, lagnad ukjend.

 

* Sophia Johannesdotter (1855-1914), vart gift med landhandlar Jens Hansson Sterri i Hafslo (1859-1947) - budde i Hafslo. Dei fekk elleve born i lag; to søner utvandra til Dane Co., WI, men ingen av dei har etterkomarar.

 

* Kirstina Johannesdotter, fødd i Hafslo 16.4.1859, utvandra til Amerika med broren Lars i 1880 og gifte seg under namnet CHRISTINE LARSON i Black Earth, Dane Co., WI 18.11.1885 med enkjemannen Ole Østenson, opphavleg frå Veabrænden, Flaten søndre i Hedalen, Sør-Aurdal, i Amerika kjend som Ole O. Olson, fødd i Sør-Aurdal 10.7.1834, utvandra i 1862. Ole og Christine farma i Vermont township, Dane Co., WI, men var frå 1898 busette i Black Earth, Dane Co., WI der Ole døydde 19.9.1926. Christine Olson døydde i Cross Plains, WI 13.9.1939. Dei fekk ein son i lag som igjen fekk tre søner, men kontakt med etterkomarar har vore utan resultat!

 

* Anders Johannesson, fødd i Hafslo 14.2.1867, utvandra som snikkar til Amerika i 1895, lærte skreddaryrket og busette seg i Chicago, IL der han døydde ugift 7.3.1909 - skreiv seg for ANDREW VENJUM.

 

Etter dette står eg heilt fast med omsyn til lagnadane til Kari og Lars, so no vonar eg på at ein eller annan i Brukarforum kan komme med gode tips!

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.